Hopp til innhald
Hans Martin Austestad skriv om arbeidsforhold i Den kulturelle skulesekken.

(Foto: privat)

Skulesekk-debatten: – Kulturtanken har gjort seg sjølv irrelevant

Det er ikkje for mykje byråkrati i Skulesekken og barnehagekunsten – men i staten har dei kvitta seg med den mest nødvendige delen av det, skriv komponist og pedagog Hans Martin Austestad.

Av Hans Martin Austestad, komponist, lektor i utøvande musikk, og musikkpedagog

Det går no ein debatt om DKS i Ballade og andre kulturmedier. Og ein sak i rekka summerar at Kulturtanken (KT) har lagt inn nye føringer for DKS ordninga om å utbetale honorar til utøvarar som følger av covid-avlysninger etter dialogmøter med kunstnernettverket og fylkeskommunane.

Eg er glad for at ein fekk på plass denne føringa. Men eg registrerer også at organa som har snakka seg fram til denne føringa har vore nøydd til å kaste vekk mykje tid på svært enkle spørsmål, som skulle vore i orden for lenge sidan. Kulturtanken har alltid som bekymring at DKS-midlane ikkje skal gå til ungane. Dette syner ein uforståeleg låg tillit til at utøvarar i systemet er oppteken av at ungane skal få forestillingar. Difor ser det ut til at KT har ønskjer om at regelverket i DKS hovudsakleg skal gjeve oppdragsgjevar pressmiddel i form av å halde tilbake pengar dersom jobben ikkje blir gjort. Sjølv om ein no har gjort eit unnatak fram til mai. Denne typen innstilling til kunstnarar er ein uting som er med på å trekke eit skille mellom den gjengse arbeidstakar, og kunstnaren i samfunnet – noko eg hadde forventa at Kulturtanken for lengst hadde klart å resonnera seg fram til med sine årsverk, ikkje heng på greip.

I saka om nye føringar for Kulturtanken hos Ballade.no vert det haldt fram at behovet for justering av vilkåra i DKS kjem som følger av at det er pandemi. Dette er ikkje riktig. DKS, som statleg ordning, og som alt anna i samfunnet, må vera rusta for alle typar utfordringar som samfunnet kjem inn i. Det er ikkje godt nok, at Kulturtanken kallar inn til dialogmøte 2 år inne i pandemien for å «gå i dialog» om kva behov ein har der ute. Ei slik haldning er med på å undergrave kulturlivet si rolle i samfunnet, som me har sett mange eksemplar på under pandemien. Ei ordning for sjukeløn for folk som går inn i tette skule- og barnehagebygg skal vera sjølvsagt – og no har pandemien bevist dette ein gong for alle, så det er eigentleg berre å rekke opp handa og innrømme «vi tok feil».

Og behovet kunne ikkje ha blitt tydelegare kommunisert, både av fagforbunda, og av utøvarar. Mellom anna frå dei tre oppropa som er haldt for saka i 2017, 2019 og no i 2022 – der sistnemnde førebels er oppe i snaut 2500 underskrifter.

Av fellesskap er du kommet, til fellesskap skal du bli.

Eg ser at eit fokus for saka som Sonia Loinsworth har sett på dagsorden i Ballade også diskuterer prislappen på forvaltninga – og ein torpederer byråkratiet som om byråkrati i utgangspunktet er negativt. Dette er historielaust – det er byråkratiet som gjer at ordninga finst i det heile tatt. Ordninga og pengane i DKS kjem frå fellesskapet. Ordninga er dessutan til for fellesskapet. Loinsworth argumenterer dessutan ut frå ein barnehagekvardag der publikumet ikkje ligg ført inn under ein fullstappa fagplankvardag, og hennar retorikk rommar ikkje sentrale spørsmål om kvalitetssikring for den breidda som ordninga har som hensikt å levere.

Men ein må gjerne diskutere prislapp og korleis byråkratiet skal handsame målsetjingane ordninga. Når Kulturtanken (staten) i 2022 driv med forsking på DKS (også staten) er dette ein surrealistisk form for kulturforvaltning. Ein skryt av at byråkratiet er bygd ned i omlegginga, men likevel mottar barn i skulen færre forestillingar no enn før omlegginga. Og utøvarane har dårlegare arbeidsvilkår. På denne måten har Kulturtanken gradvis gjort seg sjølv irrelevant, ved å ikkje evne å vera sjølvkritiske. For det Kulturtanken burde gjere, er å hefte seg med kvalitetssikring i alle ledd av ordninga, og dette inneberer å sikre at nokon har arbeidsgjevaransvar for utøvarar, og at ein også kan ta opp kvalitetsspørsmål i forhandling om rammer for ordninga. Tett kontakt mellom arbeidsgjevar og fagmiljø. Det inneber at fagpersonar bør vera tilsett ved Kulturtanken for å gjere kvalitetssikringsarbeid, og sørge for kunnskapsutvikling hos dei som skal ut og gjera jobben med å opptre på skulane. For det å vera utøvar som opptrer i skulen er ikkje å vandre rundt i eit «arbeidsmarked», slik kulturministeren skriv i pressemeldinga til Kulturtanken. Det er eit samfunnsoppdrag for fellesskapet.

Eg ventar framleis på beskjed frå KUD om når dei kan ta imot utskrift av oppropet. Det må bli slutt på lausarbeidet i DKS ein gang for alle. Det er dette utøvarane har sagt heile tida. Og dei tek ikkje feil, dei som er ute og gjer jobben.

Kunstnarnettverket er mange år på etterskot i forhold til å komme med ei felles uttaling om kva dei meiner om korleis ting står til i ordninga.

Ledige stillinger

Hans Martin Austestad

Ledige stillinger

Relaterte saker

Sonia Loinsworth

– Kulturtanken er et pengesluk og departementet prioriterer byråkratiet over kunstnerne

Mens frilanskunstnerne ble presset til margen, bevilget Kulturtanken seg nær millionen i lønnskostnader per årsverk. Sanger Sonia Loinsworth peker i...

Øystein Strand, direktør i Kulturtanken

Kulturtanken svarer kunstner: Viktig med engasjement og debatt! 

Størrelsen på byråkratiet skal og bør diskuteres. Felleskapets midler bør i størst grad gå til det formålet som er den...

Illustrasjonsbilde Hjemmeskole

DKS: Betaler ut honorarer etter avlyste skoleturnéer

Utøvere som spiller for elever og andre i DKS-systemet kan beholde fullt honorar dersom hele eller deler av en turné...

Flere saker

Bendik Qvam

Egil Storbekkens Musikkpris 2024 til musiker og instrumentmaker Bendik Smedåsgjelten Qvam

Multi-instrumentalisten får prisen for å videreføre det viktige håndverket med produksjon av eldre blåseinstrumenter.

Åse Kleveland, Kari Bremnes

8. mars: Åse & Kari & Turid & Reidar & Radka

Redaksjonen plasserer honnør i anledning kvinnedagen.

Farah og Zainab Foto: Jonas Kilmork Vemøy

Ny ideell stiftelse for musikktilbud i flyktningeleire

Music in Refuge har lanseringsmøte på Kulturhuset i kveld.