Hopp til innhald

Punkts utvida remix-omgrep

Da Jan Bang ‘‘livesampla’’ trommene til Anders Engen i 1996, forstod han at dette var ein ny måte å lage musikk på.

Det byrja med såkalla live-sampling med Bugge Wesseltofts New Conception of Jazz på 1990-talet. Nokre år seinare, i 2002, skapte Jan Bang og Erik Honoré omgrepet ‘‘live remix’’.

Med det kom ideen til Punktfestivalen som starta i 2005.

— Det som skjer teknisk i ein live remix er at det går linjer frå hovudkonserten til det som vi kallar for Alfarommet. Der kan vi sample bitar og delar frå det som skjer der og då. Vi kan stoppe opp, spele ting for kvarandre, snakke saman, og slik hentar vi ut ting vi kanskje kan bruke i vår improvisasjon, seier Jan Bang.

Følg Ballade på Facebook

Komponere i sanntid

Medan hovudkonsertane på Punktfestivalen går føre seg har Bang, eller andre aktørar i live remix-konseptet, førti til femti minutt på å førebu sin konsert før publikum kjem direkte inn i salen frå førre konsert.

— Live remix er å komponere i sanntid. Men det er ikkje ein ein-til-ein ting, at vi skal vere så like den føregåande konserten. Samplinga vi gjer skal vere eit utgangspunkt for noko heilt nytt, forklarar Bang, som saman med Erik Honoré har drive Punktfestivalen sidan 2005.

Konseptet er med andre ord ikkje heilt likt det folk vanlegvis forbindar med ‘remix’, der det gjerne er tydelegare spor av orginalen.

— Vi har valgt å behalde remix-omgrepet, men prøvd å fylle det med nytt innhald som er relevant i dag. Når eg livesamplar er eg vant til å tenke i nåtid, framtid og i fortid. Eg lyttar til kva du som musikar kanskje kan gjere i neste steg.

Les også:

Ledige stillinger

Rollefordeling og perspektiv

Bang forklarar at det handlar om å tenke i perspektiv. Han samplar og slettar til han sit igjen med noko han kan bruke.

— Ofte sit eg ikkje igjen med meir enn kanskje tre korte samples som eg vil bruke. Eg likar godt å forholde meg til få og små element, og eg likar moralen over ei slik avgrensing. At no er det dette eg har å forholde meg til og då er eg nødt til å få til noko med det, fortel han.

Ved årets Punktfestival gjer Bang remixkonsertar saman med Honoré, Eivind Aarset og Arve Henriksen. Saman spelar dei ulike roller i live remix-prosessen.

— Erik jobbar med laptop og har derfor gjerne lengre samples enn meg, medan Eivind og Arve ikkje samplar, men gjerne sit å lyttar etter fraser og element dei kan bruke i sin improvisasjon på konserten. Og så kan eg og Erik naturlegvis sample og resirkulere det Eivind og Arve gjer undervegs i konserten.

Det konseptet gjer det vanskeleg for publikum å skilje mellom kven som gjer kva på scena.

— Eg opplever akkurat det som uproblematisk så lenge det opplevast som ein organisk prosess for oss, og opplever stort sett at publikum forstår greia, slår Bang fast.

Følg Ballade på Twitter

Nervøs Brian Eno

Årets festivalkurator er den verdskjende artisten og produsenten Brian Eno. Bang fortel at det har vore eit mål sidan starten å få til noko med Eno, og ti år etter at idéen kom er det altså gått i oppfyllelse.

— Det har vore viktig for oss å ikkje berre huke tak i folk, men ta det når det passar. No er det riktig timing for han og komme hit og det er fint.

Eno har også for første gang i si karriere levert ein remixkonsert på torsdagen under årets festival, saman med artisten J. Peter Schwalm.

— Det var herleg å sjå Brian så nervøs! Han var rett og slett stressa, seier Bang.

Punktfestivalen 2012 går føre seg ved Kilden i Kristiansand til 8 september.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ultima

Ulike ynskje om samarbeid

Oslosentrert og institusjonalisert, men dei andre samtidsfestivalane samarbeider gjerne meir med Ultima.

Erik Honoré

Lyden av Erik Honoré

ANMELDELSE: I prosjektet med Greta Aagre får Erik Honoré ein meir framtredande og tydeleg rolle.

Punkt i knipe

Kristiansandsfestivalen skylder 1.870.000 kroner.

Tape to Zero

Elektronikkens potensiale

ANMELDELSE: På Tape to Zero-festivalen fekk vi høyre eit breidt utval av kva elektronisk musikk er i dag. Ikkje alle...

Flere saker

Gaffa

Slutt for GAFFA i Norge

Musikkmagasinet GAFFA.no legger ned knappe to år etter at papirutgaven gikk inn.

Fra den norske danseforetillinga Boxism av Catherine Michelet

– Nå vil jeg vise at vi tar dans og dansenæring på alvor!

En kulturminister fikk applaus da han la fram sin del av statsbudsjettet i dag: 14 millioner kroner skal løfte nyproduksjon...

Andreas Meland blir satt pris på av bibliotekvenner.

Sildajazz-general fikk pris for å være god venn av folkebiblioteket

Får ros for å tilgjengeliggjøre deler av Sildajazzen.