Hopp til innhald
Leif Ove Andsnes portrett 2006 (foto: Simon Fowler)

Leif Ove Andsnes årets Peer Gynt

Leif Ove Andsnes er valt til årets Peer Gynt av stortingsrepresentantane. Prisen vart delt ut av stortingsrepresentant Per Kristian Foss under Peer Gynt-stemnet.

— Eg er veldig glad for å motta årets Peer Gynt! Eg opplever det som ei stor ære, ikkje minst med tanke på lista over tidlegare prisvinnarar. Spesielt gler eg meg til å oppleve Per Gynt-stemnet på Vinstra, som eg har høyrt så mykje flott om over mange år, seier Andsnes.

I statuttane for utnemninga av årets Peer Gynt heiter det at den som blir vald må vera ein person eller ein institusjon som har markert seg på ein positiv måte på det samfunnsnyttige plan, og som har gjort Noreg kjent i utlandet.

Leif Ove Andsnes vart fødd på Karmøy i 1970. I ein heim der båe foreldra var musikklærarar vart musikken ein naturleg del av oppveksten. Som 15-åring flytta Leif Ove til fastlandet for å studere med Jiri Hlinka ved konservatoriet i Bergen. To år seinare var han solist med Edvard Griegs a-moll konsert på avslutningsgallaen under Festspillene i Bergen.

Andsnes er blant Noregs mest framgangsrike og profilerte musikarar, og har trass sin unge alder ei eventyrleg karriere å syne til. Han har gjort ei rekkjke plateinnspelingar og har motteke fleire nasjonale og internasjonale prisar. I 2005 var han den yngste nokon sinne som Carnegie Hall «Perspectives» artist.

I mai 2002 vart Leif Ove Andsnes utnemnt til kommandør av den Kongelege Sankt Olavs Orden. Andsnes er kunstnarisk leiar fro Risør Kammermusikkfestival, og frå 1. august tiltrer han stillinga som Professor i klaver ved Musikkhøgskolen i Oslo.

Det er Peer Gynt-stemnet som melder dette.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Leif Ove Andsnes 2006 (photo: Simon Fowler)

Classical Brit Award til Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes vant prisen i kategorien «Beste instrumentalist» under årets Classical Brit Awards i London.

Leif Ove Andsnes 2006 (photo: Simon Fowler)

Leif Ove Andsnes Grammy-nominert

Norges mest profilerte konsertpianist er nok en gagn nominert til en Grammy-pris – denne gangen i klassen «Beste intrumentale solist...

Leif Ove Andsnes 2004 (med frakk)

Andsnes mottar Sibeliusprisen

Torsdag 15. desember mottar Leif Ove Andsnes Sibeliusprisen for 2005 ved en høytidelighet i Lindemansalen på Norges musikkhøgskole. Begivenheten er...

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes og Kurtág godt mottatt i Carnegie Hall

Denne uken avslutter Leif Ove Andsnes sin «Perspectives»-serie i Carnegie Hall, med tre konserter hvor han har hentet flere norske...

Jan Garbarek 1 2004(Foto: musicolog.com/garbarek

Grammy-nominasjoner til Andsnes og Garbarek

Pianist Leif Ove Andsnes og saksofonist Jan Garbarek er begge nominert til den svært så prestisjetunge Grammy-prisen i klassene ‘Chamber...

Leif Ove Andsnes

Andsnes nominert som Artist of the Year av Gramophone

Norges pianovirtuos med godt over to hundre reisedager i året, Leif Ove Andsnes, er nominert av det anerkjente tidsskriftet Gramophone...

Flere saker

William Kristoffersen, Heid Stavrum og Finn Tokvam på Nasjonalbibliotket Foto: Eskil Olaf Vestre

Nei, så kultivert du har blitt

Ole Ivars og danseband har de siste årene blitt tatt inn i den finkulturelle varmen. Likevel blir ikke akademikerkollegaene til...

Still fra Ingrid Jasmin Uhh

Ballade video: – Uhh … og sekkepiper

Ni ferske videoer med Ingrid Jasmin, Yngvil, Mailen Rusti, Sleep Kicks, Veps, The Colors Turned Red, Vilde Tuv, Mortemia, og...

Bendik Bjørnstad Foss Foto: Aslaug Olette Klausen

– Kultur er et offentlig ansvar

Frilansmusiker Bendik Foss er kritisk til troen på at kulturen lever best når den løper næringslivets ærend.