Eg vaks opp i ei tid der A-klasse utøvarane på hardingfele kunne seie i introduksjonen sin på kappleik; eg skal prøve å spele denne slåtten.
Det tok meg mange år å forstå kva denne frasa romma, og eg saknar den. Den vitnar om ein kunstnarisk råskap, enorm grunnkunne og kreativitet i augeblikket.
Kvar einaste slått er ei verd. Korleis den blir akkurat no, veit du ikkje før etterpå. Du hentar fram noko etter dagsform, referansar, formkunne, formidlingssituasjon. Etter kven som er i rommet, og evne. Framføringa tilfører noko nytt inn i heilskapen, i stadig endring. Ein heilskap som vært større og mindre alt etter kven som bær verdene i eit mangfald av kunstnariske naturar. Dette er tilstanden eg opplever Håkon Høgemo er i som utøvar, lærar og lyttar.

Her er Håkon Høgemo avbilda saman med piano-nestor Liv Glaser, professor, mangeårig klaverpedagog ved Norges musikkhøgskole (NMH) og ein av Noregs aller fremste pianister. (Foto: Brian Cliff Olfuin/NMH)
Fyrste gongen eg opplevde Håkon Høgemo på ekte var på Fjelli i 1989. Han hadde akkurat gjett ut ein kassett med solo hardingfele. I forkant av konserten hadde vi møte i Hornindal spelemannslag om kven i laget som var gode nok til å melde seg på kurset Håkon heldt før konserten. Eg var ikkje god nok, men foreldra mine tok meg med på konserten. Og eg spelte til dans saman med laget, og dansa etterpå.
Det var høgtid å få Håkon til nærområdet. Eg hugsar at vi strakk oss på dansespelet grunna han. Då var han 23 år. Seinare observerte eg han som lærar ved Mokurset, eit sommarkurs i folkemusikk for barn og unge i Sogn og Fjordane, og ved ulike kappleikar. Han var frå tidleg av ei legende i musikkmiljøa eg var del av.
Det var difor ekstra stort for meg på seint 90-tall å få turnere saman med han og UTLA, og få musisere saman med han. Det var noko eg ikkje hadde turt å drøyme om. For meg var det som å spele med Elvis. Gjennom desse turneane fekk eg sakte bli kjent med Håkon som menneske og som kunstnar/folkemusikar. Men verkeleg kjent med han vart eg ikkje før no siste åra, i mi rolle som leiar av folkemusikkstudia ved NMH. Dei verdene og refleksjonane han delar i arbeidskvardagen vår, ynskjer eg fleire skal få ta del i.
Denne teksten er ei samanfatning av ei samtale på 50 minutt, og nokre sitat av personar som kjenner Håkon frå ulike roller. Når Håkon og eg snakkar, er der raske skift i tema og persongalleri. Teksten er ikkje direkte transkripsjon, men organisert i tema.
Vi kjem diverre ikkje innom alle tema som Håkon deler i kvardagen, som; forskjellen mellom russisk, tysk og francobelgisk bogegrep, kvifor han opplever at folkemusikarar ofte ligg midt mellom alle desse retningane, og kvifor det er slik.
Eller, alle slektslinjer som kan forklare det meste, og korleis marknadar, yrker, vegsamband og så vidare har og framleis formar tradisjonane våre. Dette er kun ei samtale, ikkje alle samtalene.
Når Håkon Høgemo snakkar om slåttespelet, så er det ikkje ein slått eller ei hending. Kvart punkt er mange liv, der linjer møtest, skiljast, endrar seg, utviklar seg.
Her er Håkon i direkte tale.

