Kaada og flygelet (Foto: Observatoriet)

Kaadas flygel

John Erik Kaada har funne sin måte å spele piano på. Han måtte berre legge inn litt feil i instrumentet. «Misinterpretations» heiter den komande utgjevinga hans – med skuletyggis på strengane «mistolkar» Kaada klassiske pianostykker.

Kalender

– Det har vore ein heilt fantastisk periode. Eg har styrt med det heilt aleine, og har ikkje sagt noko om det til nokon. Eg har gått på jobb, spelt piano i 16 timar, gått heim. Det har vore heilt ubeskrivelig kult. Eg trur ikkje eg kjem til å finne att det fokuset nokon gong – å kunne leve fullstendig i ei sånn pianoboble.

– Men la oss ikkje kalle det eit koronaprosjekt.
– Einig.

Eg trur ikkje eg kjem til å finne att det fokuset nokon gong – å kunne leve fullstendig i ei sånn pianoboble, seier John Erik Kaada (Foto: kaada.me)

– Eg har lengta etter ein måte å spele piano som kjennest personleg
John Erik Kaada er ein av dei fremste og mest aktive filmkomponistane vi har. Han har spelt dansbar frijazz med Cloroform sidan nittitalet, og gitt ut fabulerande neo-folkemusikk under eige namn. Men fram til han var 22, gjekk John Erik til klassisk pianoundervisning. Klassisk var tingen: – Eg vart kanskje ikkje direkte lei, men det var meir den fridomen andre musikkformer gav som var meir forlokkande. Det å få uttrykke seg gjennom improvisasjon og eigne komposisjonar er jo mykje fetare. Eg hugsar at eg insisterte på å spele desse konsertane der det var lov å improvisere kadensen. Då hadde eg det som ei sånn gulrot på fleire av dei stykka eg øvde på.

– Men eg innser når eg er eldre at eg heile vegen haustar frå den bakgrunnen. At eg høyrte så mykje klassisk musikk då eg var liten, kjem ut i musikken min. Det ligg i blodet mitt.

Og no har denne bakgrunnen og skapargleden smelta saman.

Den teknikken eg ende opp med på denne plata er ein liten dæsj med skuletyggis, på kvar streng, på ein bestemt stad.

Kaada kjøpte flygel for fire år sidan, i utgangspunktet med den hensikt at han skulle byrje å øve regelmessig igjen: – Men det er vanskeleg å ta seg tid til det no til dags. Ein skal produsere og lage ting, men berre det å sitte å øve, det… Men det har samtidig blitt eit press at det er eit prosjekt eg må gjennomføre.

Men det losna ikkje. Før han byrja å preparere det.
– Og då er det ikkje skranglete med masse klyper og greier, det er bitte små justeringar. Ein korkbit mellom strengane, då får du ein type lyd som er ganske bright, for eksempel. Men den teknikken eg ende opp med på denne plata er ein liten dæsj med skuletyggis, på kvar streng, på ein bestemt stad.

Og med eitt vart det utruleg inspirerande å spele!

– Du føler liksom at flygelet må jobbe mot deg eller med deg. Du må streve litt meir for å lage lyd, på ein måte. Pianoet kommanderer meg – det oppstår ei likevekt. Den lyden fører meg mot noko som eg igjen reagerer på.

Og då byrja ting å gå av seg sjølv. Det vart inspirerande, og veldig fort personleg. Det passa han. No ville han utforske, og byrja å bla i notebunken.
– Eg visste ikkje kva som har vore hits eller slagerar. Og eg ville ikkje ha dei veldig virtuose, men leita heller etter dei fine melodiane. Såg etter ord som andante eller lento, hehe.

Og så spelte han stykka omatt og omatt. Og omatt. Gradvis vart tonane tilpassa skuletyggislyden. For den er heilt spesiell. Lyden er muta, men ikkje lukka.
– Eg har jo eksperimentert med kvar eg har plassert klumpane. Eg har plassert dei fleste heilt i strengeenden. Det var eit styr med pianostemming. Pianostemmaren var innom etter omtrent kvar justering.

Kaada landa på å bruke skoletyggis på flygelstrengane i sine «feiltolkingar» av kjente pianostykke på albumet Misinterpretations. Albumet kommer 5. mars. (Foto: Observatoriet)

Og Kaada var ikkje interessert i korleis desse stykka «eigentleg» skal spelast eller høyrast ut.
– Eg har teke melodiar og låtar frå eigentleg mange ulike epokar og stilar, og spelar det på min måte og med ein veldig rar pianolyd. Då betyr det veldig fort veldig lite når ting er skrive. Lyden er så distinkt at eg sikkert kunne skrive ein instrumentalversjon av ei funklåt frå 70-talet og blanda det med Bach utan at nokon hadde merka det.

Men no er det altså så mykje filtpianoplater der ute at… Folk kan ikkje røre eit piano utan å legge den der hekkans filten på strengane.

Men Kaada har ikkje lyst å havne i bunken med filtpianomusikk:
– Det har vore ei fem-seks år der alle har lagt filt på strengane. Eg har også vore innom det, altså. Men no er det altså så mykje filtpianoplater der ute at… Folk kan ikkje røre eit piano utan å legge den der hekkans filten på strengane. Eg forstår det jo, det er jo mykje same appellen i det eg gjer. Men det er litt deilig å gjere noko anna enn det då.

Nokre av lydane på plata er ganske store eigentleg. Det er eit stort spekter.
– Det var eit val eg måtte ta. Det som let best på smarttelefon og øreproppar og slike ting, er når ting lét litt flatt. Men eg ville at musikken skulle vere dynamisk, og kanskje litt farleg av og til også. Eg merka at eg iallefall ikkje kunne gjere det for flatt.

Å strekke ut augeblikket
– I Cloroform improviserer vi på scena. Og om vi treff eit punkt som vi kickar på, så ropar me «hold!» – då går me i loop. Då handlar det om å strekke ut det augeblikket.

John Erik Kaada er alltid utforskande. Her frå ein konsert med Cloroform, der han i tillegg til vokal speler clavinet og ulike duppedittar, som dei seier. (Foto: kaada.no)

Og denne tilnærminga tok han seg med i dette prosjektet.
– Oi, den progresjonen er jo kjempefin! Så då berre spelar eg den omatt og omatt, og droppar resten.

Då desse stykka vart skrive var kanskje temaet, melodien, det viktigaste: – Men det kan vere like viktig for meg kva som skjer i venstrehand, eit riff for eksempel. Eg har funne ein figur som har skjult seg inne i arrangementet – kan eg loope den? Fjerne alt anna rundt og berre spele melodien oppå den figuren?

– Og det som er frigjerande då, er at eg ikkje treng å spele låt frå A til Å. Eg tek ut gullet og jobbar med det.

Men Kaada er regellaus, det er ikkje noko «first takes» dette her – alt handlar om ein kjærleik til lyden: – Det har tatt laaaaang tid. Eg har sikkert utan å overdrive rundt 100 innspelingar på kvar av dei låtane.

– Ein ting som var kjemperart, var at det som skjedde var at låtane vart berre seinare og seinare. Og melodiane er strippa til beinet. Det var liksom det tempoet som sette seg i kroppen då. Når eg høyrer på dei første opptaka no, blir eg jo heilt stressa. Det er nok eit resultat av den stemninga eg har i hovudet i år.

– Det har vore ein utruleg meditativ prosess å sitje aleine og vere fokusert på ein ting. I eit mørkt år har det vore deilig å sjå kva dei beste komponistane har fått til å lage. Med desse prikkane på papiret klarer dei å kople seg på eit eller anna som handlar om noko større.

– Det har blitt så enkelt å legge på ting. Det har blitt enkelt å gjere det svært. Det som er vanskeleg er å ta vekk.

