Hopp til innhald
Skolekonserten Klangen av klima, et samarbeid mellom Oslo Filharmonien og DKS Oslo, vant internasjonal pris som beste store ensemble under YAM Awards i Brussel denne uka

Bilete frå skulekonserten "Klangen av klima", eit samarbeid mellom Oslo-Filharmonien og DKS Oslo i 2020. Konsertane blei syna fram i Oslo Konserthus. Produksjonen vann internasjonal pris som beste store ensemble under YAM Awards i Brussel same haust. (Foto: Knut Sørhusbakken / Kulturtanken)

Oxford Research’ flaue rapport om Den kulturelle skulesekken og Kulturtanken

– Eg er skuffa. Kanskje først og fremst fordi eg opplev at dette hadde vore enkelt å gjere skikkeleg, skriv komponist, utøvar og pedagog Hans Martin Austestad om evalueringa av DKS og Kulturtanken.

Av Hans Martin Austestad, komponist, lektor i utøvande musikk, og musikkpedagog

Oxford Research la fram sin rapport den 31. mars. Rapporten skulle evaluere Kulturtanken og utgreie konsekvensane av dei strukturelle endringane som vart gjort med Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken (DKS) i 2016.

Musikar, komponist og pedagog Hans Martin Austestad (Foto: Sjølportrett)

Rapporten baserer seg på statistikk frå Kulturtanken sin DKS-portal, samt verkstader og intervju gjort online med et utval spesielt inviterte aktørar. Formålet med rapporten var å undersøke korleis endringane har påverka ordninga.

Deltakinga på verkstadene i utgreiinga er for å slå det fast først som sist, svært skeiv. Og det er ikkje berre deltakinga som gjev årsak til reaksjon.

Formålet med rapporten var å undersøke dei strukturelle endringane i ordninga og deira konsekvensar. For å gjere dette på riktig måte måtte rapporten ha kombinert gamal og ny statistikk, inkludert historiske data frå SSBs oversikter over DKS og Rikskonsertane, til dømes frå 2000-2015, og supplert med tall frå Kulturtankens årsrapportar frå 2016 og utover.

Oxford Research har ikkje teke omsyn til talmaterialet frå SSB eller undersøkt situasjonen før 2016. Dette er uforståeleg. Dei får ikkje eit nullpunkt å vurdere endringane ut frå. Dette er i beste fall grunna komplett ignoranse over korleis ein måler konsekvensar, eller forståing for kva ordet «konsekvensar» tyder.

Formålet med oppdraget er å innhente kunnskap om hvordan DKS fungerer. Kartleggingen av DKS må ha legitimitet både i kultursektoren og utdanningssektoren og skal gi kunnskap om konsekvenser av de strukturelle endringene som ble gjort i 2016.
(Frå bilag 1 i Kulturdepartementet si anbodsutlysing)

Oxford Research, med Elisabeth Sørfjorddal Hauge som prosjektleiar, har tidlegare gjort utgreiingar på oppdrag både for Kulturtanken i 2019 og for KS og fylkeskommunane i 2022. I dette tilfellet skulle ho og hennar lag av analytikarar evaluere Kulturtanken, og DKS – sine tidlegare oppdragsgjevarar. Oxford Research viser til og med til resultata frå sine tidlegare oppdrag i litteraturlista i rapporten.

Kombinert med at rapporten utelet sentrale data som er nødvendige for å belyse konsekvensane av endringane som vart gjort i DKS i 2016, hever dette mange raude habilitetsflagg.

Kva kan me forvente av slike relasjonar og selektiv databruk? Er dette god etisk forskingspraksis? Er det i det heile tatt lov etter forskrifter om habilitet i forvaltningslova? Eller bur me i eit så lite land at det berre finst eit mogleg utgreiingsorgan? Korleis kunne Kulturdepartementet gjere ei slik anbodstildeling?

Ledige stillinger

Dette hadde vore fint å få svar på, slik at ein veit korleis ein skal stille seg til nye lovnadar om utgreiingar.

