Sina Winter (Foto: Henrik Fjørtoft)

Å vere fri

I mars i år la organisasjonen Freemuse fram sin årlege rapport om tilstanden til kunstnarisk fridom – det har ikkje betra seg. Om musikarar kan vi lese at to vart drepne, 31 tiltalt, 31 fengsla, 12 arrestert, 22 angripne, fire bortført og 63 sensurert i 2017.

IntervjuBransjenPolitikk & debattPopulærmusikk

Og dei sakene Freemuse har sett på er berre toppen av isfjellet, seier rapporten. Norske Safemuse, eller Safe Music Havens Initiative, vart etablert for å gi slike artistar ein stad der dei er fri til å arbeide og uttrykke seg. I haust lanserte Safemuse nettserien SAFE, der vi møter musikarar som har vore truga på grunn av sitt kunstnariske virke i samtale med norske musikarar.

Les rapporten fra Freemuse her.

– Vi ber eigentleg ikkje om noko anna enn at folk skal vite om situasjonen til desse kunstnarane. Vi kan seie kva vi vil, og då tenkjer eg at vi har eit ansvar for å gi desse kunstnarane eit rom, seier Karoline Kaarbø Asskildt som er prosjektkoordinator i Safemuse.

Draumen om svartmetall
Ein av musikarane som har fått hjelp av Safemuse er Sina Winter.

Svart langt hår, svarte kle, band-t-skjorte – joda, han har “svartmetall-uniformen» – men gjennom det varme smilet og augene lyser Winter alt anna enn aggresjon.

– Uansett om det er rock eller metal eller kva som helst, så er det blasfemi. Dei ser håret, dei svarte kleda, gitaren og trur at eg er satanist.

Winter ler når han fortel dette. Det er latterleg. Men det er livsens alvorleg.

Sina Winter kom frå Teheran, Iran, til Orkanger, Noreg, i 2014. I Iran er musikken hans forbudt.

Safemuse video Sina (Foto: Safemuse)

Winter fortel at han eigentleg hadde ein drøm frå han oppdaga svartmetall om å flytte til Noreg, svartmetallen si vugge. I ungdomsåra på nittitalet delte Sina og kameratane kassettar som vart kopierte om nokon hadde vore i utlandet og fått tak i ny musikk.

Ein dag kom ein spesiell kassett inn i spelaren.

– Eg spelte kassetten fem gongar på rad. Å høyre Burzum sitt album Filosofem forandra livet mitt. Alt var heilt nytt og ukjent – melodiføringa, rytmen, ikkje minst atmosfæren. Men samtidig kjende eg at det var dette eg ville. Frå då av begynte eg å skrive musikk. Men sidan det var ulovleg der, kunne eg jo ikkje spele inn eller publisere musikken.

I oktober i år slapp han si sjette plate under namnet From the Vastland – Daevayasna. Kontrasten er stor mellom situasjonen rundt innspelinga av det sjette og det første. Den første vart spelt inn heime på soverommet i Teheran i 2003.

– Då vi etterkvart fekk internett byrja eg så smått å lære meg enkle programvarer. Steg for steg lærte eg meir. Med youtube vart det jo ekstremt lett å tileigne seg kunnskap om miksing, for eksempel. Ein gitar, ein forsterkar og det interne lydkortet på datamaskina. Når eg trengte cover måtte eg lære meg photoshop. Trengte eg nettside, måtte eg lære det sjølv.

Sina Winter på Trondheim Metal Fest 2015 (Foto: Andrea Chirulescu)

Dei siste åra har Winter vore tilsett som technical manager i produksjonsselskapet Gammaglimt (no Upnorth film) saman med Christian Falck. Det var Falck i Gammaglimt som kontakta Sina i 2010 i samband med ein dokumentar om svartmetall. I dokumentaren Blackhearts kan du sjå From the Vastland spele på Infernofestivalen i Oslo med etablerte norske svartmetallmusikarar.

– Sjølv om det var risikabelt, så var det ingen tvil i meg – Noreg, metall, få framføre musikken – JA.

Korleis var det å stå på scena med full sal ti år etter du spelte inn det første albumet på soverommet?

– Eg kjem aldri til å gløyme det – det var heilt utrulig. Vi vart tekne så varmt imot av publikum, av interessert presse. Tidlegare hadde eg fått tilbakemeldingar på musikken og kontakt med fans – men alt var utanfor landet – eg hadde ingen stad å framføre musikken, ingen måte å møte fansen. Alt eg ville var å gå på scena å spele musikken min, ikkje berre i kjellaren framfor eit par kompisar. Det er meir enn berre musikk for meg, det er min lidenskap.

Musikarkollegaer i fridom
Det var i samband med dette Sina møtte Jan Lothe Eriksen – grunnleggjar og dagleg leiar i Safemuse. Ballade møter prosjektkoordinator i Safemuse, Karoline Kaarbø Asskildt, for ein kaffi på Sentralen i Oslo, der Safemuse held hus.

– Dette skjer ikkje berre i land som er langt vekk. Det er land som er nærme oss, både geografisk og kulturelt. Polen, for eksempel. Og det er Spania som har fengsla flest musikarar i 2017!

Den spanske rapparen Valtonyc vart i februar i år dømt til tre år og seks månader i fengsel for glorifisering av terrorisme og fornærmelse av kongefamilien. Før fengslinga i mai flykta Valtonyc til Belgia, der ein domstol i september avslo Spanias krav om utlevering. Valtonycs advokatar løfta blant anna fram at raptekstar ofte skal vere provokative med mykje symbolbruk. Dommaren kunne ikkje sjå at det var noko kriminelt med dette.

Under intervjuet kjem Asskildt heile tida med slike tips om rapportar, saker og vinklingar – det er tydeleg mykje å ta av.