Perfekte feil
Kaada har som vi skjønar brukt mykje tid i studioet sitt, men plateutgjeving var eigentleg ikkje intensjonen: – Det er jo tusenvis av perfekte innspelingar av desse låtane på Spotify. Det er ikkje sikkert at verda treng endå ein ny versjon. Men etterkvart kjende eg at det er kanskje såpass spesielt dette eg held på med, så ok; la meg berre trykke record.

Og fredag 5. mars kjem albumet Misinterpretations.

– Perfekt er eit interessant ord – er det slik komponisten har tenkt det skulle vere som er perfekt?
– Ja, det er eit interessant ord – og kven er eigentleg interessert i perfekt?
– Ja, kva er ditt forhold til det perfekte – det trur eg mange vil spørje akkurat deg om?
– Du, det tenkjer eg faktisk veldig mykje på. Studioet mitt heiter jo Wrongroom. Det mest spennande er det som er litt feil, det som skurrar på ein eller annan måte. Og det gjeld spesielt i den klassiske musikken, føler eg. Dei utøvarane som spelar feilfritt, eller programmert eller kva ein skal seie… Det er klart, det har jo ein verdi det også, men.

Han dreg på det.

– Eg likar i alle fall å flørte med ting som er litt feil, då.

Det er berre det det handlar om for meg – lyden. For lyttaren skal det ikkje ha noko å seie, eg håpar berre dei synst det lét fett. (Foto: Observatoriet)

– Og her gjer du jo ein fysisk ganske radikal ting med instrumentet som gjer at det dukkar opp mykje feil..
– Ja, det som skjedde var at pianoet begynte å svare meg på ein måte. Det var spennande at tangenten du trykte ned, ikkje gav den lyden det skulle.

– Det uforutsigbare..?
– Eg tenkjer mykje på kva det er som gir meg kick for tida. Dess eldre eg blir, dess lengre går det mellom at eg får kick. Då eg var 18-20 år kom desse kicka på løpande band. Men no når eg har jobba med musikk i over 20 år, så føler ein kanskje ein har hørt det meste. Så er det kanskje ein «mismatch» mellom det ein forventar og det som kjem ut som eg kickar på.

Eg tek ut gullet og jobbar med det.

Rein gledesrus
– Eg føler verkeleg ikkje at eg er ferdig, altså. Det er fint å halde på med dette medan eg lagar annan musikk også. Eg lærer så mykje av det. Det å sjå korleis Debussy la akkordane sine, for eksempel.

– Nei, akkurat no tenkjer eg at dette var utruleg gøy! Dette prosjektet har vorte spelt inn i ein gledesrus – skikkelig gjevande på alle plan. Det er den lengselen etter å lære noko, lengselen etter å kome litt vidare. Og det føler eg veldig med dette prosjektet her.

Ein filmkomponist sin kvardag er låst til ei datamaskin. I dette prosjektet har Kaada frigjort seg frå det. Han har tatt vekk ting, og sit att aleine med flygelet.
– Det har blitt så enkelt å legge på ting. Det har blitt enkelt å gjere det svært. Det som er vanskeleg er å ta vekk. Eg merkar at det kjem raskare å kome til kjensler når eg spelar instrument enn når eg programmerer. Det er viktig når det gjeld musikk – det skal jo vere kjensler.

Men John Erik Kaada har lite lyst å gjere eit for stort poeng ut av korleis pianoet er preparert eller det å «kødde» med musikkhistorien: – Det handlar jo utelukkande om at pianoet let kult, ikkje sant. Det er berre det det handlar om for meg – lyden. For lyttaren skal det ikkje ha noko å seie, eg håpar berre dei synst det lét fett.

 

Fredag 8. januar kjem den tredje singelen frå Kaadas album Misinterpretations, Kaadas tolking av Mendelssohns «Lieder Ohne Worte». Her finn du link til singelen, der du sjøl velger kva for ei strømmeteneste du vil høyre låten frå.

På denne Spotify-lista samlast alle singlane frå Kaadas Misinterpretations. Lista blir oppdatert etterkvart som nye singlar kjem til.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev