Ny Musikks Kinokammer på Black Box Teater i Oslo var ei sterk oppleving, skriv Ballades meldar om dei to 360 graders film- og lydarrangementa av støymusiker og lydkunstnar Lasse Marhaug og britiske People Like Us, som jobbar med audiovisuell kollasj. -Når ein set opp to verk på same arrangement vil ein uunngåeleg sjå dei i kontekst av kvarandre. I dette tilfellet er det ei ulempe, meiner meldar Torkjell Hovland. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Ny Musikk)

Lasse Marhaug og People Like Us: Dystopisk støyfilm frå Groruddalen og eit draumebad i kinokjensler

Ny Musikk inviterte førre veke til «kinokammer»; eit 360-graders lyd- og videoformat som multikunstnarane Lasse Marhaug og People Like Us utnytta på to vidt forskjellige måtar. Det er ubehageleg, det er overveldande og det er fascinerande smart.

Kalender

People Like Us / Lasse Marhaug
KinoKammer
Premiere, onsdag 13. oktober 2021
Black Box Teater, Oslo

Lasse Marhaug sin film For My Abandoned Left Eye skulle opne kvelden. Allereie før filmen var i gong, var det mykje å ta inn. Publikum vart plassert slik at ein kunne observere både film, lyd og kvarandre. Det skulle vise seg at mot slutten av kvelden skulle alle vi, framande for kvarandre i utgangspunktet, kjenne på eit sterkt fellesskap.

Når vi går inn i kinomørkret, er det som å samlast rundt eit bål. Flammane, bileta som flimrar på skjermen synkroniserast med lyden vi høyrer. Lyden av ei platespelarstift som treff gråstein. I alle fall er det assosiasjonen til bileta vi ser. Marhaug har teke med seg kamera tidlege morgonar rundt omkring til dystopiske lokasjonar. Det er for det meste svart/kvitt og regntungt.

Publikum under Kinokammer-visninga på Black Box Teater. – Når vi går inn i kinomørkret, er det som å samlast rundt eit bål. (….) Ein har moglegheit til å gjere sterke inntrykk med eit slikt format, kunstnaren har nærmast full tilgang til publikum sitt sanseapparat, skriv Ballades meldar. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NyMusikk)

Vi som tilskodarar får moglegheit, vi blir faktisk tvinga, til å skifte fokus sjølve i eit slikt rom, og det går heile tida føre seg ein skapande prosess i hjernen vår. Detaljar som det uperfekte panorama-biletet som oppstår i det overgangane mellom dei ulike projektorane ikkje er heilt på linje, blir utgangspunkt for tankevandringar langt utanfor lerretet.

Marhaug sitt verk er ubehageleg å vere i. Det kjennest klaustrofobisk når vi blir omkransa av våte grotteveggar til eit støylandskap. På eit tidspunkt blinkar det, eg blir nesten kvalm. Ein har moglegheit til å gjere sterke inntrykk med eit slikt format, kunstnaren har nærmast full tilgang til publikum sitt sanseapparat.

Då er det litt synd at eg opplever at Marhaug har stoppa litt tidleg i idé-prosessen. Ikkje alle delar av Marhaug sin film er like interessante. Det er noko litt banalt med dei alarmerande lydane til bileta av varseltrekantar i eit dunkelt kommunalt anlegg under bakken. For My Abandoned Left Eye er best når ubehaget er abstrakt og tvitydig.

Etter ei god pause får vi nullstilt oss. Nesten, i alle fall. No går vi inn i Kinokammeret på nytt, og lerreta er fylde med flimrande stearinlys. Bak kunstnarnamnet People Like Us finn vi britiske Vicki Bennett. Ho er multimediakunstnar som har jobba med lydkollasjar eller kollasjar av bilete i rørsle sidan 1992.

