
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade Jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)
Somme gongar er ei plate ei forteljing. Ei forteljing eg høyrer nøye etter med nysgjerrigheit og brukar alle mine erfaringar til å forstå, til å få med meg. Og ganske ofte er desse albuma slike eg lét ligge og kanskje aldri plukkar opp igjen. Uavhengig av om det var interessant og givande eller kjedeleg og platt, for så vidt.
Andre album blir verande ved meg lenger. Eller – det vil seie – eg vil vere i dei lenger. Omatt og omatt. Eg vil gjenoppleve, og eg vil oppdage alt. Høyre frå ulike vinklar, fordi musikarane har laga musikk som har den djupna, dei har tenkt og knadd.
Eg har høyrt mykje på Veslemøy Narvesen i januar.
Veslemøy Narvesen – Letting All Light Through (Jazzland Recordings 2026)

Veslemøy Narvesen – Letting All Light Through (Jazzland Recordings 2026) (Foto: )
Det er noko filmatisk over preludiumet Veslemøy Narvesen opnar Letting All Light Through med. Dei brutte akkordane i pianoet med ei drøymande linje svevande over, frå fløyte.
«Noregs nye supertrommis» vart ho kalla for fire år sidan allereie, og sidan den gong har ho i tillegg til å vere trommeslagar i ein haug med jazzikale samanhengar, vist høgder som … la oss enkelt kalle det kunstpop-artist. Forventningane var altså store til hennar andre album.
På Letting All Light Through har ho teke eit steg opp frå den no tre år gamle, sterke debutplata We don´t Imagine Anymore.
Etter dei første gjennomlyttingane, lot eg plata ligge nokre dagar. Då eg plukka ho opp igjen, fekk eg det rushet som mest kan skildrast med utrop som «ja, den der!»
Det viktigaste for meg å seie er kor sterkt desse låtane står i seg sjølv. «Mad Lovers» er ei forsiktig opning, og eit fantastisk deilig refreng med små og viktige detaljar som linjer som ikkje går opp den enklaste vegen. Den harmoniske utviklinga her pirrar meg. Der er dessutan Narvesen sterk gjennom alle komposisjonane. Ho løftar på finurleg vis kjenslene opp og framover på denne måten.
Medprodusent Håkon Brunborg er viktig å nemne. Hans bidrag er tydelege å høyre på steelgitar og fele, men han har også vist at han har eit godt øyre som produsent. Narvesen/Brunborg viser seg å vere eit radarpar.
Stemma og stemmebruken er eit anna sentralt element i suksessoppskrifta. Ho syng upolert, men ikkje på den måten ein skildrar rufsete stemmer. Det upolerte ligg i at ho berre syng. Rett fram. Slik kjem musikken nærare.
Ein uventa assosiasjon som dukkar opp, er amerikanske Louis Cole – for så vidt også ein syngande trommis. «Hold me Closer» har det same drøymande harmoniske han er glad i, saman med det nattlege lydbiletet. I «Rules» er det Sidsel Endresens So I Write frå 1990 som kjem til meg. Det kriblar i heile kroppen gjennom desse modulasjonane.
Narvesen er jo rett og slett ein grunnsolid låtskrivar. Letting All Light Through er ei plate å finne styrke i gong etter gong.
Tuva Halse – Reconnection (Jazzland Recordings 2026)

Tuva Halse – Reconnection (Jazzland Recordings 2026) (Foto: )
Det musikalske uttrykket Tuva Halse har utvikla, er perfekt para med den ettertanken du gjerne landar i medan du sjølv reiser gjennom eit landskap. I ein bil, i eit fly, eit tog – på veg mot ein stad, søker eg ein heim i musikken.
Halse viser vekst både som instrumentalist og komponist på Reconnection. Frå første gongane eg høyrde henne live, la eg merke til hennar sterke øyre for melodiar – også i improviserte soloar søker ho det ho kan synge med fela. Reconnection er full av melodiar, og dei er alle sterkt utvikla.
Heilskapen i Reconnection kjem frå kvar enkelt musikar sin tydelege karakter. Klangen av kvintetten er i seg sjølv godt komponert. Det må vere akkurat Oscar Andreas Haug sin trompetklang som møter fela til Halse på den rette måten.
Arrangementa har ei stemmeføring som sjølv skulerte klassiske komponistar hadde nikka anerkjennande til. «Contemplation» er stappa med detaljar ein kan stoppe opp ved og peike på. «Acquaintances» er eit brot med den rolegare, kontemplative energien, og her er det rytmiske brot som er den musikalske leiken. Eg kosar meg dessutan med ein av Gard Kronborg sine djupt interessante bass-soloar. Anten det er det akrobatiske felespelet, eller i «Considiration» der ho så vidt rører ved strengane så fela kviskrar melodiar i duo med pianist Benjamín Gísli Einarsson.
Tuva Halse har utvikla eit uttrykk som har plass til alle desse ulike energiane.
Simiskina – Endless Green Hills (Nice Things Records 2026)

Simiskina – Endless Green Hills (Nice Things Records 2026) (Foto: )
Tunge knirk og rare greier djupt innover musikken. I den eksperimentelle og utforskande musikken må eg omstille meg frå kva eg enn no stressar med, kvar gong. Men om eg gir musikken det fokuset, kan eg finne det største i det rare. Endless Green Hills frå duoen Simiskina, er godt eigna til akkurat slik leiting.
Jonas Cambien med synthar og bassist Adrian Myhr lyttar djupt, og leitar, slik eg høyrer det, etter musikken frå instrumenta sine, heller enn å plassere musikken i dei. Alltid utforskande i spelet sitt i dei ulike samanhengane dei dukkar opp i.
Eg vil nesten kalle denne musikken tung til tider, nokre av spora er nærast abstrahert metal.
Duoen fyrer av energien i det små og knitrete, og når det blir ordentleg tenning, blir heile kroppen med i den intense lytteopplevinga. Myhr og Cambien ligg heile tida og balanserer den ukontrollert energien i instrumenta. Ut av denne tunge, abstraherte metallen, gir dei mjukare elementa ekstra stor effekt. Adrian Myhr sine bassklangar på «Rat Trap», for å nemne eitt. Det varmar.
Cimota – [ˈkɪmɔtɑː] (Sonic Transmissions 2026)

Cimota skriv platetittelen sin som lydskrift; [ˈkɪmɔtɑː] (Sonic Transmissions 2026) (Foto: )
Cimota er eit slags framhald av gruppa, men denne gongen med duoen Streifenjunko – saksofonist Espen Reinertsen og trompetist Eivind Lønning – som blåsarar. Lyttar du til Streifenjunko, så seier det seg sjølv at det er eit mykje interessant og kople med Atomics musikalske landskap. Dei har begge med seg ein intens og lydnysgjerrig spelemåte. Og med dette, opnar dei ei anna verd i den jazza kvintetten.
Albumet [ˈkɪmɔtɑː] er deilig knusktørt akustisk, og Ingebrigt Håker Flaten sine grove tarmstrengar blir slengt i bassen frå start.
Kvaliteten er det akustiske, energiske uttrykket, men det handlar vel så mykje om ein måte å spele på. Det er det leikne, opne haldninga til komposisjonane og solistisk spel frå kvar enkelt. Håvard Wiik liknar ingen andre i det intense, maksimale spelet sitt. Om det berre var han eg hadde fått høyrt, hadde det vore meir enn nok. Han står også bak komposisjonane – ofte komplekse samtidig som dei er nynnbart enkle. «August 23rd, 2023» skil seg ut som eit meditativt høgdepunkt.
Dette uttrykket skil seg skarpt ut i platebunken også i 2026. Cimota yrer på denne plata, og noko gir meg heller kjensla av at dette er ein start på noko nytt.
Ballade jazz er en av tre faste musikkspalter på ballade.no. Torkjell Hovland anmelder nye norske plater i et utvida jazzbegrep. De andre faste spaltene er Ballade klassisk (ca månedlig) og Ballade video (ukentlig). Les mer her.

Høytflyvende og jordnært
Det er en krevende øvelse å forene musikk og diktopplesning. To Oslo-konserter gjør hvert sitt forsøk, med ulikt resultat.

Ballade video: – Hun leser Poe
Ukens musikkvideoer med Ensemble neoN, Bellman, Sara Fjeldvær, Kristian Kristensen, Heigh Chief, Jonathan Floo & Namsfogden, Lonely Crowd og Gothminister med Thomas Jenssen.

Gratispassasjerene må betale: Slik sikrer vi et nytt musikkfond i algoritmens tidsalder
INNLEGG: Se til verktøyene vi har, kulturminister, det ligger i skuffen fra 1956: Ta det frem, pusse støvet av det, og oppdatere det for 2026.

– Du kan ikke skrive om en subkultur og samtidig forakte den
Mens kulturjournalistikken bygges ned og kritikerne forsvinner ut av redaksjonene, har Ida Madsen Hestman startet sitt eget prosjekt. I dette portrettet forteller hun hvorfor hun nekter å gi slipp på faget, og hvordan hun arbeider for å skape en ny offentlighet.

Fra kirke til karnapp: Åpent hus hos Hillestad
Pensjonist Erik Hillestad legger i disse dager siste hånd på en bok om sitt liv med Kirkelig Kulturverksted gjennom 50 år. Samtidig har han åpnet stuen sin for intime «karnappkonserter».











































