Skodespelar Ida Holten Worsøe, Jon Arne Bjørnstad på bass og på akustisk gitar og sang Ronny Yttrehus (Foto: Olav Opsvik)

Slagers og smertefulle minne

Dei fleste av oss har sterke, og truleg ganske mange vonde, minner frå ungdomstida "Musikk fra en walkman" demonstrerer korleis musikk kan vere kanal for handtere vanskelege kjensler, skriv Olav Opsvik.

AnmeldelsePopulærmusikk

Formatet «stand up-konsert», som er merkelapp på denne framsyninga, var nytt for meg, sjølv om eg kanskje kunne danne meg nokre billete. Var det vitsar framført som songar, og eit komp som følgde oppbygginga i vitsane?
Etter å ha opplevd framsyninga skulle nyordet vise seg å vere litt upresist. I praksis var dette ganske enkelt ein kombinasjon av historieforteljing, litt teater og konsert. Songar og skodespelar Ida Holten Worsøe har, saman med Jon Arne Bjørnstad på bass, akustisk gitar og sang, og Ronny Yttrehus på elgitar, laga «Musikk fra en walkman».
Eg følgde framsyninga ved Hovedgården ungdomsskole i Asker, i ein slags gymsal,med ribbeveggar, men ganske lågt tak. Midt i rommet var det sett inn ei noko provisorisk scene av enkle skilleveggar, med dekor som gav assosiasjonar til eit tenåringsrom med enkle effektar som ei stålampe, ei plante og kanskje aller viktigast: plakatar med Madonna, U2 og Coolio.

Musikk fra en Walkman Foto: Olav Opsvik


Nedstrippa
Framsyninga starta med Stevie Wonders «I Wish». Både Bjørnstad og Yttrehus fekk det til å svinge over Wonders ikoniske riff, og skapte ei lettbeint stemning med tørr humor og prating over musikken, ein brifete gitarsolo og demonstrasjon av effektpedalar. Utan perkusjon, i rommet med låg takhøgd, hadde musikarane lite å spele på med omsyn til dynamisk utvikling. Dermed blei det ein ganske nedstrippa og enkel variant av låta. Men teksta på refrenget, «I wish those days would come back once more», er tydeleg nok: Bodskapen nådde fram og blei følgt opp i dialogen rett etter.
«Veit de kva ein walkman er», spurte utøvarane og viste fram ein berbar kassettspelar, kanskje mest for å bli ferdige med det spørsmålet, før Worsøe leita fram lappar ho sjølv skreiv og tok i mot som elev i klasserommet, og som ho har tatt vare på sidan ungdomsskulen.
Med utgangspunkt i desse fortalte ho mellom anna om ein gang i tenåra ho var den einaste som ikkje var invitert på fest. Seinare sat ho på rommet sitt og spelte av Coolios store hit «Gangsta’s Paradise», der stemninga inspirerte henne til å ta det viktige valet om å dra på fest likevel. Låta stod på repeat på walkmanen medan ho sykla til festen og fekk kome inn.
Smertefull tid
Suksessen til Skam og ikkje minst aldersfordelinga i blant sjåarane syner at forteljingar om den såre ungdomstida har brei appell. Det er gjerne store ord og kjensler, og dei fleste av oss har sterke, og truleg ganske mange vonde, minner frå den tida. Medan Skam prøver å formidle samtidas tilhøve best mogleg, ville trioen i Musikk fra en walkman bruke sine minne til å fortelje ungdommane noko, og gi trøyst og råd. Men peikefingeren var godt skjult.
Sjølv kjente eg på ein lett skam når historia om festen blei følgt opp med Bon Jovis «It’s my life», ein pompøs slager som eg kanskje likte litt betre enn eg ville innrømme då den kom ut i 2003, men som med få effektar og utan perkusjon i denne samanhengen blei noko tam.
Musikk fra en Walkman Foto: Olav Opsvik


Sett i samanheng med historia Worsøe fortalte gav låtvalet fint meining, og det er kanskje så store ord («It’s my life, and it’s now or never») ein har i hovudet som ungdomsskuleelev. Men eg var glad for at det blei betre undervegs. Etter fleire forteljingar frå utøvarane om ting dei hadde gjort i ungdomsåra og no angra på, kom Michael Jacksons «Man in the Mirror». Samanhengen mellom det som blir fortalt og bodskapen i musikken hadde framleis like store bokstavar («I’m gonna make a change (…) starting with the man in the mirror») men musikalsk passa låta betre til det nedstrippa formatet, og det teikna seg også ei oppbygging med litt og litt meir alvor i tematikken.

Begge låtane illustrerte korleis musikk kan vere ein kanal for å handtere og sleppe laust vonde tankar og kjensler.

Sterkt
Alvoret toppa seg mot slutten. Det byrja då Bjørnstad fortalte om tida med ei eldre søster med spiseforstyrringar og som i verste fall kunne døy. Då tok Worsøe ei pause og Bjørnstad stod sjølv for songen i U2s «With or without you» som han og søstera hadde eit felles forhold til. Stilla og konsentrasjonen i publikum blei svært tydeleg etter dette.
Då dei gjekk rett vidare på OnklPs «Styggen på ryggen», tenkte eg at det var i ferd med å bli i overkant sterkt kjenslemessig. «Styggen på ryggen» er trist og alvorleg og for å treffe eit ømt punkt hos oss alle.
Partiet med desse to låtane blei sterkt og nesten overveldande, både på grunn av låtane i seg sjølv og korleis dei blei presentert, og det synte seg som eit effektivt grep. Det var også merkbart at utøvarane no hadde total konsentrasjon frå publikum. Begge låtane illustrerte korleis musikk kan vere ein kanal for å handtere og sleppe laust vonde tankar og kjensler.

Musikk fra en Walkman Foto: Olav Opsvik


Allsang
For å runde av kom ei swingrytme og ein slags rap som litt «comic relief», før Worsøe innrømte at ho faktisk hadde vore forelska i Bjørnstad då dei gjekk saman på ungdomsskulen. Fnisinga sat laust i salen, og meir latter kom då dei slo til med «I Will Always Love You», der det til og med blei litt allsang. Eg er overtydd om at den «tunge» passasjen i forkant opna opp for det.
Med relativt enkle låtval og store bokstavar lukkkast trioen i Musikk fra en walkman med å nå ut til ungdommane på Hovedgården. Bodskapen var ikkje alltid uttala, men litt av den nemnte peikefingeren låg i formaningar om å stå opp for seg sjølv, vere ærleg og ha mot til å ta grep om sitt eige liv og gjere sjølvstendige val.
Bodskapane blei pakka inn i svulstige, delvis klissete 90-talshits. Det var ikkje var store musikalske opplevingar i seg sjølv. Men meininga med kvar enkelt låt god, og i heilskapen var det potensial for ungdommane til å lære noko om seg sjølv og kva musikken kan gjere for dei.
Artikkelen er laget med midler fra Periskop-prosjektet, som handler om å utvikle og styrke kritikk av kunst for barn og unge. Scenekunst, Kunstkritikk, Barnebokkritikk og Ballade er initiativtakere og eiere av nettsiden Periskop.no og Periskop-prosjektet.

DKS Akershus:
Musikk fra en walkman
Hovedgården ungdomsskole
27.09.2016

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Blodtur til København

Blodtur til København

I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva

Slik ble jeg en diva

KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll

Ballade video: Trygghet og kontroll

På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret

Mari Boine hedret

Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter

Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin

En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.

Se alle saker
Konserttips Oslo
Serier
Video
Radio