Hopp til innhald
Åshild Vetrhus,

Åshild Vetrhus er ny leiar i NFD

Åshild Vetrhus frå Suldal i Rogaland vart vald til ny leiar i NFD på årsmøtet 1. april. – Eg ønskjer å bidra til at NFD vert ein opnare organisasjon, men ei samanslåing av organisasjonane er ikkje aktuelt, seier Vetrhus.

Det er ein profilert utøvande folkemusikar som no har tatt på seg leiarvervet i Norsk Folkemusikk- og Danselag. Åshild er vokalist i trioen Tindra (www.tindratrio.com) som er plateaktuelle i mai.

I 2000 – 2004 studerte ho musikkpedagogikk ved Norges Musikkhøgskole med fordjuping i folkesong. Åshild har mellom anna vigd mykje tid til liksongane i Suldal og songar etter liksongaren Per Vetrhus, men også andre kjelder pregar repertoaret hennar sterkt, slik som dei religiøse folketonane etter Bertha Rafdal eller dei sorgmuntre små visene frå Bjerkreim.

Elles er Håkon Høgemo og Tove P. Dalbakk nye i styret. Håkon Høgemo er blant dei fremste hardingfelespelarane i landet, han har fått spellemannsprisen to gonger, og treng neppe ein nærmare presentasjon. Tove P. Dalbakk er felespelar og cellist frå Rendalen i Østerdalen. Ho er rektor ved kulturskulen i Rendalen, og ho har ei rekkje oppdrag i tillegg som medlem i gruppa Majorstuen.

Jan Petter Blom er ny som vara i styret. Han er fødd i 1927 på Rjukan i Tinn, og er i dag Professor emeritus ved Universitetet i Bergen. Blom var aktivt med og etablerte folkemusikkstudioet i Rauland, folkemusikkvitenskap i Bergen og folkemusikkstudiet ved Ole Bull Akademiet på Voss, der han også har forelest. Han har også vore med på fullføringa av Hardingfeleverket; sju bind med hardingfeleslåttar.

2. varaperson i styret, Håkon Dregelid frå Voss, er blant dei fremste folkedansarane i landet, med ei rekkje topplasseringar på landskappleiken. Ola K Berge slutta i Norsk folkemusikkformidling ved nyttår, men han har no tatt plass i styret som 3. vara.

Etter årsmøtet spela Tore Bolstad, Britt Pernille Frøholm, Anne Hytta og Vidar Skrede til dans.

Eit større intervju med den nye leiaren, Åshild Vetrhus, kjem snart på heimesidene til nfd.no.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Schous kvartalet: 3D kart

Riksscenen for folkemusikk: – Vi vil lytte til hele musikklivet

1,5 millioner statlige kroner venter nå på en splitter ny Riksscene for Folkemusikk og –Folkedans, som også skal bygge to...

Majorstuen spelemannslag (Anne Lise Flavik / Fotofabriken)

– To hoder tenker bedre enn ett, også i folkemusikk-miljøet

«Er organiseringa innafor norsk folkemusikk eit hinder i høve til å stable på beina ein slagkraftig strategi som rettar seg...

Jan Lohte Eriksen (Foto: Anne Hytta)

TONO og folkemusikken: – Tungen rett i munnen

I kjølvannet av en diskusjon på ballade.no vedrørende Giskes uttalelser om «stor sjangersjåvinisme i Norge» eller ei – har vi...

Lene Furuli, Førde Internasjonale Musikkfestival

Norsk folkemusikkformidling ser mot utlandet

– Eg gler meg! seier Lene Furuli, som overtek i Norsk folkemusikkformidling 1. august i år. Folkemusikkeksport og opprustning av...

Annbjørg Lien på Telemarkfestivalen

Kvelande konsensus i folkemusikk-miljøet

Etter fire år i Norsk folkemusikkformidling takkar Ola Berge for seg. I dette intervjuet ved inngangen til 2006 snakkar han...

Vigdis Moe Skarstein, 2005 (Foto: www.07 06 05.com)

Konferanse om kultureksport: – Rikdom utan kultur er degenerering

Kultur- og kyrkjeminister Trond Giske meiner norske kunstnarar er for forsiktige, og at dei no må byrje å krevje meir....

Flere saker

Kulturminister Raja (V) og helseminister Høie (H) på en tidligere pressekonferanse om koronarestriksjoner

Høie åpner for publikum opp til 600

KORONAAVSTAND PÅ KONSERT: Opp til 600 publikummere utendørs, og ett fast sete i mellom hver innendørs publikummer. Regjeringa lemper litt...

Stillbilde fra White Voids video, This Apocalypse Is For You

Ballade video LXXXI: Skål, kosmonauter!

Åtte videoer, tre premierer. Gå inn i helgen med Margrete, Sivert Høyem, Ingvild Homme, Kåre Indrehus, White Void, Meer, Tenant...

Stine Lieng, daglig leder i Musikkforleggerne

Hva skjer med Tono når de største drar?

– Reportoarene som flytter er de som vokser, skriver Stine Osmo Lieng i Norsk Musikkforlag i dette innlegget. Følg Tono-debatten på...