Det mogelege i å træ i ei nål

KOMMENTAR: På høyringskonferansen ”Det muliges kunst” vart det ikkje stilt mange nye spørsmål, men mange gamle vart utdjupa. Klårt understreka var at dei estetiske faga må inn att i lærarutdanninga fortare enn svint, skriv Tori Skrede.

KommentarPolitikk & debatt

Rapporten ”Det muliges kunst – råd til kulturministeren og kunnskapsministeren” er i seg sjølv formulert som ti gode råd til dei to ministrane. På høyringskonferansen i Oslo 12. juni var det desse råda som i tur og orden vart presenterte, begrunna av ekspertane og drøfta ved dei ulike borda og dels i plenum.

Elevane er lokale
Dei estetiske faga i lærarutdanninga og pedagogisk utdanning knytt til dei kunstfaglege utdanningsinstitusjonane vart eit kjernespørsmål. Utan kompetente lærarar kan ein aldri få dagleg sikring av undervisinga i dei estetiske faga. Og utan at lærarar og elevar har kunnskap vil aldri DKS fungere optimalt. Eit anna sentralt emne gjennom dagen var kor viktig det er å styrkje den lokale grunnmuren i lokalmiljøet, som det er formulert i rapporten.

Sissel Andsnes var den første representanten frå ekspertgruppa som heldt innlegg. Andsnes har sjølv mange års røynsle gjennom å drifte Kulturskrinet på Karmøy, ein lokal variant av DKS som var vel etablert lenge før den nasjonale ordninga kom på plass. Der har programmet heile tida vore lagt opp i frå lokale føresetnader og knytt opp til lokale arrangement og festivalar.

– Elevane er lokale, sa Andsnes, som meinte at ein reetablert senter for kunst og kultur i utdanninga bør ha søkbare middel så ein kan få støtte til å utvikle lokale prosjekt.

Ho tok til orde for at både elevar og lærarar bør ha større påverknadskraft, og fortalde om ei særs oppgåande elevreferansegruppe på Karmøy. Gruppa var sett saman av fire elevar frå ungdomsskulen og fire frå barneskulen, og Andsnes var imponert over refleksjonsnivået dei hadde vist. – Noko av det mest tydelege var at dei ynskjer seg å vera aktive sjølve, fortalde Andsnes.

Lokale briller framfor hovudstadsbriller
I drøftinga etter dette la fleire stor vekt på kulturskulen sin sentrale rolle i lokalmiljøa. Nokre, til dømes rektor Nils Graftås ved kulturskulen på Røros, meinte at hovudstadsbrillene gjev eit heilt anna blikk på lokalsamfunna enn dei lokale brillene. Med dette meinte han at ei nytt nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa knytt opp mot eit større fagmiljø heilt klårt vil kunne tilføre mykje bra, men kanskje vil avstanden til dei mange små lokalsamfunna og tankegangen der bli for stor.

– Eg har tru på samarbeid på nasjonalt plan. Men kulturskulane er baserte på lokal aktivitet, og eit nytt nasjonalt senter bør ha fokus på dei, meinte han.

Kirsti Saxi, som er leiar av det noverande Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen i Bodø, skreiv imidlertid frå seg eit omfattande ansvar for samarbeidsformene i lokalsamfunna.

– Det er skuleeigaren som har ansvaret for, og moglegheitene til å avgjera om kulturskulen skal inn i grunnskulen. Samarbeidet ligg i dei lokale læreplanane, og skuleeigar skal sørge for det, sa Saxi.

Grunnskulen skriv frå seg ansvaret
Mange konferansedeltakarar var samde i at samarbeid mellom grunnskule og kulturskule er bra, men på den andre sida må ein heller ikkje ta frå grunnskulen ansvaret for å gjera jobben sin. Det er grunnskulelærarane som underviser i grunnskulen, og for å gjera det må dei ha kompetanse til å undervise. Så lenge dei estetiske faga ikkje er obligatoriske i lærarutdanninga går det antakeleg berre ein veg.

– Dei lærarane som hadde estetiske fag som ein obligatorisk del av utdanninga er daude eller i alle fall avgåande, sa Arne Marius Samuelsen frå Høgskulen i Telemark.

Les også: Rapporten Det muliges kunst

Men heldigvis kom det òg opp konstruktive framlegg om kva det er mogeleg å gjera for å betre kompetansen til lærarane i dei estetiske faga. Å få dei estetiske faga attende i lærarutdanninga er eit uttrykt mål, og på konferansen var det både optimisme og pessimisme knytt til det nye framlegget om fem års lærarutdanning. Optimisme fordi det sjølvsagt gjer det mogeleg å få plass til faga, men pessimisme fordi ein slett ikkje kan vera overtydd om at dei estetiske faga vil bli prioriterte denne gongen heller.

