Hopp til innhald
Riksscenen

Årets folkemusikkarrangør 2013

FolkOrg har peikt ut Riksscenen som årets arrangør. Eiker Spelemannslag er årets lokallag.

Prisane vert delt ut kvart år av FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og dans, i samband med deira årsmøte.

Prisen for årets folkemusikkarrangør er på kr 10 000,-. Den skal synleggjere godt arrangørarbeid, og heidre dei beste arrangørane på folkemusikkfeltet. Samstundes skal den stimulere til dialog, idéutveksling og utvikling på arrangørfeltet.

I grunngjevinga heiter det:
«Arrangøren har sidan etableringa vist kunnskap om kvalitet og tradisjonsmusikk, og har på ein god måte også drege dansen inn i fleire samanhengar.

Med sine over 100 konsertar, framsyningar og kurs årleg, og med ei lang rekke programkonsept for store og små har den blitt ei vital og mangfaldig scene for folkemusikk og – dans i Noreg.

Publikum i alle aldrar har høve til å oppleve heile spekteret av det folkemusikken og -dansen har å by på , og det er godt samarbeid med andre aktørar som gjev eit bilde av kva som skjer rundt om i landet.

Det er etablert ein profesjonell adminstrasjon med god kompetanse og god økonomistyring.

Årets folkemusikkarrangør i 2013 er Riksscenen.»

Riksscenen held til i Schouskvartalet på Grünerløkka i Oslo, og vart offisielt opna hausten 2010 som ei nasjonal scene for folkemusikk og – dans.

Det var to andre nominerte til prisen for årets folkemusikkarrangør: Vågå spel- og dansarlag i Våga og Trad Sessions i Fredrikstad.

Årets Lokallag 2013
Prisen til Årets lokallag vart også delt ut under FolkOrg sitt årsmøte. Prisen gjekk til Eiker Spelemannslag for måten dei har revitalisert lokale folkemusikktradisjonar.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kulturviter og forsker Ola K. Berge

FolkOrg i kulturpolitisk utakt?

INNLEGG: I folkelarmen rundt etableringa av éin organisasjon på folkemusikkområdet kan det synast som om kulturpolitiske spørsmål har hamna utanfor...

Helge Skansen på Løvebakken

– Gjør oss i stand til å komme i gang

Riksscenen har fått nok penger til å komme i gang med driften, men ikke nok til egenproduksjoner, sier Helge Skansen.

Åpning av Riksscenen. Nils Økland leder an.

Riksscenen er åpnet

Åpningsseremonien på Riksscenen var overskuddspreget. Men det kan bli vanskelig å finne nok penger fremover.

Flere saker

Kronos quartet i Las Vegas

Norsk premiere på «Elja» med Kronos Quartet og Benedicte Maurseth

Verdenskjente Kronos Quartet inntar Oslo for norsk premiere på verket «Elja» under årets Ultima.

Amanda Tenfjord på Trondheim Calling

Amanda Tenfjord live byr på mer av nerven som studioversjonene hinter om

Med en vokal som både er sterk og lun, en genuin tilstedeværelse og en god dose groove befester Amanda Tenfjord...

Julia Selina Blank er ny kunstnerisk leder for to år i ungdomskoret.

Hun er ny kunstnerisk leder for Norges Ungdomskor

Tyske Julia Selina Blank er ny kunstnerisk leder.