Hopp til innhald
Hedvig Mollestad live

Hedvig Mollestad og jazzbandet Cortex er på turné, og kjem til 100 Dagar på Stord fredag 8. mars. (Foto: Paul Quednau)

Stord-festivalen 100 Dagar overlevde jula, og feirar kvinnedagen: Me gjer noko med det

Alle artistane på fredag 8. mars er kvinnelege eller har kvinneleg frontfigur. – Det var ikkje vanskeleg i det heile, seier festivalsjefen.

100 Dagar er eit musikkbransjetreff og ein festival på Stord, med eit utstrakt oppdrag om å sørge for kompetanseheving og nettverksbygging blant festivalane på sør- og vestlandet. Festivalen starta opp heilt tilbake i 2007, og skal òg jobbe for at unge artistar og band får tilgang til livemarknaden og arenaer dei kan spele på.

For berre kort tid sidan såg det imidlertid ut til at 100 Dagars dagar var talde.

Ballade fekk ein e-post frå festivalsjef Jostein Sydnes i romjula, der han beskreiv korleis manglande støtte frå Kulturrådet gjorde at dei så føre seg å måtte avlyse både festival og seminar i 2024.

– Støtteordninga for musikkfestivalar har alltid skapt eit klasseskilje blant festivalane, og dei har laga ei ordning som nesten ikkje er mogleg å debattere. I 2024 møter dei uavhengige festivalane som ofte er spreidd rundt i distrikta endå tøffare konkurranse frå konsernfestivalane som legg seg til byane. Det har aldri vore viktigare å få hjelp til å oppretthalde festivalane i distrikta, kommenterte Sydnes til Ballade den gongen, og la til:

– Me jobbar på spreng for å få skaffe privat finansiering, så me lever i håpet litt til.

Jostein Sydnes jobbar i arrangements- og produksjonsfirmaet Kulturkontoret, og er festivalsjef for musikkbransjetreffet 100 Dagar på Stord. (Foto: Privat)

Nyleg kom Sydnes tilbake til Ballade med melding om at dei allikevel får gjennomført årets festival.

– No har me gjennom iherdig jobbing fått med oss fleire sponsorar og kan gå i gong med festival og bransjetreff. 100 Dagar er 8. og 9. mars, og me samlar festivalbransjen på vestlandet. Og vi har naturleg nok planlagt å sette fokus på kvinner i musikken som årets tema for festivalar og musikkbransje, fortel han.

– Med all praten om mangel på kvinnelege artistar gjer 100 Dagar noko med det. Alle artistane på fredag 8. mars er kvinnelege eller har kvinneleg frontfigur. Det var ikkje vanskeleg i det heile, understreker han.

– Det er ein overflod av gode kvinnelege artistar og band, og det har vore vanskeleg å velge, rett og slett. I 100 Dagar har me generelt vore bevisst på å ha ein miks av sjanger og kjønn på festivalen, poengterer Jostein Sydnes.

Festivalen har med seg det lokale 8. mars-initiativet på laget, og har satt saman eit program med nokre av dei mest spennande nye banda og artistane, fortel han. Blant artistane og banda publikum får møte er Michelle Ullestad, Nelly Moar, The Other End, Kristine Blir rapper, Lekende Lett og Das Body.

Ledige stillinger

Opningskonserten er produsert i samarbeid med Stord Jazzklubb, der jazzbandet Cortex har med seg «smått legendariske» Hedvig Mollestad på turné og legg turen innom 100 Dagar på Bakeriet Frugård fredag 8. mars kl. 17.00.

100 Dagar har eit rikt seminarprogram i tillegg til konsertar gjennom helga, med debattar og panelsamtalar, workshops og rundebordssamtalar. Blant deltakarane er Norske Kulturarrangører, The Oslo Way, Balansekunst, Vill Vill Vest, Brak og Tysnesfest.

Les meir her om både seminara og konsertane på 100 Dagar, som altså skjer på Stord 8. og 9. mars.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Det nye styret i 100 Dagar, Martha Lyse (STAR), Vegard Moberg (BRAK), Trude Storheim (VossaJazz), Sigvard Madsen (Tysnesfest), Daidalos Dahle (Festidalen), Haakon Vatle og Jostein Sydnes.

100 Dagar startar opp igjen som stifting

Bransjefestivalen på Stord har også fått nytt styre.

Michelle Ullestad midt i byen med det distinkte popgrepet om norsk musikk – som hun selv også har på albumdebuten «ingenting varer evig».

Noen som passer for meg? Effektivt popalbum fra Michelle Ullestad

Michelle Ullestad trekker meg tett inn på livet og drømmer. Brakdebutanten har laget et effektivt debutalbum som klarer to ting...

Sinsenfist melker sommerlåtsesongen: Anders Ruud Sørli aka Reffrenget, (Magnus) Ugstad, Bendik Bennærn Walderhaug, Terje Teddyfoxxx Bjørkheim, Erik Gutten Hole og Dr. Kjell Andreas Oddekalv.

Uka i redaksjonens ører: Sommer og tid for geiting

Sinsenfist syngerapper om sommer’n. Jonas Benyoub har vært i hjemlandet og truffet dyr. Men først litt festivalbransje.

Kristine på sin vei mot å bli rapper. Her er stoppestedet John Dee, Oslo.

Sær leke-rap fra nykommer Kristine

– Doja Cat ække katt, men Kristine er!

Simone de Beauvoir i Paris,1962

Skriv som ei jente

LEDER: Hva skriver vi? Og hvem skriver? Språk, kritikk og handling henger nøye sammen. Pandemien er en risiko mot mangfoldet...

Flere saker

Morten Lindberg

Endelig Grammy til Morten Lindberg

Produsenten med verdensrekord i Grammy-nominasjoner fikk endelig sin egen pris.

Synnøve Brøndbo Plassen

Nominerte til Spelleman etter musikkåret 2023 er …

Her får du oversikten over de 110 nominerte til Spellemann 2023, fordelt på 26 kategorier.

Oh Mama! DJ kurs Foto: Linn Carin Dirdal

Med beatmiksing på timeplanen

Selv om de var litt mange rundt bordet, fikk elevene ved Majorstuen skole et godt innblikk i DJ-yrket når Oh...