Ein spelemann i tradisjonelt format, alltid i vandring. (Foto: David Engmo/NMH)
–Du veit, eg tenkjer på meg sjølv kun som ein vanleg spelemann. Det er jo det eg er.
Håkon Høgemo, Oslo 20. juni 2024.
Det er berre so enkelt at eg hadde den drivkrafta at eg ville bli så god te å spele som det eg hadde evne for å få fram, ifrå eg var gutonge. Eg ville bli så god som eg kunne, for min eigen del. Når eg høyrer studentar klage over at dei ikkje har tid til å øve; eg arbeidde 8 timar for dagen på verket i Årdal som elektrikar, og likevel øvde eg 4 til 5 timar for dagen. Når ég fekk tid til det, så har jo dei tid til å øve so mange timar dei og. Og då snakkar vi øving, ikkje speling. Eg øvde og øvde og øvde. Det var jo voldsomt mykje teknikk då veit du.
Læra. Lars Skjervheim var den fødde lærar. Han var enormt raus og snill når det gjaldt musikk. Han budde i Årdal frå 1968, og arbeidde på Kleiven som forskaling-snekkar.
Kvar søndag kom han fram til familien min og lærte meg utan betaling. Var annleis i den tida, men han ville så gjerne at eg skulle lære. Slik var det heile livet.
Han flytte til Skjervheim i Myrkdalen i 1982. Seinare når eg fekk meg bil, så var det jo dit eg reiste om sommaren, og fekk lære og lytte meir.
Vanlegvis så spelte han heile slåtten fyrst, så tok vi til på fyrste veket, alt etter oppbygning og form. Lars var voldsom flink til å dele opp. Han kunne dele opp i takt for takt, eller ned til taktslag for taktslag. Vi sat fele til fele, og repeterte til vi hadde det.
Det som er mest vanleg, slik vi vanlegvis delar og tenkjer det, så heng to og to takter saman. Det er liksom dei minste frasane. Klart at nokon av hardingfeleslåttane har jo enkelttakter, men dei vil nesten alltid henge saman med noko anna. Elles blir det for oppstykkja, og det har eg aldri likt. Eg vil at musikken skal være som eit språk på ein måte. Ein må finne logikken som ligge der. Om det er 1, 2, 3, 4 eller 5 takter ein jobbar med har ikkje noko å seie, men ein må finne logikken som ligge der.
Lars var nøye på ein del detaljar. Korleis du kunne gjere trillar, slag og slikt. Han hadde ei klar formeining om korleis det skulle være, han var nøktern. På Vestlandet har det jo vore mindre bruk av slike ting enn enkelte brukar på kappleik i dag. Lars brukte ofte ordet «foredrag». Det ordet kan romme mykje. All musikk er jo ei slags forteljing, og det var nok det han var interessert i. Han var grueleg god til å deklamere dikt, og god til å spele songar.
Han hadde ei slik enorm kraft i spelet sitt, og eit fenomenalt strøk. Han kunne bruke heile bogen og gjere kva som helst. Og han la aldri skjul på kven som var hans store idol, og det var konsertspelemann Lorentz Hop.
Lars hadde høyrt han mykje på konsertar då han var ung. Men når det gjaldt slåttar, så var det jo fyrst og fremst Sjur Helgeland og tilbake til gamle Hagen og den stilen der. Lars vart verdsett av spelmiljøet, spesielt etter at han vart godt oppi åra. Trur alle forstod at han var noko heilt spesielt.
Eg har nok ikkje meir evne enn andre til å kjenne igjen gode slåtteformer, men eg har lært så mange gode slåttar. Særleg frå Lars. Smak og behag er jo subjektive ting, men eg trur at om du fyrst lærer gode ting, så drar du det med deg inn i alle ting du gjer. Det er viktig å ha gode førebilete. Musikk handlar jo om proporsjonar, om mengde. Om å repetere akkurat passeleg, ikkje for lite og ikkje for mykje.

