Hopp til innhald
Vossajazz – sjefstrio

Dette er det nye Vossa Jazz-teamet: Festivalsjef Roger Urhaug, produsent Silje S. Halstensen (aka artisten Bendik) og organisasjonskonsulent Kristin Glück-Teigland. (Foto: Kollasj av Vossajazz)

Vossajazztrio

Vossa Jazz-teamet blir tre nye personar: Roger Urhaug er ny festivalsjef, medan Silje S. Halstensen blir produsent og Kristin Glück-Teigland organisasjonskonsulent.

Roger Urhaug har bakgrunn frå mellom anna Bergen Jazzforum og Førdefestivalen, og kan vise til rik erfaring og kompetanse frå kulturlivet som både arrangør og utøvande musikar, melder Vossajazz. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kalleklev Management AS som i ei årrekke har formidla artistar innan jazz og folkemusikk i inn- og utland.

Om det å tiltre i rolla som festivalleiar på Voss, seier Urhaug at Vossa Jazz ikkje berre er «ein av landets flottaste og mest nyskapande jazzfestivalar over tid, han er òg ein viktig del av sjølvkjensla til ei stolt bygd med lange tradisjonar og rik kulturarv»:
– Saman med eit imponerande tal frivillige står ein dedikert organisasjon og viktige samarbeidspartnarar bak og løfter Vossa Jazz til den internasjonalt anerkjende festivalen me alle føler me eig litt. Også eg. Som påtroppande festivalsjef er det med både iver og audmjukskap eg gler meg til å verte betre kjend med både bygda og med alle dei fantastiske drivarane som gjer Vossa Jazz til den han er – og til det å sjølv få vere med å ta ein framifrå festival inn i åra som kjem. Skoa er store, men eg skal gjere mitt beste for å fylla dei.

Silje S. Halstensen er godt kjend under artistnamnet Bendik, men ho har lang erfaring frå festivalproduksjon og frå verv i ulike kulturorganisasjonar. Ho har arbeid i fleire festivalar med ulike ansvarsrollar, blant dei Øyafestivalen, Bergenfest, Bergen Live, Slottsfjell, Stavern og Vill Vill Vest.

Kristin Glück-Teigland omtalast som «ein drivar» med eit stort engasjement for naturen og kulturarva vår, og og driv i dag matkultur-prosjektet Frisk.

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Laila Melkevoll tek over roret i Vossajazz

Nye hoder i Vossa Jazz

Laila Melkevoll ny festivalsjef i ett år – og jazzen på Voss får også ny produsent.

Oddrun Lilja har tingingsverket til Vossa Jazz 2023 – 50 årsjubileumet til festivalen.

Oddrun Lilja leverer Tingingsverket til Vossa Jazz’ 50-årsjubileum

Når Vossajazz feirer 50 år i april 2023 er det Oddrun Lilja som står bak det tradisjonstunge Tingingsverket. «I» blir...

Nils Petter Molvær framførte Labyrinter/Khmer – tingingsverket frå Vossa Jazz

Mellom Molvær og Andersens merkesteinar i jazzhistoria: Sterke opplevingar i Voss

Femtiårsjubileet til Noregs vakraste jazzfestival vart markert med tilbakeblikk og nyskaping. Det finst ingen stad i verda det er betre...

Aksel Røed tek i mot VossaJazzprisen laurdag.

Slik musikk får han jazzpris for

Frå guterommet i Fyllingsdalen til dei største og viktigaste jazzscenene i Europa: Aksel Røed vann pris på helgas Vossa Jazz.

Unni Wilhelmsen

Ærespris til Unni Wilhelmsen

Sangdikteren fikk Tekstforfatterfondets Ærespris for 2023 for å ha gitt publikum tekster av høy kvalitet gjennom snart 30 år.

Flere saker

Stillbilde Djerv – Rebel Heart

Ballade video: Hommage til Hulda

Vi markerer kvinnedagen med Kristine Hovda. Og byr ellers på ferske videoer med Djerv, Nicholas Sillitoe, Bjørn Riis, Emil Kárlsen,...

Aslaug Olette Klausen

Redaktørvikar

Aslaug Olette Klausen vikarier for redaktør Ida Habbestad i august og september.

Wolfgaaang! Tor Jaran Apold (Fiolin) Foto: Thor Brødreskift

– Feil i Ballade sin omtale av skulekonsert

Det er viktig for oss å poengtere at konsertinformasjonen ikkje inneheld ei oppmoding om å sjå «Amadeus», skriv DKS Hordaland