Inga Moen Danielsen, styreleder, og Åsne Hagen, daglig leder for Tekstallmenningen i Bergen (Foto: Yilei Wang)

Millionstøtte til fremje av kulturtidsskrift

Det nyetablerte Tekstallmenningen i Bergen får 1,1 million i støtte frå Kulturrådet til å fremje kulturtidsskrift, både generelt og i biblioteka.

Kalender

– Dette er ei enorm anerkjenning av arbeidet vi har gjort i etableringsfasen av Tekstallmenningen som ein nasjonal sentral, seier styreleiar Inga Moen Danielsen i ei pressemelding.

Styrke tidsskriftas betyding i offentlegheita
Tekstallmenningen blei etablert i Bergen våren 2020 av den regionale litteraturorganisasjonen Tekstallianse i samarbeid med Norsk tidsskriftforening og kulturtidsskriftet Vagant. Målsettinga er å styrke kulturtidsskrifta ved å frisette faglege ressursar, redusere kostnadar, gjere tidsskrifta meir synlege og betre salet, formidlinga og distribusjonen av kulturtidsskrifta, forklarar initiativtakarane i meldinga.

I tillegg skal Tekstallmenningen arbeide strategisk for rammevilkåra til tidsskrifta og synleggjere den viktige rolla kulturtidsskrift har i offentlegheita. Tidsskrifta er viktige formidlarar av fag og forsking på ulike felt, og premissleverandørar i den offentlege debatten, heiter det på heimesida til Norsk tidsskriftforening.

Bortfall av innkjøpsordning
300 000 kr av tilskotet for 2021 frå Kulturrådet skal gå til arbeidet med å selje subsidierte tidsskriftabonnement til folkebiblioteka. Om lag 25 tidsskrift er omfatta av denne ordninga, som erstattar den tidlegare innkjøpsordninga for allmenne kulturtidsskrift.

– Bortfallet av innkjøpsordninga har i 2020 svekt både økonomi og offentleg nærvere for kulturtidsskrifta. I Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023, ”Rom for demokrati og dannelse”, er tidsskrifta fullstendig forbigåtte. Tekstallmenningen vil ta tak i denne utfordringa med mål om å gjere mangfaldet av tidsskrift tilgjengeleg i heile landet, seier Danielsen.

Offisiell lansering i januar
Det blir offisiell lansering av Tekstallmenningen på Litteraturhuset i Bergen tysdag 5. januar 2021 med ein samtale om kulturtidsskrift. Samtalen blir òg kringkasta på Debatten i NRK P2 fredag 8. januar.

«I Bergen finns ett kontor.» Den svenske kunstneren Sara Granér dokumenterte tidsskriftkonferansen i Gøteborg i november 2019, og illustrasjonen «I Bergen finns ett kontor» ble stadig referert til. Kontoret er nå etablert. (Foto: Sara Granér / Tekstallianse)

Arne Borge (kulturredaktør i Vårt land) leiar samtalen med Charlotte Myrbråten (tidlegare redaktør for Fett, Bergen Offentlige Bibliotek), Christian Kjelstrup (redaktør for Samtiden, styremedlem Norsk tidsskriftforening) og Sheila Feruzi Kassim (styremedlem Tekstallmenningen og initiativtakar til Vuma Projects, som på nyåret lanserer eit nytt tidsskrift med fokus på minoritetsnorske skribentar og lesarar).

Selskapet har i tillegg til støtte frå Kulturrådet fått oppstartsstøtte frå Fritt Ord. Initiativet er inspirert av det svenske Nätverkstan i Gøteborg. Styret i Tekstallmenningen består ved sidan av Danielsen og Kassim av Audun Lindholm (redaktør i Vagant), Bente Riise (generalsekretær i Norsk tidsskriftforening), Trond Åm (Litteraturhuset i Trondheim) og Anne Marit Hjelme (Vi over 60). Åsne Hagen er dagleg leiar i selskapet.

Ballade er medlem av Norsk tidsskriftforening, og sjølv mottakar av støtte frå Kulturrådet under ordninga for tidsskrift og kritikk.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev