
Levina Storåkern med kantele i studio.
Ballade jazz: Synkronisert med sola
Tuba og kantele gir deg sommarens lydspor, sjølvsagt! Og kva er beiggja?
Sommaren er høgtid for oss romantikarar. Fint vér kvar dag. Det er festivaltid – og lyttetid.
Nok ein gong har eg draumen om å sitte på eit svaberg med headset og litteratur til lyden av fuglesongen. Leve utelukkande på jordbær. Offline. Vi får sjå om det blir like mislukka som i fjor – og åra før.
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no, og skriv Ballade jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)
Men OM eg vel å skape slike augeblikk, så er dette musikken eg gjerne tek med ned til svaberget og nyt til fuglane sine synkroniserte vingeslag i solnedgangen.
Petter Dalane – Sikksakk (Fjordgata Records 2025)
Petter Dalane Quintet – Sikksakk (Fjordgata 2025) (Foto: )
Om Petter Dalane kjem med noko nytt, må det med, har eg bestemt meg for. Pianisten er ei naturkraft i norsk jazz om dagen. Gjennom allereie legendariske konsertserien Petters jazzjam, med Cosmic Swing Orchestra, eller Petter Dalane Quintet.
Det er som på debutplata eit måleri av kunstnaren Oddvar Torsheim som prydar omslaget, og jazzkatten set tonen.
På Sikksakk er rommet stort og fylt med energi. Kvintetten er fullada, det merkar du med ein gong. Vi set på plata, og opnar ei velta Farris. Boom!
Kombinasjonen av studio-innspeling og liveopptak frå Nasjonal Jazzscene fungerer godt. Publikumet er liksom det sjette elementet i kvintetten, med gauling og jubel i rett timing. Sidan første gong eg høyrde Dalane, har han no fleire fargar, fleire verkty og stadig nye idear. Det er fascinerande nok i seg sjølv i ein såpass tradisjonell spelestil å stadig spele så inspirert.
Hemmeligheita er sjølvsagt at han er ekte forelska i denne musikken – då finn du alltid noko nytt.
Trompetist Øyvind Mathisen og saksofonist Erlend Vangen Kongtorp flyr over pianotrioen, og ofte flettar tonane seg i hop.
Ledige stillinger
Med på plata er også den ungarske komponisten Belá Bartóks “Bagatelle II”. Like etter kjem originalkomposisjonen «Always Know», som meir er noko seinare amerikanarar kunne laga – Joe Lovano-aktig. Det er ein tilfredsstillande groove på. I «Noam’s Poem» nikkar spelet til McCoy Tyner.
Dei nailar alt – «soundet», «feelen», «swingen», «grooven» – det kjem fort slike ord i konteksten Petter Dalane.
Dalanes tolking av standardlåta «Lover Man» blir eg ekstra glad i gjennom lyttingane. Pianokoret som forsvinn ut i ekkoet er dessutan kreativt og overraskande i kontekst av plata.
Beiggja – Morning (Hubro 2025)
Beiggja – Morning (Hubro 2025) (Foto: )
Beiggja er eit sprekt namn på ein kvartett, og utan at eg får noko hint om kva dette er. Men les du namna som står lenger nede på omslaget, kjem tonane til deg. Frå opninga av Morning blir det klart kva landskap vi skal vere i.
Her flyt vi.
Per Oddvar Johansen og Mats Eilertsen – to kunstnarar. Dei har det med å løfte spelet til dei dei spelar med. Johansen er ein av dei som syng med trommesettet, som om han spelar andrestemme til melodiane frå saksofonen og pianoet. Han har mellom anna skrive tittellåta «Morning», og melodien her har ei kraft i seg sjølv.
Nederlandske Kika Sprangers er ikkje ei eg kjende til frå før, men Beiggja har opna øyrene mine for hennar katalog. Saksofonisten tilfører ei linje gjennom plata, på fleire måtar. Improvisasjonane hennar tek nemleg ei form som er særs tilfredsstillande, ein heilskap.
Det er pianist Kjetil Mulelid som legg klangfargane i dette lydlandskapet. Men med så få tonar som for eksempel i den enkle komposisjonen «What if», får vi høyre kor kraftige fargar det er i spelet til kvar av desse musikarane. Eg blir fascinert over kor flytande alle spelar, utan at det nokon gong manglar framdrift eller energi. Det må nok vere fargane, tenkjer eg.
Det er nye høgdepunkt for kvar gjennomlytting, men Mulelids solo gjennom ei linje på «Tuvals» er definitivt eitt av dei.
Dette er dessutan ein kvartett som gjer at eg gjerne skulle hatt ein klubb med residensar i. Altså kunne gå å høyre den same kvartetten fleire kveldar på rad. Kva retning ville dei tatt i kveld?
Morning by Beiggja (Sprangers/ Mulelid / Eilertsen / Johansen)
Heida Karine Jóhannesdóttir Mobeck – Utstrakt (Pluritone 2025)
Heida Karine Jóhannesdóttir Mobeck – Utstrakt (Pluritone 2025) (Foto: )
Ei soloplate med ein tubaist som opnar med plystring. Det er noko der.
Bak tubaen med klistermerket NOT SAFE (for capitalism) står ho, gjerne med auga late igjen. Det er Heida Karine Jóhannesdóttir Mobeck. Ho har hatt varierte roller i større prosjekt opp gjennom åra, og er ei som folk fort ynskjer å ha med. Det er nemleg ikkje mange som liknar på Heida, og som kan fylle rommet med det same soundet.
Men dette er hennar første album heilt aleine. Tuba og elektronikk, etter årevis med utvikling.
Utstrakt kallar ho ein «…ode til relasjoner og menneskelighet…» – og eg synest det er ein meiningsfull inngang for lyttinga. Gjennom Utstrakt når ho inn.
Ho pustar liksom liv i tubaen, før den tek laust og surfar på lydbølgene frå dei elektroniske duppedittane. Ein subtil beat, før vi høyrer pusten igjen.
Dei mjuke harmoniane til tubaen er milde mot oss, stryk oss på kinnet. Det er sånt som gjerne kan fylle rommet om morgonen synkronisert med morgonsola. Ein morgonklassikar eg har hatt i årevis, er Arve Henriksen si Chiarascuro. Mobecks Utstrakt kan fort få plassen.
I haust kjem også Vesen på same selskap der ho saman med samtidsbandet Tøyen Fil og Klafferi har skrive ny musikk. Det er ikkje mange som liknar på Heida.
Utstrakt by Heida Karine Johannesdottir Mobeck
Levina Storåkern – Månadsvill (Punkt Records 2025)
Levina Storåkern – Månadsvill (Punkt Records 2025) (Foto: )
Som ein del av Ævestaden og Diket er Levina Storåkern med blant dei kreftene som driv folkemusikken lenger og lenger ut til folket. Dessutan må nemnast Levinas Blodquiz som fast inventar på fenomenet Tuvas Blodklubb. – Ho er både mystisk og «lættis», er gjerne inntrykket for oss i publikum. Noko som også kan passe til hennar solodebut Månadsvill.
Vi kjenner igjen noko av det same hypnotiserande lydlandskapet frå Ævestaden. Det er strengane på kantelen som er drivaren. Under ligg kanskje hjarteslag frå ei elektronisk basstromme.
Med på ei låt er pianisten Johan Lindvall på syntesizerar, og – kanskje noko overraskande – sjølvaste Bugge Wesseltoft. På «Blyvitt». Men eg høyrer ikkje eigentleg kva dei gjer, sett bort i frå ei nydeleg intim nynning på slutten av låta. Fin nok cameo, det, for så vidt!
Det opnar med to korte landskapsportrett i «Sommarslut» og «September». Før «Blyvitt» kjem, som eit slags poetisk høyrespel.
Det er nemleg Levina si heilt spesielle røyst som ber oss gjennom. Ho er ein god lesar, ein stemmeskodespelar. Dette er vel så mykje dikt som musikk.
«Jag tycker synd om det som inte kan tala.»
Og dikta hennar er gode, av det gode. Såre, og innimellom morsomme, men frå det gode. Innimellom er det vondt og vanskeleg. Men du stoppar opp når du høyrer på Månadsvill. Og der ligg styrken.
Vi hamnar i ein drøymetilstand gjennom denne plata, og der kan vi godt vere litt meir.














