Hopp til innhald

Kulturråd-evaluering roser Norsk Folkemusikk og -Danselag

Kulturforskar Georg Arnestad har på oppdrag frå Norsk kulturråd evaluert Norsk Folkemusikk og -Danselag. I evalueringa gjev Arnestad «folkemusikkens enfant terrible» stor ære for å ha gitt folkemusikk ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden og for å vere den organisasjonen som sterkast har bidratt til utvikling av viktige fellestiltak innan feltet. Han konkluderer med at NFD bør få auke i økonomiske tilskot og meir langsiktige økonomiske rammer å handle etter.

Av Anne Hytta, Kvinten

Norsk Folkemusikk og Danselag får det årlege drifttilskotet frå Post 74 i Norsk kulturråd på bakgrunn av søknader kvart år. No har alle organisasjonar og institusjonar som høyrer inn under denne posten blitt evaluert for « å legge et grunnlag for forvaltningen av Post 74 i sin helhet » som det heiter på Kulturrådet sine heimesider. I alt åtte forskarar har arbeidd med evalueringane av dei ulike organisasjonane, og no er altså NFDs evaluering klar.

«Organisasjonsmessig suksesshistorie»

Bak evalueringa står Georg Arnestad som for fire år sidan sto bak Norsk kulturråds utgreiing om norsk folkemusikk og folkedans i det seinmoderne Norge (Arnestad 2001). Det er såleis ein forskar med djup kjennskap til miljøet som har evaluert NFD, og han konkluderer i evalueringa:

«NFDs 18-årige historie kan på ma nge måtar sjåast på som ei lita organisasjonsmessig suksesshistorie. Med relativt s må ressursar, hardt, målmedvite og strategisk klart retta arbeid har organisasjonen ikkje berre lykkast å stå fram som den mest profilerte organisasjonen inna nfor det norske folkemusikk- og f olkedansfeltet. NFD må også få ein god del av æra for dette feltet har fått ein tydelegare plass på den kulturpolitiske dagsorden. Det er dessutan eit faktum at NFD, folkemusikkens Bellona, «enfant terrible», uekte barn eller kva for karakteristikk vi skal bruke, er den organisasjonen so m i sterkast grad har lagt vekt på og lykkast med å få organisasjonane på felte t til å gå saman om, utvikle og delvis få realisert viktige fellestiltak.»
(…)

«Etter mitt syn er det no tid for at i alle fall delar av den omfattande og mangeårige prosjektretta aktiviteten til NFD bør konverterast i auka årlege driftstilskot, og at NFD bør godskrivast ein del av resultata frå det viktige samord na tiltaksretta kulturpolitiske arbeid et som har skjedd dei siste åra .»

— Kvalifisert gjennomgang

— Arnestad har sett og forstått samanhengen i vårt kulturpolitiske arbeid over tid, og det er gledeleg og svært tilfredsstillande for oss at han har sett dette, seier dagleg leiar i NFD, Jan Lothe Eriksen.

Han oppfattar evalueringa som ein kvalifisert og grundig gjennomgang av NFDs historie og arbeid på sikt.

Heile rapporten finn du på www.kulturrad.no under tittelen «Post 74» evaluert – tilskudd til faste tiltak under Norsk kulturråd.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

NFD presenterer ny folkemusikkfestival – og åpent møte om å leve av folkemusikk og -dans

Norsk Folkemusikk- og Danselag har torsdag gleden av å invitere publikum og presse til presentasjon av «ÁRINN» – en ny...

Unni Løvlid 2004 forfra, foto: Trygve Schönfelder

Unni Løvlid: – Ad hoc-stønad til folkemusikarar!

Folkemusikar Unni Løvlid etterlyser ei ny stønadsordning for folkemusikarar som jazzmiljøet har bruka gjennom fleire år, ei ordning der søknadene...

Unge musikere (Foto: Barratt Due Musikkinstitutt)

NFD: – Behov for talentskoleordning i folkemusikk

På vegne av Norsk Folkemusikk- og Danselag kommenterer Jan Lothe Eriksen her det omdiskuterte forslaget om å legge ned ordningen...

Halvard Kaasa, NFD

Statsbudsjettet 2005: – Folkemusikk og folkedans ute på sidelinja igjen, meiner NFD

Også Norsk Folkemusikk- og Danselag etterlyser oppfølging av kulturmeldinga . – Kva skal vi meine om denne forma for politikk...

1000 lapp (Norges Bank)

Statsbudsjettet 2005: «Samstemt»-organisasjonene er skuffet

De sju organisasjonene Norsk jazzforum, Norsk Rockforbund, Landslaget for Spelemenn, Norsk Folkemusikk og Danselag, Gramart, NorgesNettet og Fono startet arbeidet...

Folkemusikkillustrasjon (Foto: Norsk folkemusikk og Danselag)

Norsk Folkemusikk- og Danselag søker prosjektutviklar

NFD har ledig eitt års prosjektstilling for utvikling av ein ny årleg festival/ bransjetreff for klassisk tradisjonsmusikk og dans i...

Flere saker

Røde løpere under Festspillene i Bergen

Festspillene i Bergen: 22 personer har søkt direktørjobben, fem av dem kvinner

Festspillene i Bergen lyste ut direktørstillingen i høst, da Anders Beyer måtte gå etter en metoo-sak. Nå er søkerlisten klar,...

Aslak Oppebøen på sommerfest og avslutning MN 5 juni

For en ballade! Om musikkeksport, nettavis og pensjonsalder: Intervju med Aslak Oppebøen

Aslak Oppebøen ga liv til Ballade.no, og har jobbet med musikkinformasjon og eksport av norsk musikk i en mannsalder. I...

by:Larm Black, drevet av Celine Høie sammen med Linda Melsom, har på få år vokst til å bli en uunnværlig del av festivalen. Nå satser de større, tyngre og mer variert enn noen gang

By:larm Black 2025 blir større enn noen gang

by:Larm Black 2025 tar den harde scenen til nye høyder.