Høgemo under framføringa av Steve Reich sitt verk Music for 18 musicians, i Vaterlandspassasjen. I anledning festivalen Lyden av NMH i 2017. I midten er songar og felespelar Selma French, og på venstre flanke en førebels ukjend felespelar. Til høgre for Høgemo kan du skimte eit T-banekart. (Foto: David Engmo/NMH)
Kva som er ei god form er det ulike svar på, og folk er ikkje einige. Fleire av dei såkalla gode slåtteformene er prega av konsert og kappleiksspelet. Difor vil det som er heimespel-, eller familietradisjonar for min del, ofte dette gjennom i slike samanhengar. Eg har kanskje ikkje brukt omgrepet heimespel sjølv, men det er jo det spelet vi brukte i spelemannslaget i Årdal. Årdal er jo fyrst og fremst Eldegard-tradisjonen, men der var jo fleire, som Moabakken. Han hadde lært av Sjur Eldegard, også Sandnesane som kom utafrå Strendene. Dei var frykteleg gode spelemenn. Til og med i Årdal så hadde vi fleire former på same slåtten.
Men i laget spelte vi nokså likt, den vi lærte mest av der var Torolf Eldegard. Stort sett var det ikkje så stor forskjell om vi spelte som lag eller åleine. Men kanskje Lars Skjervheim sette litt preg på laget, for han var rekna som så god spelemann. Så om Lars gjorde noko som var litt annleis, så tykte Torolf det var finare enn det han spelte sjølv, og endra. Så laget vart nok litt farga av han Lars.
Men dette er jo ein kjempesterk tradisjon. Han Torolf hadde jo spelet etter faren Sigurd Eldegard, og han etter sin farfar igjen Sjur Eldegard, og han igjen hadde lært med Ola Søyne i Vang i Valdres. Og det er jo tilbake til Knut Nordland og Lars Krøsshaug. Så det er jo mykje av dei same slåttane som dei spelar i Øystre Slidre, og der budde jo sonen til Lars Krøsshaug.

Sjur Eldegard. (Foto: Arne Bjørndal/UiB)
Han var fødd i 1785. Og Sjur var fødd i 1834, så han hadde ikkje opplevd Krøsshaug, men han hadde lært av Ola Strond, eller Søynen som dei kalla han. Han budde vel på garden Søyne. Så på ein måte er det ikkje Vestlandsspel, det kjem jo frå Valdres. Det er gamle variantar, enkelt, rett på sak, det er ikkje dei store ideane om at det skal være kunst. Men det kan jo likevel være frykteleg godt spel. Eg har alltid prøvt å bruke heimespelet som konsertspel. Siste åra på kappleik så prøvde eg å få det inn der og.
For meg så er grunn-tingen, at det er musikk som skal få folk til å danse. Eg er ikkje nokon dansar, men det må jo være kjekkare å danse etter god musikk. Musikk som har meir enn berre tramping for å setje det på spissen. Lars var ein god dansar, særleg rull. Han var voldsomt nøye på at dansemusikken ikkje skulle være for primitiv, eller simpelt dansespel som han kunne seie. Der er mykje som kan fungere til dans, men det skulle være noko meir, det skulle ha foredrag.
Kvifor lete det slik det gjere? Eg har jo sjølvsagt spelt andre ting. Eg spelte klassisk på lavt nivå, men når eg spelte fiolin så var det berre snakk om å lese notar og spele det som sto der. Det var jo greitt nok, men det er jo slåttespelet fyrst og fremst som er heilt inne i det der. Er der eg finn alle dei ideane som du kan bruke til mange ting. Som til band og slikt, som eg har gjort med Karl Seglem og UTLA og slikt.
Den beste forklaringa av det, det fekk eg av Jorunn Eldegard, dotter hass Torolf i Eldegarden; Dette er slik musikk som du kjenner i kroppen. Og det har eg alltid tykt, du kjenner det reint fysisk. Mykje meir enn i anna musikk, jaja, no har vi jo akkurat høyrt på Janis Joplin. Og det har jo litt av det same – Ja. Det gjere du jo eigentleg med all god musikk, men der er noko heilt ekstra med slåttespelet. Det er den der enkle forma for harmonikk som finst. Som eg har prøvd å finne utav i alle desse åra, og som eg har funne ut meir om no i arbeid med Kjell Tore Innervik og Craftmanship.
Men dei som har lært meg mest om akkurat det der er nok Tom Karlsrud og Einar Mjølsnes. Å alltid spørje seg; Kvifor lete det slik det gjere. Det er ein grunn til at ting let slik dei gjer. Det er ikkje noko magi, det handlar om fysiske ting. Den krafta som ligg i det enkle, om du brukar det. For om du kuttar ut det, og berre tenkjer melodi, eller opp og ned på skala, så blir det for enkelt. Du får ikkje den følelsen at ting blir snudd på hovudet som det gjer av nye harmoniar.
Eg kan ikkje seie eg saknar noke når eg høyrer på andre. Men eg tenkjer jo nesten alltid at eg ville jo gjort det på ein litt annan måte. Det er på ein måte det som går på det med bruk av kveletak og dobbeltgrep. Det er den enkle forma for harmonisering, og den tenkjer eg er system som gjer at du gjenkjenner og får musikk som du kjenner i kroppen. Det er det eg har lært, så har eg jo plukka mykje frå Lars Skjervheim og Sjur Hesjevoll. Og ein god del frå opptaka med Sigurd Eldegard, Torolf spelte og slik. Det er det som på rockespråket heiter powerchords. Du kjem langt med 4-5 akkordar. Dei som har glede med å spele, dei som greier å sjå det store i det småe. Det gjer meg verkeleg glad i folkemusikken og felespelet.
Læremeistrane mine var heilt konsekvente på det dei spelte, men dei hadde ikkje ord på det med akkordar og strøkfigurar. Eg tok til å jobbe med det som gutonge, men eg hadde ikkje nok interesse for teori akkurat då. Eg burde jo hatt det, for eg har jo ein far som er god på teori, og spelar fele og trekkspel. Lars Skjervheim var fantastisk felespelar, men han kunne ikkje forklare teorien, men han kunne det jo likevel. Han hadde det i seg, og fulgte det intuitivt. Han laga mange kjempegode slåttar, og var voldsomt prega av det der. Og kanskje ga det han eit friare syn på kva musikk kunne være, enn eg har. Teori må du kunne, men det er jo musikken som er viktigast.
Sjølvsagt er der fleire måtar å spele desse slåttane på. Men når eg tok til å oppdage kor nær beslekta desse tradisjonane er; Eg er jo frå indre Sogn, og det området der er jo del av same tradisjonsområde som Valdres og Hallingdal. Og dei brukar heilt klart desse tinga. Og du finn det igjen i Telemark.
Det er jo desse tinga eg alltid har vore så fasinert over med Eivind Groven. For meg så er det det aller største. Ikkje berre når det gjeld å lage nye ting, men måten Groven spelte dei gamle slåttane på. Eg møtte han aldri, men han laga nye ting som er heilt unike, som har noko nedarva i seg. Dei har i seg noko gamalt, men det er ikkje alltid like lett å setje fingeren på, for han tok det så langt ut. Groven hadde forstått alle dei der strøkfigurane, og på ein måte dei der enkle harmoniane.
Men han flytte det mykje meir og brukte meir moduleringar og slikt som vi ikkje vanlegvis gjer i folkemusikken. Han laga så heilt spesielle ting, og han hadde evne til å gjere det. Groven laga og heilt alminnelege slåttar, heilt frå han var gutonge, og det er jo det som er så fasinerande, slik som «I åkeren». Den trur eg han laga berre 7-8 år gamal og det er jo ein skikkeleg god slått som kan måle seg med kva som helst. Så han er det heilt store idolet for meg, for den sida av spelet, men sjølvsagt har eg jo høyrt mange grådig gode hardingfelespelarar som spelar på heilt andre måtar. Eg er jo ikkje i nærleiken slik, eg greier å lage vanlege slåttar. Det kan eg gjera.

Sivert Holmen. Her med dansekunstnar Silje Onstad Hålien i samband med forestillinga Ome. (Foto: Knut Utler)
«Håkon ser og høyrer ting i slåttemusikken som veldig få andre gjer. Han har den djupe kjærleiken til hardingfelespelet, det er det mange som har, men Håkon har det sterkt og tydeleg. Han har ein litt rar kjærleik, fordi han er så opptatt av det enkle. Han kan være oppglødd over at han har funne ein slått i hardingfeleverket som er superenkel, som kven som helst ville oversett. Veldig mange ville lett etter ei større form, tenkt den her kan eg, den er enkel, den kan eg arrangere, den kan passe til samspel. Men Håkon har kjærleik til dei enkle slåttane, dei som representerar urspråket. Han har eit ynskje om at fleire skal sjå det som han ser. Høyre det som han høyrer. Ein varme. Han er utruleg dedikert.
Det er openbart at veldig mange hardingfelespelarar ikkje tenkjer som Håkon. At dei ikkje ser og høyrer dei same tinga. Men det er noko utruleg vakkert ved å ha evna til å sjå den store musikken i det enkle.
Ein kan bli litt irritert på Håkon, når han seier; dette er så enkelt. Dette er neandertalerakkordar. Og det er det kanskje, men likevel er det så fint på eit vis. Håkon tar ingen snarveg, der finst ingen snarveg for Håkon når det kjem til spel. Han har utruleg sterke meiningar om korleis ein kan spele. Det er eg så utruleg takknemleg for. Fordi blant mange hardingfelespelarar så er der jo ei oppfatning, og slik er det jo i mange musikksjangrar, at den naturbegava er det vi dyrkar. Det upolerte, det uskolerte, det råe. Og Håkon har mange av dei kvalitetane, men ein skal ikkje slurve. Ein skal gjere ting skikkeleg. Som stemming, der er Håkon eit petimeter. Han stemmer nøyaktig men han stemmer effektivt. Det er noko han har innprenta i meg, og hos veldig mange andre som har gått hos han. Det høyrest så banalt ut, men det er yrkesstoltheit.»
– Sivert Holmen, hardingfelespelar og dansar.
Der alt stemte. Det er ikkje mange gongar. Eine gongen var på kappleik i Trysil i 1989. Var nesten som eg sat og høyrde på meg sjølv. Ein merkeleg følelse. Då var eg berre 24 år og i storform. Den dagen stemte alt. Ein annan gong var i 2009 då eg opna ei utstilling med Sjur Hesjevoll.
Beundra han voldsomt som spelemann. Hadde vore på ferie med Marit og ungane. Eg berre skifta strengar på fela, det handlar jo om inspirasjon, at du har lysst å spele. Eg tenkte; no skal eg berre spele så godt eg greier. Og eg spelte på ei Anders Aasen 1979. Den har eg hatt heilt frå ho var ny.
Då er det som slåtten blir til mens du spelar, er ikkje planlagt noko slag. Det er sjeldan det blir slik. Eg er sikkert for kalkulert, men nokon gongar har det blitt bra.

Ole-Henrik Moe. Her med picolettofiolinen – verdas minste strengeinstrument – og rett atmed, Guro Skumsnes Moe med verdas største strengeinstrument, oktobassen. (Foto: Henrik Beck/Ny musikk)
«Eg høyrde Håkon i Sogndal i 1987, og det var landskappleik. Då spelte han i A-klassen. Hugsar han var meir vár, timid, eller meir beskjeden enn alle andre. Han hadde meir introvert spel, som gjorde at eg tenkte at dette må eg gå inntil. Så vart det grønt kring meg. Inne i mi sjel og kropp. Alt vart grønt, i motsetning til hardingfelespel som stort sett er oransje. Eg har akkurat same synsfornemming som Eivind Groven hadde. Han oppfatta og hardingfelespel som oransje. Men akkurat der vart det grønt. Det fekk meg til å tenkje. Men for meg handla det kanskje om det introverte som er meir oppmodande, det er på eit vis ikkje den vanlege ekstroverte stilen som er meir; kom og høyr på meg. Han inviterte, og du måtte fokusere og lytte. Og så var der ein Sognakveld som var etterpå der han var vikar for Jostein Fjærestad. Då spelte han huldretonar frå Sletterust. Og dei tonane er veldig oransje inne i mitt hovud, men dei klarte han óg å få til å bli grøne. Sjølv om dei gjekk på huldrestille. Det var veldig fasinerande.»
– Ole Henrik Moe, komponist, hardingfelespelar og fiolinist.
Instrumentkunna, handverket. Alle instrument har sin særeigenheit, eg prøvar å få fram det gode i kvart instrument.
Eg har ei voldsom instrumentinteresse, som for eit stykke handverk og kunst. Dei beste felene er jo reine kunstverk, og fyrsteklasses arbeidsreiskap.
Far har jo bygt feler, og eg har fått vore med på det arbeidet sidan eg var 16 år. Det gjere jo noko. Heime i Årdal så var der fleire som bygde instrument og var felemakarar. Eit anna instrument som eg har er laga av Oddvar Rauboti i 1974, som eg kjøpte i 1977. Den hardingfela har vore med heile tida. Han lærte av Håvard Kvandal. Igjen, det er den interessa; kvifor lete det slik det gjere.
Slik er det jo med feler og. Og sjølvsagt måten dei blir spelt på. Er mange måtar ei fele kan være god på. Eg har kanskje og tatt litt feil når det gjelde fele oppgjennom, eg har jo villa hatt feler med mykje motstand og slik. Men etterkvart som eg er blitt eldre, så har eg tatt til å setje pris på feler som svarar mykje lettare. Har mjukare klang, meir innbydande, ikkje så mykje overtonar, og som er lettare å få til. Det skapar jo ulike musikalske spenningar alt etter kva instrument du speler på. Men eg prøver alltid å få det beste utifrå kvart instrument, og du forandrar deg etter instrument. Eg har blitt inspirert av ulike samspel gjennom livet som med Einar Mjølsnes, Judith Vestreim, Karl Seglem, Sigrid Moldestad og fleire. Eg lærer av alle, og alle har litt ulike innfallsvinklar.
«Dextra Musica eier en av verdens fineste samlinger av strykeinstrumenter, noe som har gitt meg den store gleden av å få oppleve noen av verdens fremste utøvere i møtet med noen av verdens fremste instrumenter verden rundt. Jeg har også fått reise land og strand rundt sammen med Håkon på hardingfelejakt. Det er noe eget ved å oppleve en musiker prøve et instrument for første gang. Det å oppleve Håkon ta opp et instrument og gi det liv, er noe av det jeg har satt aller størst pris på å få oppleve. Og ikke bare gi instrumentet liv, men å gi det sin karakter, fra første strøk. Det er en gave som er få forunt. Tri fjordar ble nok nærmere førti fjordar på våre besøk. Og i tillegg til spillet har jeg nok lært mer om norske spelemenn og makere enn noen kunne ha lært meg. En gave jeg tar med meg videre.»
– Eline Melgalvis, rådgiver, kunst og kultur, Dextra Musica.
Folk har alltid stilt der instrumenta lete. Ein grunn er jo at instrumenta er feil rigga, så dei treng meir press. Så det er jo slik. Mange av dei eldre hardingfelene er jo mindre, til mindre til høgare kan du jo stille. Eg har aldri stilt høgare enn c.
Å undervise ved NMH. Eg tok til å undervise ved Norges musikkhøgskole i 2000. Der var ein annan som fyrst var spurt, men den personen takka nei. Eg fekk eit tilbod av Sven Nyhus som leia studiet då. Eg var stad og hadde ei prøveundervisning, eller eit forum, der eg spelte og snakka for heile folkemusikkstudiet både studentar og lærarar. Etter det, ville Sven at eg skulle være der. Eg berre spelte, snakka, og var meg sjølv.
Han Sven spurte meg om det med udelt rytme og springartakt. Eg har jo spelt mykje til dans og er veldig interessert i springar og dei gode danseslåttane. Eg sa at det kan jo være litt ulikt nivå på tradisjonell overlevering. Hugsar studentane vart sjokkert, men han Sven likte at eg sa det slik som eg meinte det. Han var jo heilt open, og han visste at det var litt sant i det.
Ein kjem alltid tilbake til at ein bør ha eit intellektuelt forhold til det ein driv med.

