Hopp til innhald
Portrettkonsert Olav Anton Thommessen under Oslo kammermusikkfestival august

Olav Anton Thommessen sjølv var begeistra på fremste rad. Kva er vel vakrare for ein 75-åring enn å bli feira med urframføring av eigen musikk, framført av ungdommar? Her står han midt blant Juniororkesteret Barratt Due, flankert på høyre side av kunstnerisk leder Soon-Mi Chung Barratt-Due. (Foto: Tarjei Mo Batalden / Oslo kammermusikkfestival)

Ungdom med vilje til musikk

KONSERTMELDING: Olav Anton Thommessen sin 75-årsdag vart feira med ein portrettkonsert under Oslo kammermusikkfestival. Finst det ei større ære for ein 75-åring å bli portrettert av unge musikarar som gir alt for musikken?

Oslo Kammermusikkfestival – Portrettkonsert, Olav Anton Thommessen
Gamle Logen, Oslo, 22. august 2021

Olav Anton Thommessen: Bull’s Hit for solo violin
Christopher Tun Andersen, fiolin

Leos Janácek: fra Suite for strykere
Wojciech Kilar: Orawa
Med:
Juniororkesteret Barratt Due (kammerorkester for strykertalent i alderen 13-19 år frå heile Noreg)
Kunstnerisk leder: Soon-Mi Chung Barratt-Due

Olav Anton Thommessen: Tanker, klaverkonsert – uroppførelse
Med:
Marina Kan Selvik, klaver
Juniororkesteret Barratt Due
Kunstnerisk leder: Soon-Mi Chung Barratt-Due

Oslo kammermusikkfestival hadde ein rikhaldig vegg med portrett på programmet til årets utgåve. Festivalen er oppteken av å gjere kvar konsert til ei unik oppleving. Berre det å kalle det portrettkonsert gjer noko med korleis vi som publikum opplever musikken.

Korleis lyttar vi til eit portrett?

Augebryna gjekk rett i veret då eg sette meg ned bakarst i svale Gamle Logen. Solist Christopher Tun Andersen (f. 1991) spelte Bull’s Hit for solo violin komponert av jubilanten. Dette er eit virtuost stykke, som ein nesten høyrer av tittelen. Men Tun Andersen spelar det med ei naturleg lettheit og syng med fingrane gjennom heile det dynamiske spekteret. Ein enkel fiolin i eit stort og staseleg rom.

Tja, ein enkel fiolin – ein G.B. Guadagnini, Milano 1753 utlånt av Anders Sveaas’ Almennyttige Fond, kan vi lese av programbladet. Det er klart at det treverket fyller rommet.

Christopher Tun Andersen speler Olav Anton Thommessens Bull’s Hit for solo violin. (Foto: Tarjei Mo Batalden / Oslo kammermusikkfestival)

Så kjem Juniororkesteret Barratt Due på scena. Eg understrekar Junior–orkester. Nivået er skyhøgt. Ikkje berre når det kjem til kvar enkelt reint teknisk, men det er eit voldsomt levande samspel i det dei formidlar utdrag frå tsjekkiske Leoš Janáček sin Suite for strings. Dei dansar med musikken, har ei intens blikkontakt og ekstrem dynamikk. Frå fremste til bakerste rekke er det ikkje ei sjel som ikkje gir alt i musikken. Soon-Mi Chung Barratt-Due får fram det beste i ensemblet.

Det er så viktig at musikk av nolevande komponistar blir spelt meir!

Og på Wojciech Kilars Orawa tek det heilt av. Då eg skulle leite opp ei innspeling av Kilars Orawa, vart eg i stuss – nei, men det var jo ikkje sånn den var, det groova jo så enormt! Det var kroppsleg og vilt, og det kollektive smilet til juniororkesteret gav gjenklang langt oppå galleriet.

Ledige stillinger

Juniororkesteret Barratt Due.  (Foto: Tarjei Mo Batalden / Oslo kammermusikkfestival)

Det var tydeleg at Olav Anton Thommessen sjølv var begeistra på fremste rad. Det var duka for urpremiere, og kva er vel vakrare for ein 75-åring enn å bli feira med urframføring av eigen musikk, framført av ungdommar? Klaverkonserten Flyktige tanker.