Fleire utdanningsvegar til Roma
Heldigvis er det fleire vegar til Roma, og samarbeid mellom dei høgare kunstfaglege utdanningsinstitusjonane og dei pedagogiske miljøa og utdanningane er eit stadig større satsingsområde. 

I dag kan ein ta PPU i dans og teater ved Kunsthøgskulen i Oslo, og i dei andre kunstfaga samarbeider dei med Høgskulen i Oslo og Akershus om den pedagogiske utdanninga.

Det bør snart vera nok av at alle arbeider for seg sjølv på si eiga tue.

Cecilie Broch Knudsen, rektor ved Kunsthøgskulen i Oslo, vedgjekk at skulen hennar i for liten grad har engasjert seg i opplæringa av kunst og kulturfaga i grunnskulen og den vidaregående skulen. Frå no av vil Kunsthøgskulen melde seg på denne diskusjonen:

-I musikkfeltet har dei i mykje større grad vore dyktige til å hegne om og utvikle talentbygging. Saman må vi samle oss om at også dei visuelle fagområda blir tekne vare på på ein god måte, sa Knudsen.

Det grunnleggjande i å træ i ei nål
Det var Elisabeth Sørheim som begrunna anbefalingane til ekspertgruppa under bolken: ”Kompetanse og kvalitet i skolen og tilbud som utvikles for bruk i skolen: Forankring i høyere kunstfaglig og pedagogisk utdanning.” Ho innleia med å fortelje om ein kunstnar som var inne i ein skule for å jobbe med eit prosjekt, men før dei kunne få gjort noko anna måtte kunstnarane bruke mykje tid å på å læra elevane å træ i ei nål. Så vanvittig lite kan ein risikere at elevane kan om det som har med estetiske fag å gjera.

– Å træ i ei nål bør vel kunne vera ein grunnleggjande ferdigheit? spurde Sørheim retorisk.

Utan at lærarar og elevar har kunnskap i kunstfaga vil aldri DKS fungere optimalt.

Det vart òg drøfta ulike modellar for vidareutdanning av lærarar. Kanskje kan det vera aktuelt med fleire desentraliserte modellar. Fleire understreka at dei nasjonale kunstutdanningsinstitusjonane er for fjerne for dei mange lokalsamfunna. Denne avstanden er både fysisk og overført:

– Det hjelper ikkje alltid så mykje å ha dirigert ein Beethoven-symfoni under direksjonsutdanninga på Musikkhøgskulen når oppgåva di i arbeidslivet er å finne ut kva du skal gjera med aspirantgruppa i det lokale skulekorpset og føresetnadane dei har der, sa Geir Ulseth, musikksjef i Norges Musikkorps Forbund.

Inkompetente kunstnarar
Inkompetansen om andre fagområde kan og gå fleire vegar, og det vart peika på at mange DKS-kunstnarar kan for lite om skulen. Kari Holdhus, som nyleg disputerte med ei avhandling om kvalitetsomgrepet i samband med skulekonsertar, understreka at kunstnarar må oppdatere seg på kva som skjer i skulen. Kanskje bør alle DKS-kunstnarar ha PPU, var det nokon som undra, medan andre meinte at vi for all del må ta vare på den frie og uavhengige kunstnaren utan å kle på han eller henne pedagogiske tvangstrøyer.

Magne Espeland, som innleia under bolken ”Samarbeid i landsdelen/regionen – Tilrettelegging for utvikling, strukturer og rutiner” understreka og skule-Norge må ta eigarskap til DKS og den kunstdidaktiske tematikken generelt.

– Og eigarskap får ein ved å kjenne at dette er viktig for seg, sa Espeland.

Ei ansvarsfordeling må på plass
Men kven har ansvaret for at arbeidet går vidare no? Det er mange aktørar som jobbar på ulike måtar for å styrke kunst og estetiske fag i skulen. Ulrika Bergroth-Plur, dagleg leiar i Musikk i Skolen, meinte at det er tid for å få på plass ei ansvarsfordeling for å kome vidare. Det bør snart vera nok av at alle arbeider for seg sjølv på si eiga tue. Else Blom, kultur- og idrettssjef i Vestfold Fylkeskommune, sa rett ut at ”Nokon må gjera jobben sin!” og framheva at den generelle delen frå læreplanen L -97 framleis er gyldig.

Og ja, så enkelt kan det kanskje seiast.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio