Mykje av grunnen til den internasjonale utbreiinga av norsk jazz dei siste femten-tjue åra har vore ein utstrakt og vellukka bruk av elektroniske verktøy i musikken. Elektronisk musikk har ikkje berre gitt oss nye, syntetiske lydar og artige trommemaskiner.
Vi har også fått heilt nye musikkformer, med nye metodar for komponering, enten det er hip-hop, elektronika eller støy, og ikkje minst kommunikasjon, slik som[link id=67885 title=» remix-konseptet vi kjenner «]frå miljøet rundt Punktfestivalen.
I tillegg har det endra oss som lyttarar. No er det ikkje lenger berre musikarar med gode instrumentferdigheiter lyttarane er ute etter. Vi skal ha god lyd, eller kanskje gode lydar, og det bør helst vere gjennomtenkt frå kvar minste detalj opp til den store heilskapen ei oppleving kan gi.
Tape to Zero-festivalen ved Nasjonal jazzscene viser dette, med eit fokus mot nyare jazz, elektronika og ambient, gjerne i ei salig blanding. Sjølv om vi fekk høyre artistar frå fleire generasjonar, også med ein viss stilmessig variasjon, hadde alle sterke innslag av elektronikk og manipulert lyd. Denne fellesnemnaren fører gjerne til at andre fellestrekk følgjer etter.
Stor musikk
Ein openbar og herleg tendens ved denne musikken er til dømes at ein nyttar elektronikken til å gjere uttrykket sitt større. Då snakkar eg ikkje berre om moglegheita til multitasking som kjem med sampling og looping, men også korleis ein kan forsterke og skape enorme, djupe lydar og lydbilete som fullstendig fyller rommet.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter
Ta til dømes Sea Change, pop-prosjektet til Ellen A. W. Sunde. Sunde har ein relativt lågmelt sangstil, men ho kombinerer stemma si med suggererande beats og massive, varme synthlydar. Når alt stemmer er det ei deilig kjensle, og like mykje av denne opplevinga ligg i sounden som i låtane i seg sjølv. Det er lite som er tilfeldig med val og behandling av synthlydar. Samtidig er der mykje som kan gå skeis på vegen fra laptop til publikum.
For når elektronikken er ein så stor del av opplevinga må lydforholda vere tilnærma optimale, og stemme overens med det som kjem frå scena. Trommeslagar, komponist og produsent Bendik Hovik Kjeldsberg leverte eit ganske fint solosett, som sto for flest up-tempo rytmer og melodiske element på festivalen. Der var fleire vakre, små låter, med små melodiar og funky vendingar, utført av ein framifrå trommeslagar. Men dessverre blei han offer for låg og dårleg lyd, og når han sto på som verst bak trommesettet blei resten av musikken hans fullstendig overdøyvd. Med slik musikk vil eg at lyden skal treffe meg, og eg skal ikkje måtte leite etter den.
Avgrensingar
Elektronikk og effektar kan tydelegvis også by på avgrensingar og utfordringar. Bruk av klang og ekko kan til dømes avgrensa tonalt, sidan ein overgang til ein annan tonart ville krevje at klangen frå den foregåande akkorden opphøyrer. Kanskje det var det som gjorde at pianist Kjetil Husebø såg ut til å bli litt fanga i sin eigen modalitet under solosettet sitt. Etter ein halvtime med brotne, opne, vedvarande klangar med små triller og beskjedne løp, heile tida med svært lite variasjon tonalt- og stemningsmessig, blei eg lei og tenkte at han kunne levert ein betre pianokonsert akustisk.
Samtidig representerte Husebø ein tendens som gjekk igjen hos fleire aktørar. Det er artig korleis så mykje av den elektroniske musikken, med dei uendelege moglegheitene dette universet gjev for å utfolde seg, er såpass minimalistisk, med korte, repeterande samples, eller opne, vedvarande klangar.
I trioen Splashgirl har dei utnytta minimalistiske grep til det fulle. Bittesmå, repeterande tema, ofte med utspring frå pianoet, vert langsamt utvikla, utvida og ført over i nye retningar og nye, små tema. Splashgirl er på sitt beste når dei klarer å halde igjen og melke desse små temaa fullt ut, og når dei først dreg på følest det herleg forløysande.
Spasmekonkurranse
Eg merkar at eg som publikummar stiller litt andre krav til elektronisk musikk, enn til dømes til ein akustisk jazzkonsert. Eg vil at kvar enkelt lyd artisten har valt ut skal vere nøye gjennomtenkt og forseggjord. Det krever mykje arbeid, og enkelte lukkast meir enn andre. Artistar som Stian Westerhus gjer at ein kan stille slike krav.
Ved årets festival deltok han som gjestemusikant i Splashgirl og som remix-emne for Jan Bang og Erik Honoré. Det er ikkje tilfeldig at eg meiner at desse to konsertane var dei beste. Hos Splashgirl bidrog Westerhus til å dra på litt meir enn eg trur dei ville gjort ellers og resultatet blei eit røffare uttrykk som musikarane i gruppa handterte fint.
Jan Bang og Erik Honoré starta med blanke harddiskar og fekk servert alt frå djupe, runde basslydar, til krisp, porøs klikking og lange, lengtande tonar. Vidare utvikla det seg til eit mylder av Westerhuske karusellar som ein som publikum raskt mistar kontroll over. Då er det berre å lene seg tilbake og la musikken tale for seg sjølv. Westerhus har eit mørkt, farleg uttrykk, men Bang og Honoré slukte det heilt, og nølte ikkje med å bidra med sitt. Honoré stod som vanleg for den litt meir tilbakehaldne ambient-biten, medan Jan Bang gjekk inn i ei spasmekonkurranse med Westerhus og hamra vilt laust på samplaren sin. Slik fekk vi ein herleg sesjon med alt frå vakker, roleg ambient til uttagerande, perkussiv støy.
Om det er noko ein saknar etter to dagar med slik musikk er det kanskje litt fleire lystige tonar. Det kan sjå ut til at ambient- og elektronikamusikken inviterer til ein viss melankoli. Men eg ser ikkje heilt kvifor ein ikkje kan skape meir vakker ambient støy med fleire durakkordar. Eg meiner, Brian Eno har aldri sett ut til å ha noko problem med det.
Tape to Zero, Nasjonal Jazzscene 18.-19 april
Med: Bendik Hovik Kjeldsberg, Kjetil Husebø, Splashgirl m/Stian Westerhus, Sea Change, Pd Conception, Westerhus/Jan Bang/Erik Honoré og Leafcutter John

Ballade jazz: Bang Bang
Kan vi oppleve tid gjennom rytme? Kritikar Torkjell Hovland reflekterar rundt nye album frå Karl Bjorå, Telehiv, Building Instrument og Hulbækmo/Kalman i Ballade jazz.

Astrid Kvalbein gjenvalgt som rektor ved Norges musikkhøgskole
Kvalbein blir rektor i fire nye år, med musiker og professor Morten Qvenild som prorektor.

Kunstneropphold på Folkemusikksenteret i Buskerud
Åpent for alle musikere å søke, til øving, låtskriving og fordypning i norsk folkemusikk.

Bevar Musikkbiblioteket ved NTNU!
Et så viktig universitet som NTNU må ha et rikholdig bibliotek for musikkprofesjonsutdanningen, og med kvalifiserte ansatte. Norsk musikkbibliotekforening støtter innspill om musikkbiblioteket ved NTNU, skriver Tone Nøtvik Jakobsen.

Ballade video: I stua, i limbo
Med Marie Sahba, Adam Douglas, Iris Caltwait, Intertwine, Barren Womb og ARV. Samt en fem låters mini-konsert med Sweetheart.

Lyden av Gamle Oslo Gammaldans
Gamle Oslo Gammaldans er sju voksne folk som ikke spiller gammaldans. Opplev dem live på Ballade-arrangement i Gamlebyen i Oslo torsdag 27. mars.