Sanskriti Shrestha og Andreas Wildhagen var den første av tre produksjonar under All Ears' første festivalkveld på MUNCH nyleg. (Foto: Christian André Strand)

All Ears på Munch: Eit fylgje med improvisasjonar frå det minste lydfrø til ei heil verd av klangar

Improfestivalen All Ears tok oss med på innsida av lydane i Munch-museets store konsertsal. Og lydteknikarane Stig Gunnar Ringen og Chris Fullard burde ha stå øvst på plakaten.

Kalender

Engegård, Svendsrud og Haugen trio i Trysil

13/04/2024 Kl. 15.00

Innlandet

Operapub på Grønland Boulebar

13/04/2024 Kl. 19:00

Oslo

Lørdagsopera

13/04/2024 Kl. 16:00

Oslo

All Ears – festival for improvisert musikk
20.-22. mai 2022
Munchmuseet i Oslo

Melding frå fredag 20. mai, der disse produksjonane blei presentert:
Sanskriti Shrestha & Andreas Wildhagen
Kristin Andersen Høvin
Kali Malone presents ‘Does Spring Hide It’s Joy’ featuring Lucy Railton and Stephen O’Malley

 

For tjue år sidan gjekk Maja Ratkje, Lasse Marhaug og Paal Nilssen-Love saman om å starte ein festival for improvisert musikk.

I år er det Christian Winther, Anja Lauvdal og Natali Abrahamsen Garner som står bak. På nettsida opplyser All Ears om at dei ikkje tek i mot booking-førespurnader. Festivalen er fullstendig kuratert, og det gjer opplevinga av ein kveld på All Ears til ei heilt spesiell, heilskapleg oppleving.

Gjennom åra har festivalen holdt hus på alt frå Henie Onstad Kunstsenter, Deichman Grünerløkka og Nasjonal Jazzscene. I år søkte festivalen, som Only Connect, ly under knekken i Bjørvika – i Munch-museets store konsertsal.

Inne i kuben var stolane plassert rundt omkring på golvet passande organisk. Dei heldige som kom tidleg nok, fekk plass i fluktstolane bakerst i lokalet. Dette var eit rom som inviterte til djup lytting.

Publikum under Kali Malone presents ‘Does Spring Hide It’s Joy’ featuring Lucy Railton and Stephen O’Malley på improfestivalen All Ears. Dette var eit rom som inviterte til djup lytting, skriv Ballades meldar. Og dei heldige som kom tidleg nok, fekk plass i fluktstolane bakerst i lokalet. (Foto: Christian André Strand)

Når Andreas Wildhagen fann plassen bak trommesettet og Sanskriti Shrestha midt blant tabla tarang-oppsettet, var det første eg la merke til dei kjenslevare mikrofonane. I motsetning til det rå uttrykket All Ears-festivalen gjerne har hatt på tidlegare utgåver, så vart den improviserte musikken her presentert i klangleg høgpresisjon.

All Ears Festival, MUNCH, Sanskriti Shrestha & Andreas Wildhagen (Foto: Christian André Strand)

Slik kunne Wildhagen og Shrestha opne med dei minste, tynnaste og skjøraste lydane. Tynne spisepinnar på cymbalane fylte rommet med nyansar som du gjerne berre kan høyre om du legg øyret heilt inn til lydkjelda. Vi fekk oppleve den fascinerande store variasjonen i kvar enkel tabla, mikro-melodiar gjennom fingrane på trommeskinnet.

I starten er det rytmisk abstrakt, før musikarane etter subtil blikkontakt brått skiftar karakter og fyrer av garde i ein rytmisk melodi, avansert variert og med tyngdepunkt som gjer oss i salen svimle i dansen. Det er kick – dei vekkjer oss opp og vi sit med haka engasjert lavt.

Etter ei kort pustepause i rommet som eg etterkvart opplevde som ein katedral, skifta lyset frå ein varm gulfarge til kjølige strålar, slik som lyset frå sprekker i fjellet. No skulle vi få ei sjeldan moglegheit til å høyre trompetist Kristin Andersen Høvin, mellom anna frå den legendariske fri-kvartetten SPUNK.

Kristin Andersen Høvin under All Ears på MUNCH. Trompetist og blokkfløytist Kristin Andersen Høvin har spela impromusikk i over 25 år, og har mellom anna vært eit av dei fire medlemma i improensemblet SPUNK (sjå eiga sak om dei i venstre marg). (Foto: Christian André Strand)

Midt i denne fossen av lys, sit Kristin aleine og går rett i gang å grave etter lydar i trompeten. Ho opnar kaotisk og hektisk. Men lyttande. Kvar gong ho finn noko spennande, så fylgjer ho tråden. Som om ho søkjer dei sjeldnaste lydane, dei som  er vanskelege å finne. Eg tek meg i å tenke – kva er det som gjer at hennar improvisasjon – som framstår så abstrakt, og ved første øyrekast tilfeldig – kan opplevast så logisk.

For det er nettopp det som skjer – frå start til slutt opplever eg improvisasjonen hennar som ei reise i lyd, ei logisk forteljing. Ho lyttar seg gjennom lydane i trompeten og finn klangslektskap med dei ulike blokkfløytene ho har med seg. Leitar vidare der, tvingar seg fram til lydar, melodiar og rytmiske motiv gjennom nysgjerrig, energisk leiting. Og takka vere lydteknikar Stig Gunnar Ringen, får vi i salen vere med å finne dei same klangnyansane som fører improvisasjonen vidare.

Eit overveldande frekvensspekter slår i mot publikum under Kali Malone presents ‘Does Spring Hide It’s Joy’ featuring Lucy Railton and Stephen O’Malley. (Foto: Christian André Strand)

Der Kristin Andersen Høvin fann musikken i kaoset, konsentrerer Kali Malone, Lucy Railton og Stephen O’Malley seg om ein lyd, ein lang, enorm lyd. Malone sitt verk Does Spring Hide It’s Joy varte opprinneleg i tre timar og ho presenterer det som eit studie i djup lytting. I All Ears-versjonen er det korta ned til ein og ein halv time. Bak dei tre musikarane på laptop, cello og gitar ser vi eit stort lerret med ein minimalistisk, men likevel cinematisk framstilling av enkle, sterke fargar som blandar seg, sakte og litt og litt.

Slik er også lyden, presist miksa av Chris Fullard. Det er eit overveldande frekvensspekter som slår i mot oss. Tonane frå gitaren aksentuerer ein frekvens i det elektroniske klangbadet. Lucy Railtons slow motion-melodiar syner oss den store lyden frå ulike vinklar. Det er eit portrett av ein enorm lyd.

Bak dei tre musikarane på laptop, cello og gitar ser vi eit stort lerret med ein minimalistisk, men likevel cinematisk framstilling av enkle, sterke fargar som blandar seg, sakte og litt og litt. Kali Malone, Lucy Railton og Stephen O’Malley presenterte Does Spring Hide It’s Joy. (Foto: Christian André Strand)

Ordet ambient har til ulike tider hatt hengande ved seg noko kommersielt og tomt, på linje med masseproduksjonen av PPM (peaceful piano music). Men vit at dette har ingenting med det å gjere. Likevel er ambient rette ordet. Her er utforskinga av lyd i sakte transformasjon over lang tid med på å gi lyttaren ei sterk meditativ oppleving som er umogleg utan å bruke nettopp – tid.

Og her er rommet perfekt. På same måte som mørkret i ein kinosal transporterer oss inn i filmen på magisk vis, opplever eg at eg forsvinn inn i fargane – visuelt og klangleg.

Ved å halde All Ears på Munch-museet er det noko ein får, og noko ein mistar. Eg må jo seie at det er noko med den tørre, rå og nære opplevinga som ein fekk på Deichmann, eller midt på golvet på Nasjonal Jazzscene – eller som ein får på Hærverk under BlowOut-tysdagane, som ein kan sakne når ein sit i eit slikt høgteknologisk rom. Men med programmet denne kvelden, og for så vidt resten av helga, med Deathprod som ein headliner på laurdag, gjekk Munch og All Ears hand i hand.

Kali Malone (i midten), Lucy Railton og Stephen O’Malley. Ballades meldar trekk óg fram lydteknikarane spesielt, Chris Fullard og Stig Gunnar Ringen: – Det er fantastisk god lyd. (Foto: Christian André Strand)

Tre konsertar. Og tre gongar har eg i denne meldinga skrive om den viktige lydteknikaren. Det var den tanken som dukka opp oftast gjennom kvelden: det er fantastisk god lyd. Kanskje var det lydteknikarane Stig Gunnar Ringen og Chris Fullard som burde stå øvst på plakaten.

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.