Grafitti av Bob Dylan (Foto: Richard Mcall, lånt frå pixabay.com)

Fem dylanske landskap

«Diktaren Dylan er uløyseleg lenka til songaren Dylan, og framføringa er like viktig som orda og tonane. Dylan er ein transcenderande songar.» Bob Dylan er 80 år i dag. Musikar og songdiktar Tom Roger Aadland har vald ut fem songar som er reiser inn i dylanske landskap.

Kalender

Teksten blei først publisert på Bergen offentlige biblioteks nettsider, 21. mai 2021


Av Tom Roger Aadland, musikar, songdiktar og skribent

Mitt første musikalske minne om Bob Dylan er konserten frå Rolling Thunder Revue som NRK sendte på TV, eg trur det må ha vore i 1977. Då var eg tretten år. Eitt års tid seinare kjøpte eg det nye albumet Street-Legal på kassett, og deretter Highway 61 Revisited.

Sidan det, har Dylan vore den viktigaste kunstnaren i livet mitt. Dylan er populærmusikkens fremste tekstforfattar, men det er langt ifrå berre tekstane som tek deg inn i landskapa i songane hans. Diktaren Dylan er uløyseleg lenka til songaren Dylan, og framføringa er like viktig som orda og tonane. Dylan er ein transcenderande songar.

Å lytte til Dylan, er å gå inn i landskap, gje seg ut på reiser.

Av og til kan han starte ein song relativt fatta. Så merkar ein korleis han i løpet av songen let seg rive med, og på slutten er han ein stad han kanskje ikkje visste om då han byrja å syngje. Dette gir framføringane hans eit intimt og eigentleg rørande preg. Å lytte til Dylan, er å gå inn i landskap, gje seg ut på reiser. Når songen er slutt, og du vender tilbake, kan det vera vanskeleg å skildre detaljar frå reisa, men du veit du har vore ein stad, og at du ikkje er den same som før.

Eg har vald ut fem songar som er reiser inn i dylanske landskap.

«A Hard Rain’s A-Gonna Fall» (1963)
Etter å ha kjøpt to Dylan-album på kassett, gjekk eg over til LP-formatet. The Freewheelin’ Bob Dylan var ei av dei første platene eg kjøpte. Åpningslåta er «Blowin’ in the Wind», som eg kjente frå songbøker og radioen, og som «alltid» hadde vore der. Men det var «A Hard Rain’s A-Gonna Fall» som var den første songen som tok meg på reise, som henta meg inn i eit landskap. Songen har fem vers, og kvart av dei startar med ein variant av spørsmålet om kor hen «min blåaugde son» har vore.

Platecoveret til The Freewheelin’ Bob Dylan. (Foto: Columbia)

I svara, som utgjer hovudtyngda av songen, fører Dylan deg gjennom eit urovekkjande landskap, der «kapslar med gift flyt kringom på vatnet» og der «hygga i heimen møter skiten frå fengselet». Men songen sluttar, om ikkje optimistisk, så i alle fall meir opent enn dei mørkaste bileta ein har sett, kunne tyda på. Dylan fortel at han skal «spegle det frå fjellet så kvar sjel kan sjå det» og «stå der på vatnet til eg byrjar å synke». Synke, slik Peter gjorde då han mista trua. «Men kunne songen min godt før eg byrjar å syngje». Det er eit hardt regn som skal falle.

Du veit du har vore ein stad, og at du ikkje er den same som før.

«Visions of Johanna» (1966)
Me går tre år framover i tida, til det som etter mange si meining er Dylans aller ypperste kunstnariske og litterære prestasjon, om ein må velje seg berre ein song. «Visions of Johanna» har det til felles med «A Hard Rain’s A-Gonna Fall» at songen består av fem vers, der det siste er det lengste.

Utgangspunktet for songen skal ha vore eit straumbrot i New York ei vinternatt i 1965. Det er ei stranda nachspiel-stemning over låta, som sklir ut i eit urbant mytologisk landskap, med jelly-faced women, all-night girls, Little Boy Lost og Madonna som enno ikkje har vist seg.

Det store temaet på dobbeltalbumet Blonde on Blonde, som «Visions of Johanna» er henta frå, er lengta etter kjærleik, eller ventinga på kjærleik. Det næraste Dylan – og lyttaren – kjem Johanna, ofte tolka som å representere det andelege, er «desse visjonane… som erobrar mitt sinn». Dylan har ikkje den same ekspressiviteten som songar i denne perioden (1965-66) som han hadde til dømes på slutten av 70-talet, men timinga og diksjonen hans er second to none.

«Idiot Wind» (1975)
Dylan gifte seg med Sara Lownds i november 1965, gjekk i studio og spelte inn Blonde on Blonde, og haldt fram med ein omfattande turné som kom til ein bråstopp med den berømte motorsykkelulukka sommaren 1966.

Etter dette, bytta han turnélivet med familielivet. Han gav nesten aldri konsertar, og platene han gav ut på første halvdel av 70-talet, heldt ikkje den standarden han sjølv hadde sett. I 1974 var det klart at ekteskapet skranta, og på nyåret 1975 kom Blood on the Tracks, av mange rekna som det aller beste Dylan-albumet.

Plata inneheld fleire songar som kan omtalast som episke. «Tangled Up in Blue» er den meste kjente, og «Idiot Wind» den mørkaste og såraste. Opphavleg vart plata innspelt i New York, men i tolvte time ombestemte Dylan seg, og spelte inn nokre av songane på ny. New York-versjonen av plata har sirkulert som bootleg i alle år, og for eit par år sidan gav Sony ut alt materialet i ein boks.

Ein har derfor her ein unik sjanse til å undersøke korleis songaren Dylan er i stand til å påverke uttrykket i songane han skriv. New York-versjonen er meir melankolsk og ettertenksam, medan den versjonen som kom ut på plate, er sintare og meir rocka.

På den påfølgjande Rolling Thunder-turnéen tok Dylan denne aggresiviteten endå lenger, som ein kan høyre på livealbumet Hard Rain. Sjølv synest eg det er vanskeleg å velje mellom dei to studioversjonane; dei er begge framifrå på kvart sitt vis.

Letta var til å ta og føle på då Infidels kom ut i 1983.

«Jokerman» (1983)
Dylan følgde opp Desire med Street-Legal og ein lang verdsturné. Deretter sjokkerte han mange i rockeverda med å gje ut tre kristne plater. Slow Train Coming (1979), Saved (1980) og Shot of Love (1981) fekk alle blanda kritikkar, sjølv om i alle fall utøvaren Dylan seinare er rehabilitert når det gjeld denne perioden.

Letta var til å ta og føle på då Infidels kom ut i 1983. Plata hadde ikkje nokon tydeleg religiøs profil (sjølv om Dylan var avbilda i Jerusalem på coveret), og tekstane var meir visjonære. Høgdepunktet er åpningssporet «Jokerman». Songen byrjar med eit bilete frå Forkynnaren i Det Gamle Testamentet: «Send brødet ditt burt yver vatnet; for med tidi finn du det att.»

Platecoveret til singelen Jokerman av Bob Dylan. (Foto: Columbia)

Det er fleire andre referansar til Bibelen i songen, men også til forhold i nyare tid. Musikkvideoen viste kunstverk frå oldtida, så vel som av Picasso og Munch. Dylan briljerer som vokalist, og det er verd å merke seg at eksklamasjonen «oh» er ein viktig del av refrenget. «Jokerman dance to the nightingale tune / Bird fly high by the light of the moon / Oh, oh, oh, Jokerman».

Det er naturromantikaren Dylan me her møter, og sjølv om mørket er til stades i songen, er stemninga langt ifrå dystopisk. Kan hende fann Dylan ein grunn til optimisme i åra som evangelisk kristen likevel. Så seint som i fjor, då Dylan gav ut singelen «Murder Most Foul», tok han med eit ønske om Guds velsigning i helsinga si til lyttarane.

Mørket er alltid til stades, men det er lyset Dylan ser etter

«Key West (Philosopher Pirate)» (2020)
Det er ikkje kvalitetsmessige årsakar til at eg gjer eit hopp på trettisju år frå «Jokerman» til «Key West (Philospoher Pirate)». Dylan har gitt ut mange episke songar i denne tida, til dømes «Brownsville Girl» (1986), «Highlands» (1997) og «Across the Green Mountain» (2003).

Men eg synest det er på sin plass å slutte med Dylans førebels siste plateutgjeving. Denne songen frå meisterverket Rough and Rowdy Ways, som kom ut i fjor, er noko av det ypperste Dylan har skrive på mange tiår.

Platecover, bob Dylan, folk på fest, danser,

Platecoveret til Rough and Rowdy Ways. Bildet er tatt av den britiske fotografen Ian Berry på ein undergrunnsnattklubb i Cable Street i øst-London, 1964. Cable Street finst ikkje lenger. “I was working quickly, and in very poor light, shooting away with a 35-millimeter camera,” fortalte den nå 86 år gamle fotografen til magasinet Rollings Stone i mai 2020. “I knew at some point I’d have to leave because I hadn’t asked permission to be there.” (Foto: Columbia)

Key West i Florida er den sørlegaste byen på det amerikanske fastlandet, og forfattarar som Ernest Hemingway og Tennessee Williams budde her. Men ein får likevel ei kjensle av at verken geografien eller historien er oss til hjelp når me skal finne ut kva songen handlar om.

«Key West is the land of light», syng Dylan på slutten av låten. Han skildrar ei omskifteleg verd med eit flimrande lys. Mørket er alltid til stades, men det er lyset Dylan ser etter, eigentleg gjennom heile karrieren. Kanskje har åra gitt han litt meir tolmod.

«Eg trudde verkeleg eg skulle møte Elvis»

Då hjulet på Dylan sin Triumph motorsykkel slutta å spinne i ein grøftekant utanfor Woodstock i slutten av juli 1966, var det nok ikkje mange som hadde satsa pengar på at det tjuefem år gamle geniet skulle leve til sin åttiande fødselsdag.

Også tretti år seinare hadde Dylan eit stevnemøte med døden. Like før Time Out of Mind (1997) kom ut, låg den 56 år gamle musikalske vismannen på sjukehus med ein livstruande hjarteinfeksjon. «Eg trudde verkeleg eg skulle møte Elvis», har han seinare sagt om den episoda.

Kulturhistoria er full av kunstnarar som utretta livsverka sine i løpet av berre nokre få år. Mozart blei 35 år gammal, Schubert 31. Robert Johnson og Jimi Hendrix døydde begge i ein alder av 27. Nokre få kunstnarar har vore aktive frå tjue til åtti, eller endå lenger. Picasso, Hokusai og Hamsun kan nemnast.

Det er ei gåve til alle som elskar tekst og musikk å ha Dylan blant oss som aktiv kunstnar i seks tiår and counting. Det blir fortalt at Hokusai på dødsleiet utbraut, «Om berre Himmelen vil gje meg ti år til… Berre fem år til, då kunne eg blitt ein verkeleg målar.»

Me ønskjer Dylan mange gode og aktive år til. Han kan gå tur med ulvehundane sine, måle akvarellar, sveise portar av skrapjarn, og gjerne skrive songar om korleis ein mann i åttiåra ser på livet. May you stay forever young.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.
Konserttips Oslo