Det er ikkje alltid at vi får moglegheit til å høyre komponisten sjølv introdusere verket. I den klassiske musikken, som oftast ikkje. Det er så viktig at musikk av nolevande komponistar blir spelt meir!

Humørfylt og avslappa presenterer Thommessen oss for den grunnleggjande kompositoriske problemstillinga korleis starte ein komposisjon? Han siterer sin gamle komposisjonslærar: «Det kan enten vere svakt eller sterkt». Thommessen forklarar vidare at ein i samtidsmusikken ofte byrjar svakt, for å «lure» lyttaren inn i musikken. «Men her går eg rett på sak, for eg synst eg kjenner min eigen stil såpass godt.»

Den lune humoren blir med oss inn i lyttinga. Han ufarleggjer den opphøgde «urframføring»-situasjonen og opnar øyrene våre. Og med eit smell frå klaversolist Marina Kan Selvik er vi i gang. Strykarane blir ei forlenging av klangen i klaveret, som elles er eit instrument der tonen døyr ut etter ein kontant ansats. Thommessen har utnytta dette i sin komposisjon – pianoet er stammen, og ut frå stammen veks det greiner og blømer i orkesteret. Musikarane i orkesteret har teke denne ideen på alvor og kvar og ein verkar å vere reflektert i kvart strøk. Som om bogane er dei finaste penslar.

Juniororkesteret Barratt Due med Marina Kan Selvik på klaver under portrettkonserten for komponist Olav Anton Thommessen under Oslo Kammermusikkfestival. (Foto: Tarjei Mo Batalden / Oslo kammermusikkfestival)

Verket er dramatisk. Kan Selvik er overalt på flygelet, det er voldsomt fysisk. I musikk der det er så tett mellom tonane er det nesten så det oppstår fantom-tonar i rommet. I tillegg har Thommessen fleire gongar skrive inn svake stemmer som vert høyrbare først når flygelet har stoppa. Lyttaren opplever at her er det meir enn berre det vi høyrer på overflata. Denne idéen om den «usynlege» musikken blir verande med meg til avslutninga. Oppover og ut i ingenting forsvinn musikken og blir hengande i lufta.

Visst er det flyktige tankar. Men framført av ungdommar med vilje til musikk, blir tankane djupe og poetiske.

Trampeklapp.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Komponist Olav Anton Thommessen

Ny, norsk musikk – 7 anbefalinger. Dag 7: Olav Anton Thommessen

Ballade publiserer komponist Gisle Kverndokks syv anbefalinger til verk av nålevende norske komponister, en serie han nylig startet på egen...

Barratt Due og Soon Mi Chung

Å gi unge mennesker en mulighet

INTERVJU: Stephan Barratt-Due og Soon-Mi Chung er vinnere av årets Lindemanpris. I dette intervjuet forteller de om sitt virke som...

Komponist Olav Anton Thommessen som konferansier under Lindemanprisutdelingen i 2009.

Annen-gangs er som regel annen-rangs

Marcus Paus´ nye paukekonsert stimulerer til en debatt om samtidsmusikkens utforming og fremtid, mener komponist Olav Anton Thommessen.

MarcusPaus

– En «riktig» stil?

Slik jeg ser det, er det i dag meningsløst å diskutere rammene for hva som er et riktig stilistisk musikalsk...

Camilla Kjøll og Lars Anders Tomter under Fjord Classics

– Klassisk musikk er noe alle mennesker trenger

Fjord Classics ønsker at alle skal oppleve klassisk musikk. – Vi ønsker at flest mulig skal få det kicket, den...

Flere saker

Marius Øvrebø Engemoen

GramArt svarer Creo om orkestermusikerne: Vi må forvalte tilliten vår riktig

Orkestermusikerne har akkurat samme status som alle andre i Gramo. Nettopp derfor ble Creos forslag om kollektive vederlagsmidler til denne...

MOYKA BERLIN

Moyka sikter mot stjernene

– Jeg har så mye bra musikk i banken som bare venter på å bli gitt ut, og jeg vil...

Semesteråpning 2022 i Majorstuakrysset.

Ny runde om dyre utdanninger

Det er sterk motstand i kunstfeltet mot skyhøye skoleplasspriser for dem fra utenfor EU/EØS. Nå kan det bli politisk omkamp.