Vang kulturskule lyser no ut det som kanskje er årets mest spanande stilling for deg som er glad i korps og i å arbeide med vaksne ensemble, ungdom og born. Vang kulturskule er ein skule med stort utviklingspotensial og gode økonomiske rammer. For den rette kandidaten vil denne jobben vere å tre inn i eit landskap av moglegheiter.
I tillegg til å dirigere minst to korps, vil du – i samarbeid med rektor og resten av personalet – få vere med på å forme ein kulturskule i utvikling og utforme di eiga stilling etter eigne ønskje og kvalifikasjonar.
Du blir musikalsk leiar for Fjellblom musikklag og Røn musikklag (Brassband. Sjå eigen beskrivelse av desse nedanfor.)
I tillegg kan du inngå i eit musikalsk og pedagogisk leiarteam, for Vang skule- og ungdomskorps og for klassekorpset på 3. trinn ved Vang barne- og ungdomsskule (VBU). Det nyleg gjenoppstarta skulekorpset er i sterk vekst, og behovet for instrumentopplæring aukar.
Ut over dette er mykje opp til deg og kvar dine ressursar ligg. Det finst moglegheiter innan dei fleste kulturskulefag. Kulturskulen ønsker òg å utvikle tverrfagleg samarbeid med andre kommunale tenester og å vere ein ressurs og samarbeidspartnar for det frivillige kulturlivet.
Kulturskulen er samlokalisert med kommunens einaste grunnskule. Her ligg det eit stort potensial for å utvikle nye former og arenaer for samarbeid. Skulen uttrykker òg eit ønske om å videreutvikle samarbeidet.
Det er ekstra moro om du, i tillegg til korpserfaring, har erfaring med eller ønskjer å utvikle deg innan rytmisk musikk og samspel i ulike band- og orkesterkonstellasjonar.
Vi tilbyr inntil 100 % stilling. Dersom du ønskjer tid til andre prosjekt, tilpassar vi stillingsstorleik og oppgåver. Om du eventuelt har eiga utøvande verksemd, ser vi det som ein resurs.
Ta gjerne kontakt for ein prat om moglegheitene dine. Saman med ei erfaren leiing, vil du kan hende finne ei stilling som er endå litt meir freistande enn du såg føre deg før du tok kontakt.
- Du må ha nødvendig kompetanse for arbeidsoppgåvene
- Kompetanse innan arrangering er ein fordel
- Høgare pedagogisk og/eller kunstfagleg utdanning er ein fordel
- God erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Du kan leie og motivere ensemble med vaksen besetning, gjerne òg med aldersblanda og ung besetning
- Du finn inspirasjon i at grupper og enkeltpersonar blomstrar og utviklar seg
- Du brenn for faget ditt, ev. faga dine
- Du er ansvarsbevisst og samvitsfull
- Du trivst med å jobbe i team og samarbeider godt, men kan òg jobbe sjølvstendig
- Du ser utviklingsmoglegheiter for deg sjølv og omgjevnadane dine, og du tek initiativ for å gripe dei
- Du har ei pedagogisk tilnærming i møte med grupper og enkeltpersonar, og du evnar å reflektere over eigen pedagogisk praksis
- Om du trivst med å jobbe med skuleklasser er det òg ein fordel
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde
- Artig utfordring som dirigent i ensembler med veletablerte rutiner og godt miljø
- Stor fleksibilitet til å utvikle og påverke eiga stilling
- Moglegheita til å vere med i eit heilt ferskt og svært entusiastisk skulekorps med erfarent og kompetent styre, stor optimisme og godt driv.
- Mange ubrukte moglegheiter – og høve til sjølv å påverke kva moglegheiter vi skal gripe tak i
- Høve til å vere med og utvikle ein kulturskule med gode økonomiske rammer
- Ei spanande og variert stilling i eit godt arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Om dei to korpsa:
Fjellblom musikklag
Fjellblom er ein viktig del av kulturlivet i bygda. Det er eit komplett brassband med 23 medlemer, som har fleire konsertar gjennom året: haustkonsert og vårkonsert, i tillegg til konsertar knytte til jula – og sjølvsagt spel på 17. mai. Dette er ein gjeng med stor speleglede og eit inkluderande miljø. Dei har godt samhald og tek vare på kvarandre. Øvingane er konsentrerte og prega av god disiplin, med alltid trivelege kaffipausar.
Røn musikklag
RM er eit brassband med 21 medlemer, beståande av engasjerte, glade og humoristiske amatørmusikarar som trivst godt saman. Dei deltek jamleg på konsertar og festivalar, mellom anna Oslo Brassfestival. I tillegg til tradisjonelle korpskonsertar som julekonsertar, oktoberfest og ulike kulturarrangement, arrangerer dei årleg sin eigen kabaret, med stor oppslutnad frå lokalbefolkninga. Røn musikklag er kjend som ein musikalsk gledespreiar og ein viktig kulturberar i bygda.
Stillinga krev politiattest i tråd med helsepersonelloven § 5-4. Attesten må leggjast fram før tiltreding.
Vang kommune som arbeidsgjevar:
- Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
- Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
- Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
Å bu i Vang kommune:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha «vestlandsfjell med austlandsklima«, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
- I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
- Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres









