Så kvifor er ikkje tala frå SSB samanstilt med Kulturtanken sine årsrapporter for å gjeve eit samanlikningsgrunnlag? Mangelen på fakta provoserer; det er mange som forventar slike svar frå ei utgreiing til 2 millionar kronar. Spesielt dei som mista sine arbeidsrettigheter til det nye systemet. Som leverer minst eitt mindre kunstmøte i året enn før. (Ser ein bort frå pandemiåra, som leverte tre færre.)

For tala finst, og dei lyg ikkje. Det hadde til dømes vore svært nyttig å sjå på korleis strukturelle endringar har påverka talet på publikummarar per førestilling i DKS og Kulturtanken.

Samanstilling av data frå SSB og Rikskonsertane viser at gjennomsnittstalet for publikum har blitt halvert over ei tiårsperiode. Rapporten hevder at nedgangen i kunstmøter i DKS skuldast prisvekst i samfunnet, men dette er ein påstand i rapporten som får stå heilt ugrunna. Statistikken syner ei annan røynd.

Ei viktig årsak til nedgangen er nedkvoteringa av musikk som sjanger. Dette måtte ein ha kompensert for med å gjeve DKS-midlene eit solid løft då sjangrane skulle «likestillast» i samanslåinga. Musikk er den sjangeren som med høg margin leverer flest kunstmøter per arrangement.

Kvoterer ein ned musikk vil elevane få færre kunstmøter om ikkje pengane aukar. Slik er det berre. Men det er også viktig å spørre kvifor musikk leverer meir. Her er det også svar å hente i talgrunnlag.

Ei årsaksforklaring til dette er at musikk over ein 50 år lang praksis har tilpassa seg skuleformatet for å levere på billegast mogleg måte. Positivt? Nei – det er alt for mange trioar ute på turné ifølge informantar til DFØ (Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, red. mrk.) sin Rikskonsertane-evaluering i 2009 – og alle veit vel at det finst mykje musikk som ikkje passar i trio-format.

Med halvert leveringskapasitet per arrangement i «sjangerlikestillinga» vil naturleg også driftskostnadene auke. Det er merkeleg at ikkje Oxford sin rapport tek opp dette. Dette er viktig å sjå nærare på. Korleis har kvoteringa av kultursjangrar påverka leveringskapasiteten? Har dei strukturelle endringane som vart gjort i 2016 faktisk forbetra ordninga, når kapasiteten for levering av kunstmøter har gått tydeleg ned? Og korleis kan ein påstå at ordninga er blitt meir mangfaldig, når enkelte vidaregåande skular berre får ein førestilling i året?

Hadde rapporten vore meir oppteken av kultur, hadde den forstått at dette er viktige spørsmål å få svar på. Spesielt når ordninga per 2023 manglar nasjonal koordinering.

Oversikt over deltakarar per arrangement i Rikskonsertane og DKS frå 2009-2016 med vidareføring av Kulturtanken sine data frå 2016 og ut. Grafen følgjer data og tabellar om Rikskonsertane, DKS og Kulturtanken, og er henta frå SSB sin årlege kulturstatistikk. (Foto: Austestad / SSB)

Tal på kunstmøter per elev, med tal frå 2014 og 2015. Grafen følgjer data og tabellar om Rikskonsertane, DKS og Kulturtanken, og er henta frå SSB sin årlege kulturstatistikk. (Foto: Austestad / SSB)

Det er problematisk at rapporten berre brukar data frå DKS-portalen, at utførarane gjer kvalitative intervju med sine tidlegare oppdragsgjevarar, og evaluerer effektivitet og styring utan å samanlikne korleis ordninga såg ut før.

Dette skaper interessekonflikt og svekker rapportens objektivitet og uavhengigheit. For å sikre integritet og nøyaktigheit, skulle den nytta ein brei og variert kjeldebase, inkludert uavhengige kjelder og data, og ikkje minst stilt spørsmål på ein måte som leiar opp til faktabaserte funn.