 

Britiske Vicki Bennett, aka People Like Us, fascinerte publikum under Kinokammer-visninga. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NyMusikk)

Ho har gått ein heilt annan veg enn Marhaug når det gjeld å utnytte formatet Kinokammer. Når ein set opp to verk på same arrangement vil ein uunngåeleg sjå dei i kontekst av kvarandre. I dette tilfellet er det ei ulempe. Det er for stor avstand mellom uttrykka denne kvelden. På mange måtar – People Like Us er nemleg langt mykje meir teknisk avansert, gjennomarbeidd på ein heilt annan måte enn Marhaug sitt. Samtidig trur eg ikkje eg hadde tenkt over denne dimensjonen ved Marhaug sitt verk i det heile, om eg hadde opplevd hans verk isolert ein annan kveld.

Eit bad i nostalgiske kinokjensler
Det finst nokre ikoniske lydlogoar. For meg er det for eksempel anslaget på The Beach Boys sin «Good Vibrations». Eg kan høyre dei 20 første sekunda omatt og omatt, berre for å kjenne på kriblinga lydane vekkjer i meg. Det kan vere opninga av Star Wars-filmane, eller til og med studiologoane i forkant av filmen, spesielt dei frå nittitalet. Eg kan loope den deilige IMAX-lyden.

Og det er desse popkulturelle lydknaggane som er instrumentet til Vicki Bennett.

Det var ein kollasj sett saman av konsentrat av denne opplevinga.

I Gone, Beyond Gone fyller Bennett rommet med kinokjensle. Eller kinokjensler, i fleirtal, slengt ut i mengder. Vi snakkar feite Hollywoodkjensler som Sound of Music og Apokalypse nå – oppå kvarandre. Det ligg ei enorm kraft i formatet, men også i dei ikoniske verka, augeblikka, lydane, bileta som blir sampla. Når ein då i tillegg legg til at dei som komponerte filmmusikken også har brukt konsentrat av ikoniske akkordar, vendingar, melodiar og plukka det mest intense frå musikkhistoria si emosjonelle verktykasse og kinematografar, regissørar og kostymedesignarar har plukka frå biletkunst, forteljarkunst, kulturar og tradisjonar – ja, då er ein i kontakt med nokon grunnleggande eksistensielle kjensler. Det er overveldande.

Og midt i alt dette, midt iblant bileta og lyden, sat vi og lét oss forføre inn i ein hypnotisk drøymeaktig tilstand.

Ja, litt slik ein kan oppleve i kinosalen på dei beste filmane – at ein for nokre timar blir transportert ut av vår verd og inn i ei anna. Det var berre det at Gone, Beyond Gone gav oss den same opplevinga utan at det var ei verd eller ei forteljing. Det var ein kollasj sett saman av konsentrat av denne opplevinga.

People Like Us kler ikoniske låtar i ny emosjonell kontekst. (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NyMusikk)

Bennett var innom spionfilm-spenninga, klissete romantikk, krig og mørk magi. Bennett hypnotiserte oss inn, og andre tider kasta ho oss brått utfor ein foss, ut i inkje.

Det meste av musikken som vart brukt i Gone Beyond Gone, er å finne på plata People Like Us gav ut i 2018, The Mirror. Lyttar ein til lydkollasjen, blir ein tvinga til å føle på alle desse kjenslene. Men Bennett sine kollasjar er også sylskarpe musikalske refleksjonar. Ho kler ikoniske låtar i ny emosjonell kontekst. I «Do you see what I hear» (frå The Mirror) hintar ho Judy Collins sin «Both Sides Now» inn via nokre sekund med Diana Ross og «Upside Down» på ein måte som blir meir og meir fascinerande smart for kvar gong eg høyrer det. Eg berre nemner det, som Are Kalvø ville sagt.

Når eg går ut frå kinokammeret har eg ei euforisk kjensle, gliset på vidt gap. Eg trur eg må konkludere med at Gone, Beyond Gone hadde ein nostalgisk, men optimistisk grunntone. Det er eit eller anna veldig absurd, men riktig i at dei ute i baren etter førestillinga spelar Groove Armada. Berre i eit rom fylt av optimisme, kan det kjennast heilt rett å spele Groove Armada.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev

Previous Next
Close
Test Caption
Test Description goes like this