Hopp til innhald
2742 Tord Gustavsen PF3

EIN STAD Å KVILE: Jarle Vespestad (trommer), Tord Gustavsen (piano) og Steinar Raknes (kontrabass).(Foto: Caterina di Perri / ECM)

Tord Gustavsen Trio har gitt ut sitt sterkaste album hittil, og hypnotiserer oss til djup kvile

Tord Gustavsen har gitt ut si sterkaste plate hittil, og peikar tilbake til Grieg og eit legendarisk «kirkerom» på Manhattan.

Det er vår, det er tørr asfalt og lyst lenge. Det grør. Vi har vore tilbake til «normalen» eit par månader no, og før påske dansa eg i lag med eit fullsett Rockefeller. Eit lukkeleg ungt publikum skreik til ein utsvevande synthsolo frå Kai Von Der Lippe (aka Why Kai) – det var euforisk stemning, slik det har vore på konsertar i tida etter gjenopninga. Slike kveldar kan det ikkje bli betre!

Men dagane etterpå var det ei anna plate som trefte meg rett i hjarterota.

Då eg sette på Tord Gustavsen Trio si nye plate Opening, tok eg eit djupt pust inn – så lét eg trioen puste ut.

Eg har siste tida hatt fleire samtalar med folk om at det er tungt å kome tilbake – ikkje alle sprett rett tilbake etter to år med pandemi. Dei treng tid. Og det er det Tord Gustavsen gir oss.

Dette er musikk å puste til. I det Gustavsen lét vekta av fingeren forsiktig trykke ned tangenten, så er det som at han hypnotisererer lyttaren inn i djup kvile. Tord Gustavsen har gitt oss eit rom å kvile i på Opening.

Men kva er det ved Tord Gustavsen Trio som får oss inn i denne kvila?

Vi må leite etter spor i musikken.

Denne klangverda har trioen bygga gjennom snart tjue år, frå debuten på ECM i 2003, Changing Places til dette femte bindet som kom ut fredag før påske, Opening. 

Sjølv om Gustavsen har fleire prosjekt med større ensemble, kor og songarar, så kan trioen kanskje sjåast på som hans hovudverk eller iallefall grunnstein.

Tord Gustavsen – Opening (ECM 2022) (Foto: )

Tord Gustavsen har gospel og blues djupt planta i spelet sitt. Han har sidan starten av si karriere hatt ein kjærleik for tydelege blues-fraser som han snik inn i si meir minimalistiske, nøkterne og meditative klangverd. Dette legg eit blått teppe over det heilskaplege uttrykket til Tord Gustavsen Trio.

Ledige stillinger

Og dette blå teppet varmar. 

Tankane går til boka The Blue Moment: Miles Davis’s Kind of Blue and the Remaking of Modern Music (2009) av den framifrå musikkjournalisten Richard Williams. Du kan ikkje sette på ei ECM-plate utan å ta del i arven etter Kind of Blue, skriv han. «…its ability to combine complexity of content with a powerful sense of ambiance…» – denne mektige kjensla av rom.

Og med Tord Gustavsen Trio er denne arven særleg relevant. Det er eit rom, ei klangleg atmosfære rundt tonane, som blir etablert, og det er like mykje tonane som fører lyttarens merksemd mot dette rommet som omvendt. Og dette rommet er ECM-sjef og produsent Manfred Eicher oppteken av. Alle utgjevingar på ECM opnar med fem sekund stillheit. Akkurat som om vi skal puste først.

Kind of blue er spelt inn i det store CBS 30th Street Studio, som vart kalla «The Church» nettopp på grunn av sine klanglege kvalitetar. Dei første tonane på Kind of Blue frå bassist Paul Chambers og pianist Bill Evans – det som er forspelet til «So What» – er enormt intenst. Det er intimt, samtidig drøymande fjernt – det er komplekst, men samtidig så lett og naturleg.

Dette er ein av dei grunnane til at kvar gong eg set på Kind of Blue, så blir eg hypnotisert inn i ei ro, ei kvile. Og i denne same drøymande, fjerne verda kjem vi intimt inn på Tord Gustavsen Trio.

Gustavsen har dei siste åra vore kantor i Tanum kirke i Bærum, og salmar har alltid vore sentralt i hans musikalske DNA. På trioens førre utgjeving, The Other Side, stod fleire salmar på repertoaret – mellom anna ein utanomjordisk vakker versjon av «Jesu meine freude/Jesus det eneste». Og på Opening er det Egil Hovlands «Vær sterk, min sjel» som får avslutte albumet, men salmane set djupe spor på Gustavsens originalkomposisjonar.