Håkon Høgemo er i dag førsteamanuensis ved Norges musikkhøgskole (NMH). (Foto: Kim Saatvedt/NMH)
Eg var timelærar i 10 år på eittårskontrakter. På det meste arbeidde eg 42%. Så i 2010 fekk eg fast jobb på 15%. Det hadde eg til 2013 då eg fekk 50% fast. Og då fekk eg jo FoU, det var stas. Er denne jobben eg har hatt lengst. No høyre eg til der, men det tok litt tid. Då eg fekk fast jobb, då kjende eg meg meir sidestilt med alle andre, så enkelt er det. At der var plass til meg, og at eg høyrer til.
For meg er det heilt fantastisk å jobbe ved NMH. Å få ha studentar som er interessert i desse tinga, eg kan ikkje tenkje meg noko flottare jobb. Er ikkje det at eg trur at det eg sit på er så unikt, men det er jo voldsomt kjekt at nokon er interessert i det du sjølv er interessert i. Og at nokon vil lære det som eg har brukt nesten heile livet mitt på. Eg er ikkje nokon guru, men det er den meisterlæretradisjonen vi drive med, som for meg er viktig at det er nokon som forsetje med. Det er grunnen til at vi har hatt så mange gode folkemusikarar i Norge gjennom tidene. At dei som har lært vekk, har vorte tatt vare på og respektert. Og det må dei bli i framtida og.
Men det er ikkje alt du kan lære slik, som å spele til dans. Det er noko du må ut og gjere praktisk og fysisk for å få til. Men det å ha gode lærarar, er det som er viktig for at denne kulturen skal utvikle seg. Den skal jo alltid gå litt vidare. Det betyr ikkje dei store stega, men av den krype litt vidare heile tida på eit vis.

Kjell Tore Innervik, medtilsett på NMH, og Håkon Høgemo i slåttevandring på Operataket, under Lyden av Musikkhøgskolen i 2017. (Foto: David Engmo/NMH)
Men der er nokre motar som eg ikkje greier. Det som er simpelt, som nokre bogeføringar som desse voldsomme nedstrøka. Det tykkje eg er primitivt. Det er unødvendig. Du mistar all musisering innan to og to takter, fraseringa. Men eg har voldsomt store forhåpningar, at dei komande generasjonane skal ta det mykje lengre enn min generasjon. Ein ting er jo at for min generasjon så var det jo heilt utenkjeleg at ein kunne ha det som eit yrke. Så difor er jo eg elektromontør, automatikar, og agronomutdanna. Ein kunne ikkje tenkje på at du kunne drive med folkemusikken slik. Du var berre i eit miljø. Slik har jo desse som har teke ei utdanning i dag ein kjempefordel. Dei kan leve av det, og slik arbeide så mykje dei vil med det. Dei får eit lengre arbeidsliv i musikken, og der er jo frykteleg mange gode i dag, det må eg seie.
NMH har forandra meg. Eg tok høgkulepedagogikk, det lærte eg grådig mykje av. Eg trur at eg er blitt ein mildare lærar med åra. No spelar eg med tidlegare studentar, og dei seier dei opplevde meg som ein ganske streng lærar då dei hadde meg for 20 år sidan. Og det var eg nok. Eg var så nøye på at dei skulle lære slik eg har oppfatta at det har vore gjort tidlegare. Det er jo dei kvalitetene som vi drege med oss som er faktisk det viktigaste med slåttespelet. At vi teke vare på dei kvalitetane.

Ein stativbærande arbeider, ein gapskrattande Wolfgang Plagge og ein Håkon Høgemo gjer seg klare, i det som ser ut som ein bakscene. (Foto: Paal Audestad/NMH)
Gjennom åra har eg fått samarbeide med fleire lærarar på andre linjer. Aller mest med Kjell Tore Innervik gjennom Craftmanship, det var jo heilt fantastisk. Men det samarbeidet tok til før det prosjektet. Han kom liksom berre bort og sa han hadde høyrt på plata mi, og lurte på om eg kunne synt han litt meir om kva dette slåttespelet var for noko. Kjell Tore har gitt meg mykje. Han er utruleg raus og vil berre dele av sin kunnskap.
Det håpar eg han og eg har til felles, ikkje berre at vi begge er født 4/4. Vi vil rett og slett dele. Han har jo vore med og revitalisert tamburtradisjonen. Eg trur nesten at alle på slagverk må innom og lære slåttetrommerepetoaret etter Sundvor og alt det der. Det er jo fantastisk. Slik burde det jo være på stryk og. Alle som går på fiolin burde jo og kunne spele norsk folkemusikk, ærleg talt. Det meinte jo til og med Ole Bull for lenge sidan. Kanskje ikkje berre fiolin, men alle som studerar ved NMH. Vi har jo innføringskurset i norsk folkemusikk for alle på fyrste år, men det er jo berre ein pitteliten smakebit.
I det heile så har det å arbeide ved NMH gjort at eg óg har mykje meir lysst å lære meir om all musikk. Det har det. Så eg har forandra meg. Eg opplever å bli tatt på alvor. Som når Are Sandbakken kjem og spør om råd om ting han drive med. Der er mindre interesse frå jazz, men det er kanskje naturleg.

