Frå guterommet i Fyllingsdalen til dei største og viktigaste jazzscenene i Europa: Aksel Røed vann pris på helgas Vossa Jazz.
– Aksel Øvreås Røed har på få år vorte ein nøkkelfigur i det unge bergenske jazzmiljøet. Den fremadstormande saksofonisten og komponisten er den fortente vinnaren av Vossa Jazz-prisen 2023! skriv festivalen på si nettside.
Saksofonisten og bandleiaren får pris for å vera «ein initiativtakar og ei drivkraft; ein typisk igangsetjar, som samlar, skapar, inspirerer og inviterer alle med inn,» mellom anna.
Ballade.no meldte Røed si ferske plate der bandet Other Aspects og bandleiaren viser nokre av sine kvalitetar:
– Det bryt gjennom høgtalarane at dette er gode vener som spelar saman. I denne musikken er det ingen stiv nervøsitet, ingen kvelande stilreglar, berre eit leikent rom der du høyrer begeistra jubel gjennom spelet.
Det er jazzskribent Torkjell Hovland som meldte plata i si spalte Ballade assosierer, då plata Do You dream In Colours var fersk, i februar. Vi bringer linjene om denne festen av ei plate. Meir om lyden av februar les du her.
Aksel Røeds Other Aspects «Do You Dream In Colours» (Is it Jazz rec.) (Foto: Is It Jazz 2023)
____
Feiringa opnar med ei salig fanfare på «Goiserer Jodler / To Whom This May Concerne» frå blåsarane i orkesteret, før pianist Isach Skeidsvoll og trommeslagar Sigurd Steinkopf hintar om meir utagerande energisk frispel. Og det er no moroa slår inn – bassist Sverre Sandnes Sæbø set i gong eit happy, naivistisk bassriff.
Det skin gjennom høgtalarane at dette er gode vener som spelar saman. I denne musikken er det ingen stiv nervøsitet, ingen kvelande stilreglar, men berre eit leikent rom der du høyrer den begeistra jubelen gjennom spelet.
Dette er musikarar som pustar jazz inn og ut, dei har gått inn i tradisjonane, lytta ordentleg på historien. Gjennom dette har dei fått med seg det viktigaste – haldningane. Fridomen.
Her blir vi tatt tilbake til Albert Ayler, Charlie Haden Liberation Orchestra og Jack DeJohnettes Special Edition. Kall det frie jazzkorps. Dette er ikkje introvert jazz for tankane, men ekstrovert kroppsleg musikk som vil få deg til å opne armane og strekke deg mot vårsola.
På «I Usually Paint By Myself» (som forresten har eit smektande flott hovudtema!) har Isach Skeidsvoll ein livgivande gøy pianosolo eg har spolt tilbake til i fleire runder. Den er barnleg bluesy og full av deilige klisjear. Skeidsvoll har vore ein av dei musikarane som kanskje har skilt seg mest ut på den unge, norske jazzscena dei siste åra. Han omfavnar ein pianistisk estetikk som har vore sjeldan å høyre på ei stund (litt Cecil Taylor, litt Thelonius Monk, og for så vidt Håvard Wiik) – og det er ein fryd å høyre på han kvar einaste gong.
Komposisjonane er gjennomgåande sterke – «Bergen Is The Prettiest In Blue» er ein frigjeringsdans der solistane får hoppe rundt som dei vil. «Moonshine Movement» er ein groovy fest, hardtslåande frå trommeslagar Steinkopf sterkt limt på bassist Sæbø.
Ledige stillinger
På albumets avslutning, «When You Dream in Colours», briljerer trompetist Lyder Øverås Røed og bidreg med eit av platas mange høgdepunkt.
BALLADE-FAVORITT: Jazzrevolusjonistane i Aksel Røed´s Other Aspects har gitt ut ein fest av ei plate med Do You Dream In Colours (Foto: William Østensen)
____
«Guten frå Fyllingsdalen skulle bli advokat som far sin …» På VossaJazz.no finn du meir om helgas prismottakar.











