Illustrasjonsbilde: Marte Wulff på skolekonsert på Sagene skole i Oslo (Foto: Lars Opstad/Rikskonsertene - Kulturtanken)

Ein begeistringskultur?

KOMMENTAR: Fagleg leiar Vera Micaelsen skapte befriande stor fallhøgd for Den kulturelle skolesekken denne veka.

Politikk & debatt

Kvart år blir det spelt eit stort tal konsertar for unge gjennom Den kulturelle skolesekken (DKS). I skulen får mange sitt første møte med musikk og andre kulturuttrykk. Staten har faktisk bestemt at alle skal ha rett til kunstnarlege opplevingar i skulen.

Men korleis fungerer ordninga — og korleis kan ein tenkja om den?

I tre år har Uni-Rokkansenteret forska på DKS. Meininga har vore å utvikla nye perspektiv på og ny kunnskap om skulesekken som kultur- og utdanningspolitisk prosjekt.

Denne veka inviterte senteret til konferanse om forskinga, som slutta med at fagleg leiar i DKS, Vera Micaelsen, stilte spørsmålet som fleire lurte på: Korleis kan ein nytta mykje pengar på forsking, invitera til konferanse og ikkje kunna presentera heile resultatet frå den ferdige forskinga?

Konferansen mangla den viktigaste kjelda til innsikt: boka som presenterer materialet. Den var ikkje ferdig.

Formaning om kritikk
Men deler av innhaldet vart presentert og eit viktig aspekt ved boka vart mykje henta fram: Begeistringskulturen knytt til DKS. «Alle» er einige i at kunst og kultur for barn er viktig. Ein er takksam for at denne unike ordninga eksisterer — i verdssamanheng har den ei overveldande mengd midlar. Då vert den også vanskeleg å kritisera.

Men skal ein ta DKS seriøst, må ein kritisk og konstruktivt diskutera ordninga, formanar forskarane.

Micaelsen er samd. Me må vekk frå begeistringskulturen, sa ho, og starta med ein krass kritikk av prosjektleiar Jan-Kåre Breivik. Forskinga fortel oss ikkje noko me ikkje visste frå før, sa Micaelsen.

Gamalt nytt?
Kva visste me frå før? Den som har kikka litt i DKS-systemet veit at ordninga har utfordringar, og at mange av desse ligg i den omfattande oppgåva dei er pålagt.

DKS skal tilfredsstilla ynskje frå både kunnskaps- og kulturdepartementet, og møter med det ein mogleg konflikt mellom kunstnarlege og pedagogiske syn. Ordninga står somme gonger i bru mellom behovet for å gje kunnskap og for å gje estetiske opplevingar.

Ordninga skal halda høg kunstnarleg kvalitet, og samtidig vera mangfaldig. Den skal dessutan vera så effektiv at den når alle. Kvantitet og kvalitet på same tid, med andre ord. DKS er ein stor organisasjon, men er ulikt organisert frå plass til plass. Gjennom DKS har kunstnarar og institusjonar fått kunnskap om produksjon av kunst for målgruppa. Kompetansen aukar parallelt med at satsinga på estetiske faga i skulen går ned. Kanskje gjev det DKS ei ekstra oppgåve, sjølv om denne ikkje er tydeleg definert.

Fleire utfordringar
Skulesekken sine mange mål kan slå kvarandre i hel. Når ein ikkje prioriterer, blir ingenting viktig.

I tillegg ynskjer kunstnarane at utvalet av kva for kunst og produksjonar som slepper til skjer i meir opne prosessar. Kvalitet er eit mantra i omtalen av skulesekken, men forskarane hevdar at styringsdokumenta går langt for å sleppa å seia kva kvalitet kan bety. Dei melder at DKS risikerer å laga ein snill, god og tekkeleg middelklassekunst, men meiner òg at rutine og standardsering for grunngjevinga kan føra til det same.

Forskinga problematiserer målgruppetenkinga. Me snakkar om barn og unge, men dette er ei ulike gruppe, med menneske i ulik alder, med ulik etnisk, geografisk og sosial bakgrunn. Forskarane spør om det gjev meining at alle skal få eit tilbod, når ein ikkje i større grad tilpasser desse ulike målgruppene.

Mange kvinner
Heilt sant er det ikkje at ein ikkje lærte noko nytt. Dei inviterte kritikarane kom til dømes med gode anslag til vidare forsking. Beth Juncker etterlyste at ein såg til teoriar om kunstverket si meining og om korleis denne meininga verkar ved unge sitt møte med kunst. Dette bør forsking på ei satsing med estetiske prosessar i sentrum ha med seg, meinte ho.

Junker etterlyste òg eit overordna blitt på samfunnet. Kva rolle skal DKS spela i ei tid der barn og ungdom på eine sida er meir organisert enn nokon sinne, men på andre sida får tilfredsstilt mykje av kreativiteten sin i den digitale verda?

Eg merka meg at Billy Ehn problematiserte byråkratane. Der forskinga legg vekt på at dei som er byråkratar i DKS kjem frå mange ulike felt og har mange ulike arbeidskvardagar, bad Ehn oss om å sjå oss om i salen, og registrera den høge delen kvinner. Har kvinnene felles verdiar? Korleis pregar det utviklinga og programmet? Spelar dette igjen noka rolle for kva barn som vert interesserte i ulike typar kulturuttrykk?

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter

Anne Trine Kjørholt etterlyste fleire skildringar av den direkte konsekvensen av at barn er ulike. Kan ein finna ut noko om korleis ulike produksjonar har ulik verknad i møte med ulike grupper av barn? Ho stilte spørsmål ved at me snakkar om at barns rett til deltaking, utan heilt å vita kva denne deltakinga betyr.

Både Juncker og Ellen Aslaksen i Kulturrådet oppfordrar til ei forsking som kjem utanfrå. Spør du kulturforvaltarane om ordninga er god, vil dei sjølvsagt svara ja, sa Juncker. «Forskinga gjev god empirisk nærleik til eit materiale som er komplisert, men forskinga må henta næring frå eit endå breiare kunnskapsregister», sa Aslaksen.

Stor fallhøgde
Micaelsens kritikk av Jan-Kåre Breivik for den manglande leveringa — ein direkte utskjelling framfor ein sal full av menneske — var på eine sida ufin. På andre sida verka den befriande på stemninga i salen. På tredje sida var det løfterikt.

Det ligg stor fallhøgd i å setja høge krav til andre. Posisjonen ein kritiserer frå, den faglege leiinga av DKS, er ein posisjon som møter ei utfordring når det gjeld å definera meir tydeleg kva ordninga skal vera, og det å få målt meir effektivt kva den betyr.

Det blir spanande å sjå korleis Micaelsen vil gripa fatt i problemstillingane som kjem opp, og som ligg som anslag både i forskinga og i kritikken av den. DKS sin faglege leiar meir enn antyda at ho sjølv kunne ynskja seg å skapa endring og forbetring. For som Micaelsen sjølv uttalte: Forholdet hennar til skulesekken er ambivalent.

For ordens skuld: underteikna er medredaktør for ein publikasjon om kunst for barn og unge som kjem ut dette året. Den er tinga og finansiert av ordninga Kunstløftet i Norsk kulturråd.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio