Ivarmedaas

Ivar og Kari Medaas fekk Målprisen

– Vi i målrørsla er evig takksame for den store kulturinnsatsen Ivar og Kari Medaas har gjort for norsk språk og kultur, og vi er trygge på at dei kunstverka som dei har skapt kjem til å leva vidare i norsk kulturliv i generasjonar. Før har det vanka både Lindås-pris og Nordhordalandspris, og no skal dei også få ein velfortent målpris, som dei eigentleg burde ha hatt for lenge sidan!, skriv Noregs Mållag på si heimeside etter at dei i helga ga Målprisen til Ivar og Kari Medaas.

Kalender

Islandsk utbrot i Bergen

24/02/2024 Kl. 18.00

Vestland

Lørdagsopera i Posthallen

24/02/2024 Kl. 16:00

Oslo

Operapub på Grønland Boulebar

24/02/2024 Kl. 19:00

Oslo

DUESUND

28/02/2024 Kl. 20:00

Vestland

Vinnarane har i ein mannsalder formidla strilekultur og strilemålet til oppvaksande generasjonar. Særleg på Vestlandet har Medaas vorte populære. Kven har ikkje fått høyra slagerar som “Dar kjem Dampen”, “Hestehandlarar”, “Det sa presten” og “Ver glad i den nasen du har” når dei har drege på bryggedans eller fest på lokalet? Men også i dei norske heimane og i radioen har ein fått høyra Medaas sine låtar. I fjor haust slapp Tylden & Co dobbelt-CD-en “50 beste” med Ivar Medaas. NRK-journalist Bård Ose valde ut nokre av dei finaste låtane frå strilekomponistens 13 album og kring 30 singlar. Bård Ose jobba i meir enn tre år med å samla Medaas-arva for ettertida. Han har tidligare fått Salhuskvintettens beste på CD, og reknar Ivar Medaas som ein naturleg oppfølgjar.

— Jeg får en slags ro i sjelen etter at disse lokale storartistene nå er i boks. Nå er deres beste og mest populære arbeider lett tilgjengelige for alle med en cd-spiller. Lydkvaliteten er forbløffende bra, selv om utgangspunktet stundom har vært – ja, litt kaotisk, humrar Ose til Bergens Tidene. Skiva har vore møtt med stor interesse frå dei fleste hold.

— Okey, du får nok ikke urbane ungdommer med på dette. Men alle de med sans for vestlandsk identitet hører til kundegruppen. Voksne folk. Gamle folk. Oppsiktsvekkende mange fra ulike miljøer har fortalt meg at de gleder seg til å høre Ivar Medaas igjen. Jeg tenker noen hver får bakoversveis når de oppdager hvor god og flink han egentlig var. Hvis ikke dette var blitt tilgjengelig på cd, ville Medaas’ visekunst gått tapt for flere generasjoner, sier Ose til Bergens Tidende. Med samlinga ville han klargjera at Medaas ikkje berre er ein gjøgler, men også ein seriøs komponist, songar og felespeler.

Diverre har fleire av orginalopptaka gått tapt.

— Norsk platebransje var flinke til å bevare opptakene på 50- og 60-tallet. Men på 70-tallet begynte slurvingen, seier Ose. – Det er innspillinger fra 1978 og 1982 som har forsvunnet, så disse måtte hentes fra vinylplater.

Men musikken til Medaas lev vidare både på denne doble CDen og i folkeminnet. På heimesida si skriv Noregs Mållag følgjande om Medaas entre på den norske musikkscena:

«Då Ivar Medaas storma inn med fele og strilamål på Chat Noir i 1963, opplevde han at endåtil dei finkulturelle oslofolka la seg flate for føtene hans. Med det skreiv han revyhistorie. I plysjstolane sat publikum krumbøygde i ustoppeleg tusslått og saug til seg saftige vestlandsgloser iblanda hardingfelemusikk. Midt i Elvis-feber og Beatles-hysteri stod den unge lyslugga strileguten fram med “unplugged spikjekjøtmusikk”, akustisk gitarklimpring og ramsalt dialekt. Heilt stødig stod han, utan knot. Som ekte norsk motvind i ei Amerika-påverka tid.” Slik byrjar Jan Spurkeland boka si om gjøglaren og felespelaren Ivar Medaas frå Alversund i Nordhordaland.

Og Ivar og kona hans, Kari, har hatt mykje å seia for norsk musikk, nynorsk språk og dialekt og norsk folkekultur i det heile i sitt lange og rike artistliv. Med stjerneslageren og den musikalske landeplaga “Gamle dampen” har Ivar gjort seg landskjent i generasjonar framover. Men han har ikkje berre det musikalske og litterære blinkskotet på sitt kunstnarlege samvit. Heile 13 LP-plater har han spela inn, attåt 34 singelplater og 92 eigenproduserte, i følgje TONO-registeret. I tillegg kjem ei rad med originale NRK-opptak, heile 33 i talet.

Mange artige revyar på moroteatra i hovudstaden var han også med på, somme gjekk også ut på turne. Det var såleis på Chat Noir Ivar slo igjennom for alvor og vart rikskjendis. I samarbeid med glupe tekstforfattarar som mellom anna Jakob Sande, Arnljot Eggen, Aslaug Låstad Lygre og Herbjørn Sørebø har Ivar levandegjort fine nynorske tekstar med komposisjonane sine. Mange hugsar kanskje Ivar best frå radioen og Ønskekonserten, men dei fleste vil vel kanskje meina at han måtte opplevast frå scena. Der han brukte seg og det mangslungne talentet sitt til fulle, og han har gledd tusenvis av unge og gamle på turneane sine land og strand rundt. Han kunne traktere både hardingfela, gitaren og si sterke og gode røyst like godt; og innimellom så gjøgla og fortalde han, kom med skrøner og historier som sette folk i godlag, same kor sure dei var.

I dette stykket likna han litt på musikkollegaen sin, vossingen Sigbjørn Bernhoft Osa. Det gode samarbeidet på tvers av musikkformer og – grenser er ei anna side ved Ivars kunstnargjerning. Han er like god og ekte anten han spelar country, rock eller norsk folkemusikk eller blandar alle tre sjangrane. Dette slo veldig godt an både blant unge og eldre, Ivar var både tradisjonalist og modernist samstundes og samarbeidde like godt med unge popmusikarar som med tradisjonelle spelemannslag. Revyar og kabaretar som “Hestevrinsk og fløytelåt” og “Bymann og stril“ er ting som folk hugsar godt enno.

Ein betre ambassadør har nynorsken og folkekulturen sjeldan hatt i nyare tid, vil mange meine. Ja, ei hovudstadsavis meinte jamvel at Ivar var “Vestlandets betydeligte eksportprodukt siden Aasen-normalen”. Noregs Mållag og nynorsken treng gode språkbrukarar og kunstnarar, skal målet vårt nå fram, og Ivar og Kari har vore nettopp det. Og dei fekk attpåtil løyst litt opp på det noko alvorstunge og litt trauste norskdomsuttrykket med gapskratt, sjølvironi og gjøglarfakter.

Det er òg eit godt poeng her på denne samkoma i Oslo at Ivar og Kari faktisk møttest i Leikarringen i Oslo i 1960 for å gå på vinterlandbruksskulen. Ikkje lenge etter finn vi dei to att som den velkjende Vestlandsduoen, i 35 år var dei songpartnarar og reisefølgje, spelte inn plater og turnerte landet på langs og tvers.»

Det er ikkje fyste gongen folkekjære Medaas prisas som ein av dei mest framsynte samtidsmusikarane.

— Både på plate og på konserten vil det komme frem at Medaas er en av de største komponistene i Norge. Ikke minst på “Safflevalsen” kommer det frem at Ivar Medaas er en av de største på sitt felt i Norge, sa Inge Glambek til Bergens Tidende, då Glambek med fleire stellde i stand til fest på logen i samband med samle-skiva. Han har spela med Medaas sidan 1978, og har også produsert ei av platene hans.

Tru heller ikkje at Ivar Medaas berre har hengd seg fast i den gamle musikken. Høyrer han noko nytt og spennande gir han plass til det med, fotel han i eit av intervjua du kan lese nedanfor.

— Han der frå Bergen – e’ da Lerche han heiter?, spør Medaas Bergens Tidende.

Les meir om Ivar og Kari Medaas musikk her.

http://www.tylden.no/gta81634.htm
http://bergenpuls.no/cityguides/nav/news.jhtml?context=concert&id=1693
http://bergenpuls.no/cityguides/nav/news.jhtml?context=concert&id=1729
http://bergenpuls.no/cityguides/nav/news.jhtml?context=music&id=1334

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.