Hopp til innhald

Målpris til Hellbillies

Hellbillies fekk fredag Målprisen 2001 frå Noregs Mållag for konsekvent bruk av hallingmålet i songane og nynorsk i skrift gjennom snart ti år.

— For ein hardt pressa dialekt som hallingmålet kan ein knapt overvurdera kva det har å seia at ungdom ser det er mogleg å gjera suksess på dialekt, seier Oddmund Hoel, leiar i Noregs Mållag.

Gruppa frå Ål i Hallingdal gav ut den fyrste plata si, Sylvspente Boots, hausten 1992 og song seg raskt til topps både på Norsktoppen og salslistene. Og etter sju plateutgjevingar og konsertar landet rundt er populariteten større enn nokon gong for gjengen som har vunne ry som eit av Noregs beste konsert-band. Attåt å vera fyrsteklasses musikarar som spelar fengjande musikk, ligg mykje av forklaringa på populariteten til Hellbillies i den måten dei har teke norsk bygdeliv på kornet gjennom figurar som Syver i Armodbråta, Gamle Bry’n, reinsjegaren på Vidda og ein neger på Ål stasjon.

— Hellbillies burde ha fått ein målpris av oss for lenge sidan, men når det fyrst vart no, høver det særs godt at ein av dei store hit-ane på den nye plata Urban Twang nettopp er eit oppgjer med den hangen mange norske artistar har til meiningslause engelske tekstar, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå styret i Noregs Mållag.

Låtskrivar og ankermann Arne Moslåtten i Hellbillies kom sjølv for å ta imot Målprisen 2001 i Det Norske Teatret i Oslo, laurdag 21. april kl. 10.00.

Heimesidene til Noregs Mållag finn du her.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ivarmedaas

Ivar og Kari Medaas fekk Målprisen

– Vi i målrørsla er evig takksame for den store kulturinnsatsen Ivar og Kari Medaas har gjort for norsk språk...

Marte Wulff

Dammen reddes av lokale bedrifter

Om kort tid lanseres programmet for årets «A Night Under the Dam», som er åpningsarrangementet til Eikerapen Roots Festival i...

Animal Alpha08/Foto: Anja Elmine Basma

Reisebrev fra Storås – II

FESTIVAL: Ballades utsendte rapporterer videre fra Storås. – Dagens store overraskelse var Storås Danseband på Sagascenen, Det hele er festivalgründer...

Flere saker

Hege Haukeland Liadal Foto: Arbeiderpartiet

-Frivillig musikkaktivitet kan bli skadelidende

Arbeiderpartiet mener at konflikten som har kommet frem mellom Norsk musikkråd og Musikk i Skolen gir grunn til bekymring. Nå...

Norwegian wood

Tidligere Norwegian Wood-eier stevnet for retten

Etterspillet etter 2017-konkursen fortsetter. Bostyrer reiser i tillegg millionkrav i Oslo forliksråd.

Ståle Storløkken på Virtuoso Listener Foto: Arild Schei

Spennende tema, varierende formidling

Hvorfor anses improvisasjons- og eksperimentell musikk som spesielt relevant for et symposium for lytting som The Virtuoso Listener, spør Agnete Eilertsen.