Hopp til innhald

Norsk Folkemusikk- og Danselag søker redaktør

Norsk Folkemusikk- og Danselag søkjer redaktør i 50% stilling for eitt år med moglegheit for forlenging. Søknadsfristen er 1. august 2006.

Norsk Folkemusikk- og Danselag – landslag for slåttespel, kveding og bygdedans – (NFD) vart skipa i 1987 og har som sitt fremste føremål å halde oppe dei ubrotne folkemusikk- og bygdedanstradisjonane i Noreg, å fremje norsk folkemusikk og bygdedans som fullverdige kunstformer, og ivareta utøvarane sine faglege, økonomiske, sosiale og kunstnarlege interesser. NFD driv folkemusikkfestivalen ÁRINN (www.arinn.no), og i tillegg Norsk folkemusikkformidling og Norsk Folkemusikkatalog (www.folkogdans.no).

Dei lyser no ut fylgjande stilling:

REDAKTØR 50 % (VIKARIAT)
Vår redaktør skal ha eitt års permisjon, og me treng ein ny medarbeidar i hennar stad: eitt år med moglegheit for forlenging.

Arbeidet omfattar stilling som redaktør for NFD sitt medlemsblad Kvinten, laget sine nyhendesider på internett, www.nfd.no, og redaktøransvar for Årbok for norsk folkemusikk.
— Kvinten kjem ut med 5 nummer pr år og er NFD sitt medlemsblad. Kvinten si redaksjonelle line skal ta utgangspunkt i og spegle laget sitt føremål og aktivitet. Stillinga følgjer redaktørplakaten.
— Årbok for norsk folkemusikk er ei årleg artikkelsamling som går grundig inn i den tradisjonelle folkemusikken i Noreg, og med oppslagsdel med diskografi og bibliografi for kvart år.

Vi søkjer etter ein omgjengeleg, open og kontaktskapande person som er nøyaktig og initiativrik, helst med kjennskap til det norske miljøet innan folkemusikk og dans.

Vi vil legge vekt på følgjande kvalifikasjonar:
— God kjennskap til folkemusikk- og folkedansområdet.
— Utdanning innan journalistikk.
— Evne til å kunne arbeida sjølvstendig, ryddig og strukturert.
— Relevant kontaktnett og erfaring er ein fordel.

Arbeidsstad er sentralt i Oslo. Løn etter avtale.

Tiltreding snarast etter 1. september 2006. For meir opplysning sjå www.nfd. no, eller ta kontakt med dagleg leiar Jan Lothe Eriksen på telefon 22005690 / 92824115 eller på e-post nfd@folkogdans.no. Send søknad til: Norsk Folkemusikk- og Danselag, P.b. 440 Sentrum, 0103 Oslo.

Søknadsfrist 1. august 2006

Ledige stillinger

Relaterte saker

Synnøve S. Bjørset (Foto: Norsk Folkemusikk og Danselag)

Kunstnarstipend til Synnøve S. Bjørset

Nyleg kunne musikaren Synnøve S. Bjørset (27) glede seg over å vere blant dei 60 som fekk etableringsstipend frå Statens...

Tore Skaug,

Årboka 2006 presentert på Árinn

I årbok for folkemusikk 2006 presenterer redaktør Tore Skaug tekstar av Klaus Egge, Reidun Horvei, Stein Villa, Vidar Lande, Olav...

Åshild Vetrhus 2 (Foto: Yina Chan)

Åshild Vetrhus: – To organisasjonar får til meir enn ein

Åshild Vetrhus, ny styreleder i Norsk Folkemusikk- og Danselag, er klar til å ta fatt på styreledervervet. – Eg ønskjer...

Åshild Vetrhus,

Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland vart vald til ny leiar i NFD på årsmøtet 1. april. – Eg ønskjer...

Folkogdans.no (logo)

Norsk Folkemusikkformidling søker medarbeidar

Norsk Folkemusikkformidling er Norsk Folkemusikk- og Danselag (NFD) sin arrangør- og formidlingsorganisasjon som har som målsetting å gjere folkemusikken og...

Jan Lothe Eriksen, Norsk Folkemusikk og Danselag

Kulturråd-evaluering roser Norsk Folkemusikk og -Danselag

Kulturforskar Georg Arnestad har på oppdrag frå Norsk kulturråd evaluert Norsk Folkemusikk og -Danselag. I evalueringa gjev Arnestad «folkemusikkens enfant...

Flere saker

Kari Bremnes Photo StianAndersen 2019 1 square

Hederspris til Kari Bremnes: – Fantastisk å ha et liv med et arbeid som dette

Kari Bremnes har satt dype spor gjennom over 40 år i musikken og kunsten. Torsdag kveld fikk hun NOPAs hederpris.

JENUFA Erik Berg

Første normale spilleperiode med fullskala produksjon for operasjef Stene

Fra pandemi og streik mot normal drift: Endelig fullskala produksjon for den ferske operasjefen Randi Stene.

Bellman Foto: Line Loholt

Norsk låt i storfilm-trailer

Larviksbaserte Bellman har musikk med i traileren til Nicole Kidman-filmen How To Talk To Girls At Parties.