Vossa Jazz søkjer ny Festivalsjef!
Vossa Jazz er ein av Noregs viktigaste jazzfestivalar og skipa til den 52. festivalen i 2025. Me planlegg for 50 år til med ein kvalitetsfestival som er møteplass for nyskaping og tradisjonar – på tvers av generasjonar.
Den musikalske profilen vår femner om jazz, folkemusikk og verdsmusikk. Velkomen til Voss og Vossa Jazz – bygda og festivalen med kvalitet og glimt i auga!
Vossa Jazz vert gjennomført over tre dagar i palmehelga kvart år, og meir enn 200 frivillige er med å lage festival. Det er likevel oppgåver som må gjerast gjennom heile året, og festivalen er avhengig av ein stødig administrasjon. Den faste staben i Vossa Jazz utgjer 1,8 årsverk. Festivalsjefen er dagleg leiar og kunstnarleg ansvarleg.
Då vår daglege leiar, Roger Urhaug, no har valt å seie opp si stilling, søkjer me etter ein person som :
- brenn for å levera god kultur
- har gode samarbeidsevner
- er sjølvstendig og systematisk
- har gode kommunikasjonsevner (både munnleg og skriftleg)
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å planleggje og gjennomføre den årlege festivalen. Det betyr og at hen har eit ansvar for at det vert gjennomført ei rekkje oppgåver gjennom året. Det er svært viktig med gode leiareigenskapar og -erfaring. Av oppgåvene nemner me:
Programmering i tråd med den musikalske profilen med nyskaping og høgt kunstnarleg nivå. Til støtte i dette arbeidet er det etablert ei programnemd der Festivalsjefen er leiar.
Arbeid med finansiering av festivalen er ei viktig arbeidsoppgåve for festivalsjefen. Her inngår mellom anna søknadsarbeid og samarbeid med sponsorar (både større aktørar og lokalt næringsliv).
Dei frivillige medarbeidarane er den viktigaste ressursen Vossa Jazz har. I tillegg til dei som bidreg under festivalen, har Vossa Jazz 15-20 sentrale frivillige i eit festivalråd. Det er avgjerande at festivalens faste stab støtter og samarbeider godt med rådet.
Festivalsjefstillinga er ei 100% stilling på åremål på fire år pluss to år.
- Løn etter avtale.
- Vossa Jazz har gode pensjonsordningar.
- Arbeidsstad er Voss.
Søknadsfrist 4. juni 2025.
Send søknad og CV til post@vossajazz.no.
Har du spørsmål ta kontakt med tilsjetjingskommiteen ved
Nils Erik Auth på mobil 46905937 eller dagleg leiar
Roger Urhaug på mobil 91667587