Kjell Tore Innervik og Håkon Høgemo i konsert under Ljøsblått, folkemusikkfestivalen som kvart år arrangerast av studentane på NMH. (Foto: Isa Holmgren)
Eg opplever ei større interesse for folkemusikk ved NMH i dag enn då eg tok til. Eg tok jo til der som timelærar før Sven vart pensjonist. Og då var der jo folk som håpte at det endeleg skulle bli slutt på folkemusikken ved høgskulen. Det er ikkje tull.
No opplever eg at vi er ein ressurs for kvarandre gjensidig, men det er på grunn av heile folkemusikklinja. Ikkje minst med alle songarane. Eg skulle ynskje at der var fleire folkemusikkinstrument som var i bruk av studentane våre, som lur, bukkehorn, munnharpe, klarinett, langeleik, alt det der.
No har vi jo hatt ein fantastisk masterstudent på munnharpe, men eg skulle ynskje vi hadde hatt ei større breidde av folkemusikken. Det blir mykje fele. Norsk folkemusikk er mange instrument, og eg har alltid tenkt at trekkspel er del av det. Er synd vi ikkje har fleire på trekkspel, men vi har jo ein på master. Trekkspelet har jo på same måte, som i alle andre kulturar i Europa, også det folkelege preget. Kan ha.
Eit instrument eg verkeleg saknar er munnspel. Eg har høyrt folk spele springar på munnspel og dei har spelt like godt som dei som spelar fele. Om du verkeleg kan det der, så er det kjempebra, det er ikkje så stor forskjell på einradar og munnspel. Det har med kor gode dei er dei som spelar. Kulturen vår er fleirinstrumentell, det har eg alltid tenkt.
Har du høyrt Sigmund Groven spele Prestegangaren på munnspel? Det er så godt. Han har forstått alt med den slåtten. Det er så utruleg godt gjort.
Kjernen. Då eg var gutonge og tok til å lære, så tenkte eg slike former. Eg tenkte firkantar og trekantar på alt. Slike trinn, eller landskap som var kantete. Men det har forandra seg.
Men heilt frå eg tok til, har eg sett musikken i former eller fargar. Abstrakte ting. Eg tenkjer det er ulik farge i ulike tradisjonar, og typar slåttar. Enkelte har ein lysare farge, nokre mørke.
Lys og skugge, men voldsomt abstrakt.
Men eg tenkjer nok ikkje like mykje melodi som somme, men likevel tenkjer eg at det skal være songbart. Eg opplever all folkemusikk litt slik at den skal være songbar. Det høyrest jo litt sjølvmotseiande ut dette her, men eg tenkjer det so, rett og slett.
Eg har jo jobba grådig mykje med rytme. Litt fordi eg spelte til dans frå eg var 12 år, og mykje med band seinare. Men eg vil ha dei fine melodiane i tillegg. Eg vil ha alt saman. Eg opplever jo at eg óg har dragning til melodi, for det ligg jo og inn i alt det der.
Eg tenkje det er litt av heile greia med å spele hardingfele på måten som eg spelar.
Prøve å få fram melodien i alle desse dobbelgrepa, klangane som ligg der.

Med omsorg for lydene
I denne månedens Ballade klassisk presenterer Ola Nordal seks aktuelle utgivelser innen «lydbasert musikk», som alle viser omsorg og omtanke for lydene.

Motvindfestivalen 2025: Ein slik hippiefestival, ell?
– Fred er mogleg, og det bør eigentleg ikkje vere så mykje å be om heller, sa arrangør Haakon Stiff Aamlid under årets Motvindfestival. Middelalderskogen i Rollag blei fylt med oppbyggjeleg musikk i mørke tider.

Har komponert musikken til det største norske spillet noensinne
Med Dune: Awakening representerer komponist Knut Avenstroup Haugen en ny æra for spillmusikk laget i Norge.

«En innflytelsesrik stemme blant vår tids komponister»
Kristine Tjøgersen er den første norske komponisten som har mottatt Ernst von Siemens-stiftelsens komponistpris. «Et stort og viktig gjennombrudd», sier komponist og direktør for Festspillene i Bergen, Lars Petter Hagen.

REPORTASJE: Festivalsommer med bismak
Musikkens politiske kraft og protestens plass i kulturen har fått ny aktualitet.

Det Burde sa. Det Benjamin Staern gjorde.
"Borde ska inte styra handen, hjärtat eller hörseln," skriver den svenske komponisten Benjamin Staern. Les hans reaksjon på Cathrine Winnes' tekst om den samme "Burde", som så ofte hjemsøker den skapende.