Lytt til «The Longing», det fjerde sporet på albumet, for eksempel. Det er varmt og harmonisk som frå Koralboken Gustavsen heilt sikkert har på flygelet i Tanum kirke. Dette varme, harmoniske og kjende tonespråket er ei anna ingrediens som er med på å hypnotisere oss i ro.

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)

På eit godt flygel, kan du spele ein tone på tusen ulike måtar, og Tord Gustavsen utnyttar desse variasjonane. Han fraserer melodiane som om han byssar eit barn i søvn, og brått som om han fortel deg noko inderleg viktig, men heile vegen med denne roa. Høyr på tolkinga av Geirr Tveitt si «Fløytelåt» mot slutten av plata, som han endå til plystrar på.

Men eg finn fleire spor – På den to minutt lange «Findings II» kan vi høyre eit ekko av Edvard Griegs «Åses død», desse tre tonane, fallande – lytt etter dei! Det er som om Tord Gustavsen blandar inn denne Griegske melankolien saman med det blå teppet frå Kind of Blue. Grieg sine vendingar, sine sorgtunge og trøystande vendingar kling gjennom fingrane til Gustavsen fleire stader – lytt til «Shepherd Song».

Her høyrer vi også slagverkar Jarle Vespestad si sentrale rolle for å skape dette rommet. Han lyttar først, og så lét han perlene falle på trommeskinnet. Vispespelet hans er svevande og romleg, og gir liv til etterklangen frå flygelet.

Vespestad har vore med frå starten, men i 2022-utgåva har trioen er det Steinar Raknes som spelar bass. Harald Johnsen, som gjekk bort i 2011, sette sitt preg på klangen, med sin djupe, varme bass. Etter det tok Mats Eilertsen etterkvart over, og sidan 2015 har Sigurd Hole vore bassist.

Steinar Raknes har ein tydeleg solistisk stil, og set sitt bumerke på Opening. På «Helensburgh Tango» stryk han melodien med boge og ein enorm etterklang. Det liknar ein klagesong. På «Stream» leverer han ein av dei vakraste soloane på albumet, på den låta som har den mest sentimentale akkordvendinga eg har høyrt, og hugs – dette harmoniske, varme og kjende tonespråket fyller oss med ro og tryggheit.

Raknes har til og med fått ha med seg fuzzpedalen inn i klangverda og på «Ritual» får vi ein katarsis frå den skrikande kontrabassen.

Når vi landar i «Vær sterk, min sjel» på slutten av plata, pustar vi kanskje annleis enn vi gjorde før vi sette på Opening. Salmen har ikkje tekst i Tord Gustavsen sin versjon, men tittelen burde halde for dei fleste, anten du er religiøs eller ikkje.

Det er styrke å finne i musikken til Tord Gustavsen Trio, fordi dette er musikk med rom og tid, og det treng vi framleis – koronarestriksjonar eller ei.

Les også: Den mest framoverlente musikken kjem frå lyttande folkemusikarar

Ledige stillinger

Relaterte saker

Lindvall, Wallumrød, Tanaka opnar musikalske univers i og rundt pianoet som ein skulle tru var umogleg.

Desse tre spelar piano så hjernen lurer oss – Wallumrød opnar nye univers i instrumentet

Det umoglege pianoet. Christian Wallumrød er her igjen, på ei av hans sterkaste plater. Som igjen er kobla til tre...

Flere saker

Peder Niilas Tårnesvik

Kulturrådet: – Naivt å si at man ikke har makt

Kulturrådet søker innspill til nye medlemmer i sine fag- og vurderingsutvalg for perioden 2026–2027. – Hvis man vil være med...

Sommerro Teatret Vart Molde 24383df179

Henning Sommerro 70 år: – Det skulle vore meir samarbeid på tvers av aldersgrupper

Streng Palestrinastil, fri som en punker. Komponist, sangdikter, multi-instrumentalist, pedagog og professor Henning Sommerro er 70 år i dag, 3....

Den danske komponisten Bent Sørensen. – Jesu lidelseshistorie er også en kjærlighetspasjon, en kjærlighetspasjon til menneskeheten. Og det har vært mitt utgangspunkt, å lage en pasjon som hadde de to spor sammensmeltet, en kjærlighetspasjon og en lidelseshistorie, sier han om verket.

Å ha følge med Bent Sørensens «Matteuspasjon»

En sjelden kombinasjon av å få en urfremføring på hjernen og samtidig kunne gå tilbake til konsertopptaket når jeg ville.