Innlegget blei først publisert på Jazzinorge.no, 19. februar 2021.
Denne veka har det vore mange saker i lokalpressa på Kongsberg om jazzfestivalen og dens samarbeid med ei av byens store verksemder. Etter mange års sponsorsamarbeid vedtok styret i Kongsberg Jazzfestival å ikkje reforhandla avtalen slik den låg føre. Dette har skapt store avisoverskrifter og ført til eit ras av krasse uttalar frå mellom anna byens ordførar.
Dette er ikkje ei lokal sak. Det handlar om prinsippet mellom sjølvstendige kulturaktørar, løyvande myndigheiter og samarbeidspartnarar.
Ei armlengdes avstand er kulturpolitikkens grunnlov og den har vore ei rettesnor for samhandlinga mellom den frie kunsten, kulturmiljøet og løyvande myndigheiter. Dette har vore eit prinsipp som også har råda i kulturlivet sitt samarbeid med næringslivet. Det er den enkelte kulturinstitusjon sitt føremål og verdiar som skal styra innhald og form. Det er den enkelte kulturaktør som skal styra si verksemd, ikkje eventuelle marknadskrefter som til eikvar tid er inne i eit samarbeid.
Det kan vera tøft å stå opp mot kapitalsterke aktørar og politikarar som sit med råderett over økonomiske og strukturelle føresetnader for drift og gjennomføring av festivalen. Om ein kommune til dømes truar med å kutta økonomisk stønad med grunngjeving i at kommunen er ueinige i eit vedtak gjort i festivalen sitt styre; kva bruk av makt og verkemiddel vil det vera?
Oppbygginga av landet er tufta på demokratiske prinsipp, dette gjeld òg for kulturlivet. Ein har eit tett samarbeid med både løyvande myndigheiter og andre samarbeidspartnarar, men sjølvråderetten til den enkelte kulturaktør må aldri vika.
Kongsberg Jazzfestival er ein av landets største og eldste kulturaktørar, og me er mange som har eit sterkt og godt forhold til festivalen. Me vil med dette syna vår fulle støtte til Kongsberg Jazzfestival, og me håpar at denne saka for ettertida ikkje vil gje oss nye assosiajonar til den berømte Kongsberg-knekken.
Trude Storheim, festivalsjef, Vossa Jazz
Ingrid Brattset, styreleiar, Norsk jazzforum
Gry Bråtømyr, dagleg leiar, Norsk jazzforum
Ernst Wiggo Sandbakk, festivalsjef Jazzfest
Jon Skjerdal, festivalsjef, Nattjazz
Øyvind Larsen, festivalsjef, Oslo Jazzfestival
Andreas Risanger Meland, festivalsjef Sildajazz
Per Hasse Andersen, festivalsjef, Maijazz
Eirik Kristensen, festivalsjef, Mandaljazz
André Kvernhaug, festivalsjef, Varangerfestivalen
Elisabeth Kulseng, festivalsjef, Smeltedigelen
Andreas Hoem Røysum, festivalsjef Motvind
Roger Johansen, kunstnerisk leder, Bodø Jazz Open
Cecilie Nogva, konstituert festivalsjef, Moldejazz
Kari Grete Jacobsen, daglig leder, Østnorsk jazzsenter
Ulla Stina Wiland, daglig leder, Nordnorsk jazzsenter
Nina Torske, daglig leder, Vestnorsk jazzsenter
Etter publisering kom det flere navn til støttelista. Ballade har oppdatert lista 20. februar kl. 11.00 med disse navnene:
Jørn Størkson, daglig leder, Sørnorsk jazzsenter
Bjørn Willadsen, daglig leder, Midtnorsk jazzsenter
Henriette Eilertsen, Jonas Cambien, Magnus Nergaard, Paal Nilssen-Love, Ståle Liavik Solberg, Blow Out!
Ellen Brekken, leder, Tynset Jazzfestival/Tynset Jazzklubb
Anja Katrine Tomter, festivalsjef, Anjazz
Hege Riise, styreleder, Dølajazz
Andreas Haddeland, Nesodden jazzfestival
Red. mrk.: Vi gjer merksame på at festivalsjef for Sildajazz, Andreas Risanger Meland, er medlem av styret til Ballade.

Ballade klassisk: Jeg har delte meninger
Denne gangen er det delte meninger i enmannsredaksjonen Ballade klassisk.

Ny mentorordning for unge orkestermusikere fra nord
Musikkstudenter fra Nord-Norge kan nå søke opptak til mentorprogrammet Arktisk Mentor Arena. Programmet skal gi unge orkestermusikere erfaring, veiledning og et springbrett til profesjonell karriere.

Den største norske artisten i Spotifys historie
Sammenlagt seier til Kyrre.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.




















