Her mislukkast Oxford Research sin rapport. Dei brukar berre tal frå DKS-portalen, som ikkje går lenger bak enn 2016. Difor står rapporten forvirrande fram for dei parter som har vore vitne til ein realnedgang i ordninga, på tross av all den sentralisering og samanslåing som har foregått dei siste åra.

Kort tid etter at utgreiinga var lansert annonserte konstituert leiar for Kulturtanken, Øystein Strand, overgang til å verte avdelingsleiar i Kulturdirektoratet. Kultur- og likestillingsdepartementet utlyser no direktørstillinga til Kulturtanken for eit seksårig åremål. Forhåpentleg har ein ikkje mål om å prematurt tilsette nokon i stillinga. Ein bør avklare alle logiske brester i rapporten til Oxford Research.

Eg hadde også ønska meg ei forklaring på korleis Øystein Strand kunne stå som ekspeditør på eit tildelingsbrev frå 2019, for så å stå som direktør som svarer for tildelingsbrevet i 2020. Dette er også beklageleg, sett frå eit habilitetsperspektiv. Ikkje minst fordi tildelingsbrevet frå 2019 for første gong på mange år hadde fjerna sine avsnitt om risikostyring og habilitet.

Eg er skuffa. Kanskje først og fremst fordi eg opplev at dette hadde vore enkelt å gjere betre. Og eg vonar det får konsekvenser, for eg har stor tru på faglegheit som verkemiddel, sjølv om Oxford Research sin rapport stiller faglegheit i eit spesielt dårleg lys her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Musikar Hans Martin Austestad

– DKS-omlegginga er ein fiasko, frå ende til annan

Færre førestillingar. Ingen arbeidsrettigheiter. Er det nokon der ute som framleis forsvarer omlegginga av Skulesekken? Musikar Hans Martin Austestad fortsetter...

RK inn i Varmen

– Ikke aktuelt å kutte i Kulturtanken

Ny rapport om Den kulturelle skolesekken (DKS) og Kulturtanken sier at alle vil ha DKS-ordningen, og at den nasjonale etaten...

Teiporama DKS

En undersøkelsesrobot gir skoleelever en ny utøvende rolle i møte med Den kulturelle skolesekken

En robot ved navn Undre åpner opp for at skoleelever fra hele landet endelig får dele sin opplevelse av Den...

Rohey

Skolesekken skal utredes – evaluering av Kulturtanken settes i gang

Evalueringskonsulentene i Oxford Research vant anbudet om å gå igjennom både Den kulturelle skolesekken og statens forvalter for ‘sekken, Kulturtanken.

Hans Martin Austestad skriv om arbeidsforhold i Den kulturelle skulesekken.

Skulesekk-debatten: – Kulturtanken har gjort seg sjølv irrelevant

Det er ikkje for mykje byråkrati i Skulesekken og barnehagekunsten – men i staten har dei kvitta seg med den...

Flere saker

Kultur og likestillingsminister Anette Trettebergstuen

Mandatet for gjennomgang av musikkfeltet er klart

Skal blant annet vurdere forholdet mellom statlig, regional og lokal finansiering, kartlegge musikknæringene i Norge og se på publikums konsum...

Komponist Tze Yeung Ho

Komponistforeningen utvider likestillingsmandat

For å tydeliggjøre at likestillingsarbeidet også inkluderer mangfold vedtok styret i Norsk Komponistforening nylig at foreningens ombud på feltet skal...

En enkel kassegitar har vært viktig i Ivar Skippervolds brobyggerarbeid, som han ble hedret for under Olavsfestdagene foran vestfronten av Nidarosdomen i sommer. Foto: Marianne Lystrup

Hverdagsmusiker prises for brobygging

Ivar Skippervold ble hedret med Brobyggerprisen i sommer. Åtte multireligiøse festivaler har han stått for og i 15 år har...