© Morten Hjertø

Elastisk Oslojazz

ANMELDELSE: I spekteret mellom Operahuset og MIR, finkultur og frijazz, champagne og pils, lukkast Oslojazz med å få fram breidda og tilpassingsevna til jazzen i dag.

Kalender

7x7x7

02/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Toner og Tanker på Malerhjemmet

03/12/2023 Kl. 16.00

Viken

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 17:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Oslo jazzfestival er ikkje den mest ambisiøse vi har i løpet av sommaren i Noreg, og i mylderet av arrangement og kulturstasjonar hovudstaden har og by på, særleg den andre veka i august, blir den også lite synleg. Men den som leitar skal finne. Gjennom Oslojazz’ smarte samarbeid og god booking kunne ein førre veke oppleve kor elastisk jazzen kan vere. Denne musikkforma rører seg på tvers av generasjonar og i eit mangfold av musikk- og kulturuttrykk, frå operahus til skitne nattklubbar.

Nora!
Den offisielle opninga skulle vise seg å bli ei stor oppleving. Nora Brockstedt blei 90 år i januar, og det verkar naturleg å legge ein konsert til ære for hennar liv og verksemd til Oslojazz.

Brockstedt fortener ikkje mindre enn det beste vi har til eit slikt høve. Arrangørakrobat og Ella-vinnar, Erlend Skomsvoll, synte med Come Shine og eit bra arsenal av gjestar fram ulike sider av Brockstedts karierre, gjennom til dels karikerte og kreative tolkingar.

Come Shine starta med «Tango for to». Med sine latinamerikanske referansar og invitasjon til dramatisering, tendensar som Skomsvoll har vist at han er god på tidlegare, er denne låta som skapt for kvartetten. Eller, for høvet var Come Shine ein kvintett: med den unge og lovande saksofonisten Hanna Paulsberg som gjorde ein god jobb gjennom heile kvelden, inkludert i «Tango for to». Til trass for sin unge alder er Paulsberg verken for romfrek eller beskjeden. Ho fyller ut si rolle med godt plasserte licks og fine kor, og veit å legge av når ho skal.

Skomsvoll har tatt teksten i «Tango for to» bokstavleg, så når Live Marie Roggen syng om «det je itte kan» verkar det som om heile bandet snublar litt. Meir presist bryt dei opp flyten og rytmene og skapar ei musikalsk forteljing av teksten, men utan at det blir for latterleg.

Les også: [link id=68260 title=»Elektronikkens potensial, frå Tape to Zero«]

Det same karikerte uttrykket kom fram då gruppa/ensemblet/Come Shine fekk med Tuva Syvertsen i den tragikomiske «Er du gla’ i meg ennå, Karl Johan?». Gjennom uredd dissonansbruk og store bokstavar i alle retningar, frå det lågmelte og snufsete til desperat roping laga dei ein tilnærma ekstrem versjon av visa.

Men desse «karikaturane» skapte på ingen måte problem med å gjere ære på Brockstedt. Uttrykket ved konserten balanserte godt mellom det litt fjollete som vi har nemnt over og ei enklare reindyrking av dei gode melodiane ho har presentert for oss gjennom ei vel 70 år lang karierre.


Artistar ved opningskonserten. Foto: Oslo Jazzfestival/Ola Sundberg
Det sistnemnte kom til dømes godt fram då Emilie Christensen framførte «Lykkeliten» svært elegant og rørande, medan Jan Eggum fekk vist seg frå si beste side på dei sosialrealistiske slagarane «Æille så ner som a Ingebjørg» og «Med lokk og lur».

Jazzopera
Sosialrealisme, karikaturar og tragikomikk stod også sentralt i Brazz Brothers’ jazzopera «Storkaren». I samarbeid med Den Norske Opera & Ballett blei denne nokså spesielle framsyninga sett opp to kveldar førre veke.

I «Storkaren» treff vi Magne Fremmerlid åleine i rolla som utflytta sunnmøring, han drikk seg ihel i ei brun New York-bule, «Bar Noir». Medan liket blir frakta mot gamlelandet høyrer vi han fortelje om kva som førte til den tragiske endinga og refleksjonar rundt hans ettermæle.

Ronnie M.A.G. Larsen har skrive ei artig historie, med djupt alvorlege undertonar, og spenninga mellom den ambisiøse amerikanske draumen og det trauste lynnet ein kjenner frå sunnmørske fjordar passar perfekt inn i Helge Førde og Brazz Brothers sitt uttrykk, som er nettopp ei blanding av amerikansk jazz og brassmusikk, og ein stolt, sunnmørsk (nærmare bestemt Sula) korps- og kor tradisjon.

