Guoste Tamulynaite var årets høgdepunkt på Blowout-festivalen (Foto: Peter Gannushkin/ Blow Out)

Blowout-festivalen 2022: Når festivalprogrammet er ein komposisjon

Folka bak Blow Out har nok ein gong komponert ein givande festival – og Guoste Tamulynaite lagar noko av den mest interessante musikken du har høyrt.

Kalender

Toner og Tanker på Malerhjemmet

03/12/2023 Kl. 16.00

Viken

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 17:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 19:00

Oslo

Candlelight: A Tribute to Ludovico Einaudi

09/12/2023 Kl. 21:00

Oslo

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.noNoko anna. Noko nytt. Og noko bra. Folka bak Blowout-festivalen set nemleg alltid saman eit program der dei koplar saman interessante musikarar for første gong, og bookar gjerne program som om det skal vere komposisjonar – slik kan det iallefall virke som. 

Ein kveld på Blowout-festivalen er nemleg ei sonisk reise frå klangverd til klangverd. Om du set deg til og lyttar med på reisa, så kan eg garantere deg at du kjem heim rikare enn då du gjekk ut.

Blow Out har sin faste konsertserie på oddetals-tysdagar på Hærverk, med hovudvekt på friimpro og frijazz. Og ein gong i året samlar dei til fest over fire dagar, med over tjue konsertar. I år – tilbake på Mir i Toftes gate i Oslo. Klubbscena har blitt pussa opp, fått ein litt større bar, utsikt mot gata, men er elles ganske lik seg sjølv – det er svart, det er øl og det er god lytting.

Mette Rasmussen Quintet. (Foto: Peter Gannushkin/ Blow Out)

Mette Rasmussen Quintet opna festen for min del på torsdag. Dansken med base i Trondheim hadde med seg ein eksplosiv kvintett, eller «dobbel trio» som nokon kallar det – to bassistar og to trommeslagarar med saksofonist Rasmussen i midten. Dette swingar. Johan Berthling og Thorbjörn Zetterberg er gjerne innom streit walking bass. Raymond Strid og Paul Lytton lyttar intenst, og det er nesten som om dei først og fremst er nysgjerrige på spelestilen til kvarandre.

Etter den eksplosive opninga skulle vi inn i ein klangleik utan sidestykke i trioen med saksofonistane Lotte Anker og Fredrik Ljungkvist på kvar si side av cellisten Fredrik Lonberg-Holm. Her zoomar dei tett inn i lydane dei finn i instrumenta sine og leitar etter nye nyansar. Tonar glir tett i lag og skaper skjelvande lydbølgjer som veks og veks. Det er lyttande spontankomposisjonar.

Anker / Ljungkvist / Lonberg-Holm. (Foto: Peter Gannushkin/ Blow Out)

Eg hadde lagt merke til han under dei to første konsertane. I Hawaiiskjorte og hatt vandra han nysgjerrig, kanskje litt utolmodig, rundt i lokalet. Mike Cooper var eit av namna eg på førehand hadde sett meg ut etter nokre koppar kaffi på youtube. Opprinneleg var han folk-artist, men etter å ha høyrt på, mellom andre trommeslagar Paul Lytton, ville Cooper spele “like that”, fortalde han frå scena. 

Cooper sitt sett er leikent og – i mangel på eit betre ord – uvant. Uvant nettopp på den gode måten som det ofte er på Blowout. Han har sitt musikalske språk frå heilt andre stadar enn frijazzhistorien, og tonaliteten kjem like gjerne frå blues og viser. Men alt er abstrahert og forvrengt – det er liksom berre kjenslene igjen.

Grismask som avsluttar torsdagen, er vulgær punkefrijazz – eller sjangeren «klin kokos» som festivalen omtalar dei som. Det var det verkeleg. Den svenske klarinettisten Isak Hedtjärn, trommeslagar Eric Carlsson, bassist Patric Torman spelte energisk tradisjonsfrijazz bak ein teatralsk Sebastian Murphy skrikande med tekstar som « … jag har bare tagit dagen som den kommer. Du ser ut som en jävla gris!» Det er komisk med ein gong, men ganske tidleg går eg lei.

Amadou / Kosack / Narvesen. Ein slags dekonstruert rock. (Foto: Peter Gannushkin/ Blow Out)

Laurdagen opna med eit uhyre sterkt sett frå trioen Amadou/Kosack/Narvesen. Ein slags dekonstruert rock slår i mot oss. Den belgiske bassisten Farida Amadou, som tidlegare har spelt i ulike punkband og med frijazzlegende Peter Brötzmann og ex-Sonic Youth Thurston Moore, er ein musikar du må få med deg! Denne laurdagen høyrer eg nemleg noko av det mest brutale og kreative bass-spelet eg har høyrt.  Amerikanske Liz Kosack på keyboard pumpar sitt elektriske piano fullt av atonale fusion-linjer og Dag Magnus Narvesen bryggjer sakte og intenst opp drivande groove heilt utan taktstrek. Her er det også sentralt å nemne den enormt gode lyden, som gjer at nyansane i bass-spelet til Amadou verkeleg kjem fram. Det er sjeldan ein høyrer slike nyansar djupast nede i registeret.

Når vi etter eit kort opphald forflytta oss ned i kjellaren, og til Jo David Meyer Lysnes vidunderlege mekanikk, vert lokalet frustrerande lite. Alle vil sjå cymbal-maskinene. Meyer Lysne har gitt ut nokre enormt sterke plater som gitarist, men dei siste åra har han meir og meir fordjupa seg i mekaniske instrument og programmering. Noko av det mest interessante her er det absurde i å høyre ei trommestikke slå på ein cymbal i matematisk korrekt tempoøkning. Det er «umulig» musikk.

Den irske gitaristen Benjamin Dwyer har bakgrunn i klassisk musikk og teori, og gir han eit spesielt musikalsk ordforråd i friimprovisasjon. Saman med trommeslager Paul Lytton som vi høyrde torsdag med Mette Rasmussen Quintet. Han er ei legende i frijazzen, og 75-åringen synte like stor skaparglede som om han var ein fersking frå jazzlinja. Det var til tider tilløp til spennande musikk, men som oftast opplevde eg at det døydde ut utan at dei augeblikka vart tatt tak i.

Nede igjen i kjellaren kom festivalens høgdepunkt. Pianist og synthist Guoste Tamulynaite. Ho er fra Litauen, men har budd i Oslo nokre år no der ho mellom anna er med i kollektivet Blomsterbed og leiar Ny Musikks komponistgruppe.

Ho startar sparsommelig, likevel med store akkordar fulle av kjensler. Men det som slår meg hardast er hennar heilt ville referansebibliotek, ikkje heilt ukjent for dei som har fått med seg Blomsterbed. Ho plukkar og samplar fryktlaust, og bryt med seg sjølv heile vegen. Dei musikalske retningsskifta opplever vi likevel ikkje som retningsskifte, men set dei føregåande lydane i ein ny kontekst. Ho leikar seg med det sentimentale og referansane til publikum, og assosiasjonane går frå Blade Runner til 60-tals soul. Tamulynaite må vere eit funn for ein kvar filmskapar.

Eg gliste frå kinn til kinn etter opplevinga i kjellaren – og kva er vel då betre enn å avslutte med brasiliansk dans? Gruppa Sambestros avslutta festivalen, og ein smilande perkusjonist i Celio de Carvalho fekk frijazzpublikumet til å danse. Det er heilt spesielt å høyre denne tradisjonsmusikken etter å ha blitt mørna og strekt musikalsk i alle retningar. Akkurat i dette ligg magien i den soniske reisa Blowout.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.