Hopp til innhald
Tore Skaug,

Årboka 2006 presentert på Árinn

I årbok for folkemusikk 2006 presenterer redaktør Tore Skaug tekstar av Klaus Egge, Reidun Horvei, Stein Villa, Vidar Lande, Olav Gurvin og fleire. Dessutan har han sjølv skrive eit portrett med Harald Knutsen, nyengasjert prosjektleiar for Bø i Telemark. Årboka vart presentert under Árinn ’06, som fann stad i Setesdal og Kristiansand forrige helg. Her kunne publikum mellom anna få høyre tonar av Unni Løvlid, Ånon Egeland, Knut Buen, Birgit Rike Lund, Per Anders Buen Garnås og Ragnhild Furebotten.

I årets utgåve av Årbok for norsk folkemusikk får lesaren eit innblikk i folkemusikktradisjonane på begge sider av Mjøsa. Stein Villa gjer oss kjende med det grundige innsamlingsarbeidet som læraren Agmund Hole i Vardal, landdistriktet rundt Gjøvik, utførte først på 1900-talet. På den andre sida av landets største innsjø, i Stange, har Gjermund Kolltveit og Frode Myrheim kome over ei gamal felekasse som det blir spennande folkemusikkhistorie av.

Også Romedal høyrer i dag til Stange kommune, og der er musikken etter Bakstad-gutane ein viktig del i folkemusikktradisjonen. Om Bakstad-gutane skriv Thor Ola Engen, professor ved Høgskulen i Hedmark.

I år er det 100 år sidan komponisten og organisasjonsmannen Klaus Egge blei født. Han hadde eit nært forhold til norsk folkemusikk, og i opptrykk får vi Egges artikkel om «Folketonen, hardingfela og norsk komposisjon» frå 1935. Årboka gir også glimt frå Egges liv og virke.

Hovudartikkelen i årboka er Vidar Landes grundige dokumentasjon av «Frøysaatradisjonen» – om brørne Torleiv og Olaf Frøysaa, spelemenn og felemakarar frå Iveland. Frøysaa-instrumenta er mellom dei fremste i landet vårt, skriv Lande, professor i tradisjonskunst ved folkekunststudiet på Rauland i Telemark.

I årbok-redaktør Tore Skaugs intervju med hallingdalsspelemannen Harald Knutsen lyfter intervjuobjektet ein varsam peikefinger mot historieløyse i folkemusikkmiljøet.

— Skaff deg kunnskapar om tradisjonen og oppsøk dei eldre kjeldene og pust i den same lufta som dei, er Knutsens råd til yngre utøvarar.

Som eit handfast utspel mot mogleg historieløyse gir årboka att professor Olav Gurvins artikkel i festskriftet til O.M.Sandviks 75-årsjubileum om «Norsk programmatisk folkemusikk».

Turid Askjem, bibliotekleiar ved Riksarkivet, har som vanleg forsynt årboka med bibliografi og diskografi om norsk folkemusikk, denne gongen frå året 2004.

Knut Buen, Ånon Egeland, Gunhild Tømmerås, Per Anders Buen Garnås, Ragnhild Furebotten og Unni Løvlid stod for bestillingsverk-konserten med heilt nye verk dette året.

Per Anders Buen Garnås og Åse Teigland hadde laurdag kveld ein særs vellukka dobbeltkonsert med hardingfelespel, medan konserten «Agder møter Pontos» vart ei internasjon oppleving fredag kveld, med Gunhild Tømmerås, Ånon Egeland, Matthaios og Konstantinos Tsahourides i hovudrollane. Stev og slått, byzantinske melodier og svingende rytmer er nokre av stikkorda.

Ledige stillinger

I overkant av 80 frammøtte fekk og høyre Unni Løvlid og Birgit Rike Lund halde ein vakker og stemningsfull konsert i Hylestad kyrkje torsdag kveld.

Du finn fleire artiklar om Árinn 2006 på www.arinn.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Jens Olai Justvik (Foto: Erik Berg / DNO)

Folkemusikk møter klassisk på Árinn

– Klassisk musikk og folkemusikk har alltid påvirket hverandre gjensidig, men i dag er det – med noen unntak –...

Ånon Egeland (Foto: hit.no)

– Det er jo artig, da!

I dette intervjuet snakker Ragnhild Furebotten og Ånon Egeland om å lage musikk selv, i forhold til det å arrangere...

Unni Løvlid 2 2004 profil, foto: Trygve Schönfelder

Unni Løvlid gjør Schönberg i Konserthuset

Unni Løvlid er mest kjent som folkesanger, men i lille sal i Oslo konserthus kan du 23. mars oppleve den...

Jan Lohte Eriksen (Foto: Anne Hytta)

TONO og folkemusikken: – Tungen rett i munnen

I kjølvannet av en diskusjon på ballade.no vedrørende Giskes uttalelser om «stor sjangersjåvinisme i Norge» eller ei – har vi...

Hauk Buen (Foto: www.arinn.no)

Hauk Buen: Høvdingen av hardingfela

– Når eg spelar, dukkar førebileta mine opp i tankane. Eg kan sjå dei for meg når eg spelar, seier...

Jorun Marie Kvernberg (Foto: www.majorstuen.biz)

EDVARD-pris til Jorun Marie Kvernberg

Jorun Marie Kvernberg ble fredag 2. september tildelt TONOs Edvard-pris under Árinn-festivalen i Kristiansand 2. september. Hun fikk Edvard-prisen for...

Flere saker

Bergen kommunes talentpris gikk til Musikaljentene for deres arbeid med teaterproduksjoner av og med barn og unge. Musikaljentene er Cecilia Strønen Damm, Mathilde Strønen Damm, Selma Strønen Damm og Lovise Moland Espeland. Her med prisutdeler, kulturbyråd Julie Andersland ytterst til høyre

Priser og stipend til Bergens kulturliv

Bergen kommune delte nylig ut priser og stipend for nær 4 millioner kroner til byens kunstnere og kulturarbeidere.

Komponist Dagfinn Koch

Om å være med på notene

INNLEGG: Komponist Dagfinn Koch deler sine tanker om det han kaller Jon Øivind Ness’ berettigete engstelse for partiturmusikkens plass i...

Stillbilde fra videoen Ghosts of Europa med Mortiis

Ballade video: – Vi er et kollektiv

Møt mafiakonene Beharie, Lars Vaular, Damokles, Mortiis, Marea og Tusmørke. Og se en drøy times dokumentar med Wardruna.