Les også: [link id=67067 title=»Hva er en live remix?«]

Reisa fra New York til Sunnmøre vert tydeleg skildra gjennom komposisjonane til Førde, framført med Brazz Brothers som orkester. Dei fungerer vidare som jazzband i den brune bula og sklir gradvis over i rolla som eit sunnmørskorps etter kvart som Storkaren nærmar seg gamlelandet.

Helge Førde har gjort enkle og effektfulle grep for å skildre reisa. I New York er det utprega, seig, nesten parodisk jazz-noir-musikk, slik ein kan forbinde med den klassiske svart-kvitt detektivfilmen. Når dei vakre fjell i syningom kjem fram blei det straks enklare og klårare harmoniar, med meir dur-treklangar enn tette septimakkordar. Og eit høgdepunkt var verkeleg då Brazzbrørne henta fram seglarluene og blir forvandla til eit gammalt, slitt mannskor med ei skjelven framføring av «Den fyrste song».

Festival i festivalen
Størsteparten av Oslojazz går naturlegvis ikkje føre seg i operahuset, men i mange av byens nattklubbar og barar. Den sterkaste kontrasten til operaen må kanskje vere MIR på Grünerløkka, der frijazz- og improfestivalen Blow Out! har gått føre seg dei siste fire åra.

Medan det i fjor var [link id=67828 title=»fokus på konflikta «]mellom Oslojazz og Blow Out!, har «Blow Out» funne vegen til det offisielle programmet til Oslojazz i år. Kor tett dette samarbeidet har vore, og kven av dei som er best tent med det, er meir uklart.

Blow Out gjekk over fire kveldar, og fungerer no som ein festival i festivalen. Musikken som vert presentert der er også like full av kontrastar og spennvidde som jazzen elles.

Då eg kom meg til MIR fredag kveld var Tradition Trio for lengst i gang med sitt sett. For frijazz-fans, inkludert underteinka, var dette sikkert ein av dei gjevaste konsertane ved årets festival. Alle tre er gamle travarar innanfor sjangeren og har total mangel på hemningar og sperrer.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter

Dette førte til eit sett med enorm intensitet. Sjølv om dynamikken kan variere stort med tanke på volum og tempo, var intensiteten alltid like sterk. Johannes Bauer slutta aldri å spele, sjølv om trombona er langt frå munnen. Alan Silva, som vanlegvis blir knytta til bass, hamra vilt laust på sin synth, og skifta og vrengte på lydane støtt. Roger Turner bak trommene har det mest bastante og tunge uttrykket av dei tre, men fungerte likevel i større grad som ei brubyggjar og ein akkompagnatør enn dei to andre.

Framdrifta blei skapt gjennom samkøyrt variasjon i teknikkar og uttrykk, slik at dei tre anten gjekk saman om til dømes mørk rumling og lange tonar, eller lys og rask ‘klikking’ og pusting.

Bassist Eivind Opsvik gjekk på etter Tradition Trio og baserte framdrifta si på den samme strategien, men solokonsert med kontrabass blir likevel noko vidt forskjellig frå den føregåande seansen.

Medan ein i samspel med andre kan legge av og legge seg på ei ny retning basert på det medmusikantane gjer, må ein som soloartist skape alt åleine utan stans, der og då. Opsvik såg ikkje ut til å kjenne på presset, men køyrte på utan å nøle.

Gjennom settet hans fekk ein oppleve alle lydane ein kontrabass kan lage, frå vakre, durprega melodiar til støy i mange slags former.

Både Opsvik og Tradition Trio lukkast med å skape ei heilskapeleg konsertoppleving med ei fin formkurve og varierte uttrykk. Ein blir påminna akkurat kor bra fritt improvisert musikk kan bli, når utøvarane er drivne i sitt fag.

Ytterpunkt
Desse ytterpunkta på programmet til Oslojazz illustrerer kor breidt jazzen kan favne i dag, og korleis gamle og nye uttrykk held fram med å møtast og skape store opplevingar.

Når det er sagt var mykje av det øvrige programmet forutsigbart, og festivalen kunne gjort ein betre jobb med å framheve yngre utøvarar, gjerne dei som framleis er under utdanning ved byens mange musikkinstittutt.

Oslo jazzfestival gjekk føre seg 12.-17. august i ulike lokale i Oslo.
Denne saka omhandlar «Nora», som blei framført i Operaen mandag 12. august kl. 18, «Storkaren» som blei sett opp i sal 2 i Operaen 14. august, og dei to første setta ved Blow Out 16. august.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.