Vossa Jazz i palmehelgen 2021 avlyst
På dagen eitt år etter avlysinga av Vossa Jazz 2020, lyt me med tungt hjarte diverre avlysa igjen, melder jazzfestivalen, to uker før den 48. utgaven av festivalen skulle skje. Men festivalen satser på å kunne gjennomføre til høsten.
– På bakgrunn av tilrådingar frå styresmaktene og den uvissa me alle står i, vurderer me det slik at det rett og slett ikkje er forsvarleg å skipa til festival i Palmehelga, sier festivalsjef Trude Storheim i en pressemelding.
– Det finst heldigvis eit lyspunkt i mørket: me planlegg å skipa til den 48. Vossa Jazz allereie i haust; 24. -26. september!
– Me har stått i uvissa i over eit år, fortsetter Storheim, – men planlagt for å kunna gjennomføra i Palmehelga. No vart skjera i sjøen for mange og høge og me vel å avlysa festivalen. Men me gjev oss ikkje, no ser me framover og gler oss til å oppleva levande musikk frå fantastiske artistar. Fullstendig program må koma attende til, det er mange detaljar som må på plass. Me gler oss til å sjå alle flotte vossajazzarar – artistar, publikum, frivillige og andre besøkande – igjen på Vangen til hausten!, sier festivalsjefen.
Vossa Jazz melder at alle billetter til årets festival blir refundert.