Kva gjer Safemuse?

– Safemuse jobbar først og fremst for å gi kunstnarar, primært musikarar, ein trygg arbeidsstad. Vi gir kunstnaropphold, residens i opptil seks månader for dei som treng det. Det er viktig for oss å knytte dei til eit musikalsk nettverk i tillegg til dei basale tinga, som bolig og arbeid. Fridom til å uttrykke seg. Plass, menneske, ro. For mange er det viktigaste å berre kome seg vekk for ein periode.

Safemuse har også starta eit label under Grappa, kalla LIDIO. Mai Khoi var første artist ut på labelet, i tillegg til Farzane Zamen, som spelte inn ein singel med Anja Lauvdal og Heida Mobeck frå duoen Skrap.

– Hittil har vi jobba med musikarar frå Vietnam, Bahrain, Iran, Sudan, Afghanistan, Marokko, Palestina, Spania, blant anna. For Safemuse er det minst like viktig å formidle at dette faktisk skjer, og fortelje om situasjonen ved å vere tilstades på musikkfestivalar og liknande.

Karoline Kaarbø Asskildt (Foto: Safemuse)

Men Asskildt fortel at det ikkje alltid er like lett å få folk, både publikum og bransje, til å forstå kva prosjektet handlar om.

– Folk tenkjer gjerne at det er snakk om flyktningar, eller vi blir sett i same kategori som nødhjelpsorganisasjonar. Det er ikkje nødvendigvis det som er grunnen til at desse kunstnarane treng hjelp. Det er konteksten som gjer at det blir annleis, ikkje fordi det er noko spesielt ved desse menneska – dette er snakk om musikarkollegaer. Det har kanskje vore lettare for journalistane å få solidaritet frå sine kollegaer i andre land – du høyrer ikkje like ofte musikarar seie det same.

Mediaomtalen må takast forskjellig hensyn til i kvar enkelt sak, for mange kan det vere risikabelt.

– Når det gjeld Mai Khoi, så er nok den relativt store pressedekninga ho har fått med på å verne henne, til ein viss grad. Medan for andre artistar igjen, kan presseomtalane vere øydeleggjande.

– Men det er veldig vanskelig å ikkje bli belærande ovanfor publikum, altså! Vi vil ikkje gå ut og berre rope “du tek feil”, seier Asskildt.

Men det er kanskje det som er litt fint med desse videoane – at det er to kollegaer som snakkar saman, og at ein slik unngår at det blir belærande?

– Ja, det er jo håpet, då. Og det trengs kanskje ein slik samtale for å kome til den forståinga. Om folk og musikarar snakkar om det, gjer det vår jobb enklare.

Sina Winter er med i andre episode av nettserien. Eg spør han om situasjonen er annleis i dag.

– På den tida (rundt 00-talet, journ. anm.) kunne vi for så vidt få til ein konsert – på papiret. Om det var utan vokal, alle låtane var avtalt på førehand, spelestaden var godkjent, alle papira var innsendt og i orden for kulturdepartementet. Men likevel opplevde vi fleire gongar at myndigheitene kom og avlyste konserten rett før konsertstart og stengte konsertstaden – heilt utan grunn. Frå ingenstads. Det var ikkje politi, men “nokon” med makt. No fungerer det på ein annan måte, no er det meir offisielt. No er politiet involvert meir direkte. På den tida visste dei gjerne ikkje så mykje om svartmetall uansett, men no veit dei meir frå internett. Informasjonsflyten er annleis.

Har du vener som spelar svartmetall i Iran no – i hemmeligheit?

– I 2008 var det nokre band. Men så vart det brått litt skummelt ein periode. Vi fekk trugande meldingar og telefonsamtalar med truslar, til og med drapstruslar. Etter det vart det stille ei stund. Men eg ser at det dukkar opp diverse musikarar i sosiale media no. Men alt er jo undergrunns. Dei sprer musikken på nettet ved å nytte VPN-klientar, og slik unngår dei overvaking.

Trur du der er noko håp for endring i Iran?

–Ikkje under dette regimet. Kunst er eit sterkt middel. Det hjalp jo litt med sanksjonane. Men så vart Trump president – då endra det seg. No har regimet mista støtta blant folket, så no brukar dei berre makta for å ha kontrollen. Men den unge generasjonen demonstrerer – det gir håp. Vi såg jo kva som hende i Egypt.

Vil du dra tilbake om det skulle bli ei endring?

– Grunnen til at eg flytta til Noreg var musikken. No har eg alt her. Eg har moglegheita til å uttrykke meg. Eg har aldri følt meg som ein utlending her. Eg saknar jo familien og nære vener i Iran, men eg føler meg heime her. Dessutan er jo svartmetallscena her fantastisk.

Sina Winter (Foto: Henrik Fjørtoft)

Winter er tydeleg takknemlig for Safemuse, og snakkar varmt om samhaldet blant Safemuse-musikarane.

– Jan Lothe Eriksen er som ein far for oss. Han hjelp oss med alt mogleg. Vi treng fleire som han.

Før eg avsluttar spør eg om det er noko Winter vil få sagt.

– Aldri gi opp. Kunsten vil kjempe seg gjennom uansett.

Du er jo eit levande prov på akkurat det.

– Hehe, ja. Men eg fekk også hjelp!

Du kan sjå dei to første episodene av nettserien SAFE her: http://www.safeseries.no – på nyåret kjem fleire episoder.

Safemuse er støtta av Utenriksdepartementet, Nordisk kulturkontakt, Creo (tidl. MFO), NKF og NOPA.

Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Per i dag er NOPA, NKF, Creo og NMFF medlemmer i Foreningen Ballade.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio