Musikar Hans Martin Austestad (Foto: privat)

– DKS-omlegginga er ein fiasko, frå ende til annan

Færre førestillingar. Ingen arbeidsrettigheiter. Er det nokon der ute som framleis forsvarer omlegginga av Skulesekken? Musikar Hans Martin Austestad fortsetter debatten om arbeidsforholda i DKS.

Kalender

Rockeklubben i Porsgrunn 30+2 år 20. august!

20/08/2022 Kl. 17:00

Vestfold og Telemark

VårFEST 2022 – «Nye konstellasjoner»

23/08/2022 Kl. 18:45-21:00

Oslo

VårFEST 2022 – «Nye konstellasjoner»

24/08/2022 Kl. 19:30-21:00

Oslo

DKS-DEBATTEN: Komponist Hans Martin Austestad svarar her tilbake på fylkeskultursjef i Innlandet, Randi Langøigjelten, si tekst om Den kulturelle skulesekken (DKS). Fleire har delteke i debatten i år, mellom anna musikar Sonia Loinsworth, skribent Sanna Sarromaa og fagleg leiar Eldar Skjørten (Skapia).

Hans Martin Austestad tek igjen opp arbeidsforholda i Den kulturelle skulesekken. (Foto: privat)

 

Færre førestillingar. Ingen arbeidsrettigheiter. Lokalkontora er overbelasta og kan ikkje ta fleire administrative oppgåver. Samarbeid med Utdanningsdirektoratet styrer ordninga inn i målstyring. To millionar kroner går til utredning og evaluering. Selskapet og prosjektleiaren som vant utredningsanbudet har arbeidd tett på både Kulturtanken og KS tidlegare. Er det verkeleg nokon som framleis forsvarer DKS-omlegginga der ute?

Av Hans Martin Austestad, komponist, lektor i utøvande musikk, og musikkpedagog

Då eg ved førre innlegg til Ballade oppfordra direktør i Kulturtanken, Øystein Strand, til å kommentere diskriminerande utsegn om kulturarbeidarar, fekk eg i staden tilsvar frå lokalkultursjef i Innlandet Randi Langøigjelten. Det er flott at lokalkulturkontora melder seg på etter å ha sitte stille i båten i fem år. Og god timing å melde seg på debatten då DKS – Den kulturelle skulesekken – no er under utredning.

Mitt hovudanliggende er å få kulturarbeid til å bli behandla på linje med anna arbeid.

Langøigjelten hevdar i sitt innlegg at mitt hovudanliggende er å hevde at det er noko grunnleggjande feil med korleis fylka verdsett kunstnarane. Dette er ikkje riktig. Mitt hovudanliggende er meir konkret: Eit verdsett arbeidsforhold for offentlege tenester vert definert ut frå norske arbeidsvilkår og sosiale rettigheiter. Ein må gjerne ha tilgang på privat ordning, dersom det passar betre for enkelte med samansett arbeidskvardag. Men norma må vera tilsetjing. Å få vera ein del av fellesskapet med sin arbeidsinnsats når det til dømes kjem pandemiar. Å få rett til offentleg tenestepensjon når ein arbeider på offentleg oppdrag. Dette må på plass. Kommunesjefane kan hjelpe, men har svikta utøvarane i 5 år.

Langøigjelten viser til at rammeavtala for oppdragstakarar mellom KS og Creo gjer ordninga seriøs, og at det er gode rammer. Avtaleteksten i rammeavtala er i grove trekk bygd på avtala mellom MFO og Rikskonsertene, må ein vite. Og Langøigjelten ignorerer at Creo heile vegen har fremma krav til KS om å få på plass ei særavtale for mellombels tilsette i ordninga også, for å få vidareført den strukturen som gjorde ordninga solid før 2017. Langøigjelten hevder at det er juridisk umogleg å kombinere rammeavtala med hovudtariffavtalane sine sosiale rettigheiter. Dette er ikkje riktig. Ein må sjå til hovudavtala mellom LO og KS, som er tydeleg på at særavtaler kan inngåast uavhengig av hovudavtala og hovudtariffavtala. Og ein må merke seg at DKS-ordninga er unik i verdssamanheng, og nettopp difor har den behov for særavtale som sikrar omreisande utøvarar norske sosiale rettigheiter.

Del A §1-3: Sentrale generelle og forbundsvise særavtaler gjelder mellom KS og den enkelte arbeidstakerorganisasjon. Forhandlinger om slike avtaler skjer uavhengig av forhandlinger om denne avtalen og Hovedtariffavtalen.
– Frå Hovudtariffavtalen

Det er også eit problem i dagens DKS-organisering at mange utøvarar som turnerer ikkje er medlem av Creo, og står utan innflytelse over eigen arbeidssituasjon. I EU har ein nye dommar som gjev uorganiserte arbeidarar rett på tariffavtale. At Norge med DKS-omlegginga har fått på plass ei statleg finansiert ordning for kulturelt lausarbeid i skulen, er difor middelaldersk sett i lys av innarbeidde norske arbeidsrettigheiter.

Så eg set kaffien i halsen når lokalkultursjefer som Langøigjelten går ut i media og påstår uriktigheiter om kva som er juridisk mogleg. Det medfører brattare motbakke for arbeidarar som har sårt behov for sosiale rettar i pandemiens tid. Det medfører også at utøvarar får redusert lit til systemet når folk i toppstillingar fremmer uriktige fakta, tilsynelatande med tilsikt å gjere sin eigen jobb enklare og billegare enn den eigentleg er. For ein hadde rettigheitene før. Og om målet med omlegginga var å få ordninga ut av statleg styring, så måtte ein finne ein måte å gjere dette på utan å ofre sosiale rettigheiter. Kva er det som gjer rettigheiter umogleg i 2022 kontra 2017? Det finst dessutan inga faktabasert grunngjeving for kva som har blitt betre endå, berre påstandar. At Kulturtanken, KS og Utdanningsdirektoratet har fått betre dialog i bytte mot færre førestillingar og ingen sosiale rettigheiter er ein høg pris å betale for eit tungrodd New Public Management-byråkrakti, der ein skal få målstyring inn også i DKS.

Rammeavtala
Eg er sjølvsagt fullt klar over at det kom eit honorarauke i den nye rammeavtala mellom KS og DKS. Eg veit også at avtala vart pressa fram ved at utøvarar hadde opprop mot Kulturtanken i 2017, før Creo og KS avtalte å møtes til forhandling i 2018. Og at det mangla ei sentral rammeavtale i eit år, før den kom på plass våren 2018. Dette veit eg fordi eg sjølv gjekk ned 10% i lønn og mista 6 år med opparbeidd ansiennitet i 2017. Dette veit eg fordi eg tok initiativ til oppropet. Dette veit eg fordi eg sat som utøvarrepresentant for Creo i forhandlingsutvalget.

Eg veit også at då rammeavtala vart framforhandla, så var det med intensjon om å få på plass begge typar arbeidstilknyting. Men det stoppa opp i KS. Og eg veit også at lokalkultursjefer som Langøigjelten ikkje har teke til ordet for at KS skulle komme Creo i møte og forhandle fram avtaler. Det er lett å sjå kven som har skulda for at arbeidsrettigheitene forsvann, og det er dei lokale kultursjefane som har sett det som positivt å få meir innflytelse og makt, utan medfølgjande arbeidsgiveransvar. Dette er usolidarisk og uforståeleg.

Eg veit også at honorarauket i 2017 ikkje vart korrekt fundert i statistikk. Fordi Kulturtanken ikkje hadde tilbydd KS eller kommunane nokon oversikt over pengestraumane i ordninga, og kva det estimerte honorarauket totalt sett ville koste. Den såkalla likestillinga av alle kunstsjangrane og korleis dei honorerast i DKS har i realiteten ført til ulikheit, fordi det er stor skilnad på korleis sjangrane får tilgang til produksjonsmidlar i utgangspunktet, eller kva behov ein har for personell på turné.

Langøigjelten seier at kunstnarar verdsetjast ved at honorarauket skal dekke alle sosiale rettigheter og forsikringer. Og vender seg til det sosiologien kallar «sunn fornuft» om å anta at utøvarar er nøgde utan bevis. Då bør også ho sjå til oppropet som 2500 kunstnarar signerte i januar 2022 for å få slutt på lausarbeidet i DKS. Dette er det tredje oppropet i sitt slag sidan 2017. Det er ingenting som tyder på at utøvarar er nøgde – dei har berre ikkje noko val eller innflytelse.

Desentralisering = svekking av kulturarbeidarar sine rettigheiter?
Argumentet om at kapasiteten til dei lokale DKS-kontora ikkje strekk til dersom ein skal tilsette midlertidig fell og på eiga urimelegheit. Med dette argumentet seier Langøigjelten at omlegginga måtte frata arbeidarar rettigheiter for at DKS skulle bli billegare. Eit retorisk poeng som ikkje gjev gjenklang i utøvarstanden. Spesielt ikkje då nedgangen i førestillingar har vore dramatisk. Og ein kan heller ikkje skulde på korona – statistikken til Kulturtanken viser at reduksjonen i framsyningar var tydeleg allereie før korona kom. Korona vil sjølvsagt gjere statistikken verre. Men nedgangen kjem av uansvarleg omlegging, der ein har ofra DKS-utøvarane sine rettigheiter i byte mot færre førestillingar, ein pengestraum ingen kan forklare, og eit offentleg diskusjonsrom der lokale «lensherrar» tek opp debatten på vegne av sentrale ansvarshavarar.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Produksjonsteknisk leder

Norges musikkhøgskole (NMH)

Produksjon og plansjef

Carte Blanche

Kulturskolelærer, fiolin

Drammen kulturskole

Kulturskolelærer, klarinett

Drammen kulturskole

Organist

Kvinesdal kirkelige fellesråd

Akkompagnatør ved Unge Talenter

Barratt Due musikkinstitutt

Direktør

Teater Ibsen

Markeds- og kommunikasjonsansvarlig

Stiftelsen Oslo Jazzfestival

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev