Hopp til innhald
Skrekk

Skrekk og gru i skulane i Vestfold

Rikskonsertane gjer kvardagen ljosare (eller mørkare) for ungdomen i Vestfold. Frå 6.- 21. mai gjer dei Skrekk med kvedarene Tone Juve og Camilla Granlien saman med spelemannen Åse Teigland. Dei tre kvinnene vil ta utgongspunkt i skillingsvisa og gje ungdomar og born i ålderen seks til tretten år dramatikk og spenning.

Rikskonsertane og Norsk Folkemusikkatalog presenterar denne månaden skulekonsertar med fælsleg innhald . Den aktuelle skulekonsertturné i Vestfold gjer plass for folkemusikktrioen Skrekk. Dei tre utøvarane, kvedarane Tone Juve og Camilla Granlien og spelemannen Åse Teigland har sett saman eit program fullt av dramatikk og spenning. Utgangspunktet er dei gamle skillingsvisene, og desse tekstane vert presentert på ein levande og detaljrik måte akkompagnert av cello (Tone), kontra-bass (Camilla) og hardingfele/fele (Åse).

Skillingsvisene hadde si glanstid på 1800-talet og fungerte nok meir eller mindre slik som dagens tab-loidaviser, dei vart spreidd over store delar av landet og kosta ein skilling stykket. Historiene har ofte eit dramatisk innhald: Dystre sjalusidrap, sørgjelege kjærleikshistorier, gjenferdforteljingar, ran, og skandalar av ymse slag.

Tekstene vert formidla gjennom song, forteljing, drama og musikalske effekter. Konserten vert av omsyn til sarte sjeler krydra med humor og viser av det muntre slaget.

Dette er temaet som, i regi av Rikskonsertene, no vert presentert for elevar i 1-7. klasse i Vestfold-skulene. Turnéen går frå 6. til 30 mai. I alt skal 3700 born i alderen 6-13 år få gleda av å høyre dei fælslege historiene.

Norsk Folkemusikkatalog er eit oppslagsverk på Internet. Organisasjonen vil vere ein ressurs for dei som er interessert i norsk folkemusikk og og – dans, eit oppslagsverk for arrangørar og potensielle oppdragsgjevarar og ei hjelp for profesjonelle artistar og folkemusikkutøvarar til å få fleire oppdrag.

Katalogen vert driven av Norsk Folkemusikkformidling, på initiativ frå Norsk Folkemusikk- og Danselag og i samarbeid med Landslaget for Spelemenn.

Tidligare månadens artistar hjå Norsk Folkemusikkatalog har vore Steinar Ofsdal, Karl Seglem, Vintermåne, Streif, Per Anders Buen Garnås med fleire.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Ragnhild Furholt

Furholt er Månadens artist

Ragnhild Furholt er Månadens artist hos Norsk folkemusikkkatalog. Hun vant nylig kongepokal under Landskappsleiken, og er dessuten CD-aktuell denne sommeren.

Kirsten Bråten Berg (foto: Dannevig Foto, Arendal) – small

www.folkogdans.no

Det er tittelen på en ny presentrasjons-CD fra Norsk Folkemusikkatalog, som samler ikke mindre enn 29 utøvere fra Norsk Folkemusikkatalog....

Synnøve S. Bjørset

Synnøve S. Bjørset er Månadens Artist

Synnøve S. Bjørset er Månadens Artist hos Norsk Folkemusikkatalog. Hun er for tiden også aktuell med egen solo-CD hos NOR-CD,...

Øyonn Groven Myhren

Øyonn Groven Myhren – Månadens Artist hos Norsk Folkemusikkatalog

Norsk Folkemusikkatalog har sine egne nettsider, som på en fin måte orienterer om mye av det som beveger seg innen...

Jon Anders Halvorsen/ tore Brunvoll

Norsk folkemusikk i Skuret

En ny konsertscene har dukket opp i hovedstaden. Titt og ofte har en fått høre om punk-konserter og annen populærmusikk...

Bal Musette

Blåbrune toner fra Paris

Kjærligheten til trekkspillet, 20- og 30-tallets Paris og den gode melodien er utgangspunktet for Bal Musettes musiseringer. Nå skal gruppen...

Flere saker

Fkpscorpio

FKP Scorpio overtar Goldstar

Den tyske konsert- og festivalarrangøren vil fra nyttår dermed ha et Norgeskontor basert i Oslo.

Swing’it

Swing’it, Tyskland!

Tradjazzbandet Swing’it satser egne penger for å spille turné i Tyskland.

Ingrid Kindem, styreleder i NOPA og Jørgen Karlstrøm, styreleder i Norsk Komponistforening, har store forventninger om at festivalen vil styrke norske musikkliv ved å involvere alle typer publikum, lyttere og arrangører. Foto: Marthe Vee

Spill norsk-festivalen til ti kommuner

Festivalen er et samarbeid mellom NOPA, Norsk Komponistforening og lokale arrangører.