- Klangforum Wien er eit ensemble i verdsklasse. Eg er svært beæra og audmjuk over at dei fremfører musikken min, seier Lars Petter Hagen, ein av tre norske komponistar det austerrikske ensemblet urframfører under Ultima i kveld, fredag 17. september. (Foto: Tina Herzl)

Klangforum Wien på Ultima: Musikken må leve utover premieren

Berekraft gir ikkje berre økonomiske, men også kunstnariske fordelar. – Det tverrkunstnariske er avgjerande for å utvikle samtidsmusikkfeltet til eit større publikum, seier leiar av Klangforum Wien, som tror på samarbeid mellom festivalar, komponistar og musikarar for vidare liv – og publikum – for musikken.

Kalender

Operapub på Røverstaden

27/10/2021 Kl. 19:00

Oslo

Ensemble Allegria og Oslo Kammerakademi

30/10/2021 Kl. 14.00

Oslo

Lørdagsopera 30. oktober

30/10/2021 Kl. 15:30

Oslo

Når Klangforum Wien, eit av verdas leiande samtidsmusikkensemble, urframfører verk av ein sørafrikansk og tre norske komponistar i Universitetets Aula under samtidsmusikkfestivalen Ultima i kveld er det berre starten på reisa for denne musikken.

Andile Khumalos verk The Broken Mirrors of Time, Øyvind Torvunds Plans, Lars Petter Hagens Gestern og Ragnhild Berstads trãnseõ vert framført for første gong på kveldens konsert.

Prosjektet starta som eit samarbeid mellom Ultima og verdas eldste og Tysklands største samtidsmusikkfestival, Donaueschinger Musiktage, arrangert av radio og tv-stasjonen SWR. 100-årsjubileumsutgåva av Donaueschinger har ikkje mindre enn fire norske komponistar på programmet. Når Klangforum Wien har urframført verk under Ultima, tek dei med musikken vidare – til Donaueschinger og forbi.

– Ultima er eit prakteksempel når det kjem til å presentere samtidsmusikk for eit breitt publikum!

Kunstnarisk leiar for Klangforum Wien, Peter Paul Kainrath er begeistra i telefonen på den skurrete utanlandslinja frå Italia. Kainrath samarbeida med Ultima då han starta festivalen Transart i Italia allereie for 20 år sidan, og ser på Ultima si programmering som i ei særstilling når det gjeld å programmere tverrkunstnarleg.

– Eg trur sterkt at det tverrkunstnariske er avgjerande for å utvikle samtidsmusikkfeltet til eit større publikum.

Ingen eig sanninga – det er ei polyfonisk feedback, seier Peter Paul Kainrath, kunstnarisk leiar for Klangforum Wien. (Foto: Tiberio Sorvillo)

Kainrath kom til stillinga i orkesteret rett før pandemien braut laus i 2020, men meiner dette berre har gitt ensemblet tid til å reflektere og sjå framover.
– Vi fekk tid til å reflektere om berekrafta i det vi held på med. Vi er nøydde til å legge opp prosjekt med tanke på dette.

Det betyr ikkje at ein ikkje skal reise, men at ein skal legge dette logisk opp når ein planlegg turnear. Det er viktig at musikken blir presentert i ulike kontekstar, meiner Kainrath: – Kvart land har sin identitet. For oss i Klangforum Wien, eit ensemble med eit sterkt DNA, er det viktig å bli konfrontert med andre verkelegheiter.

– Vi ser samtidsmusikken i ei historisk linje. Vi ser på oss sjølv som eit kompetanseensemble for det nye i musikken frå hundre år tilbake. Det er ei historie å fortelje her, frå 1909 og Gustav Mahler fram til den nye musikken i dag.

Kainrath meiner at eit slikt utgangspunkt kan gjere at ein kan samarbeide også med andre konsertstader, klassiske konserthus og i ein meir konservativ kontekst, og trekk fram samarbeidet Klangforum Wien har med Wienerfilharmonien. – Vi må kommunisere med eit vidare publikum enn berre ny musikk-publikummet.

Kainrath meinar at ein ikkje berre skal bestille verk, ha urpremiere på det, motta applaus og sette verket på repertoarlista.

– I prosjekt som dette gir vi musikken ei sterk synlegheit i tre forskjellige augeblikk. I Wien, på Ultima og på Donaueschinger. Det er vakkert at vi får musikken i fleire forskjellige kontekstar – eg er sikker på at publikummet i Oslo vil ta i mot denne musikken annleis enn publikummet i Wien. Ingen eig sanninga – det er ei polyfonisk feedback.

Thorbjørn Tønder Hansen (Foto: Ultima)

Slike samarbeidsprosjekt mellom festivalar, ensemble og komponistar har fått mykje meir fokus dei siste åra, meinar festivalsjef for Ultima, Thorbjørn Tønder Hansen. Han er veldig begeistra for Klangforum Wien sitt aktive arbeid for å la musikken leve vidare enn premieren.
– Det er meir fokus på bærekraft overalt i musikkverda.
– Ja, ordet «urpremiere» lyser liksom mot ein på programmet.
– Festivalar er opptekne av sine urpremierer, og det er jo naturleg. Men ein ser meir og meir verdien av at verket får reise vidare når ein først nyttar ressursar på å tinge eit verk og reiser med ensemblet.

– Noreg er nok eit av dei landa med flest interessante komponistar i dag, vi er glade for å ha fire av dei representert. Björn Gottstein

Björn Gottstein er kunstnarisk leiar for verdas eldste samtidsmusikkfestival, Donaueschinger Musiktage. Verka til Ragnhild Berstad og Øyvind Torvund reiser vidare med Klangforum Wien til Donaueschinger sitt 100-årsjubileum, og Eivind Buene og Maja Ratkje vitjar også festivalen i år med to nye verk.

Men sjølv om ein kan snakke om dei norske, understrekar Gottstein at ein må hugse at desse komponistane først og fremst er individ: – Ein kan ikkje seie at «dei norske komponistane er slik». Kvar stemme er unik.

Björn Gottstein (Foto: Alexander Kluge)

Gottstein meinar at samarbeid mellom festivalar og ensemble gir både økonomiske og kunstnariske og idémessige fordelar.
– Faren er jo at ein kan ende opp med å bli like, men om ein ser på festivalane no, så ser ein at det ikkje er tilfelle i det heile tatt – dei er unike kvar for seg.

Ei anna unik stemme på programmet i kveldens Aulaen-konsert er sørafrikanske Andile Khumalo og hans nye verk The Broken Mirrors of Time. Verket inngår også i prosjektet Donaueschinger Global, som set seg føre å bidra til dekolonialiseringa av samtidsmusikken og finne komponistar og musikarar frå det globale sør:
– Det er viktig at vi ikkje berre snakkar om slike problem, men faktisk prøvar å gjere noko med det og leverer konkrete resultat, fortel Gottstein.

– Vår verd blir meir global, men samtidsmusikkverda har vore noko treigare her enn for eksempel den visuelle kunstverda. Mange land har ei samtidsmusikkscene, men dei har ikkje nødvendigvis institusjonalisert den. Vi sendte forskarar verda rundt i fire år for å finne komponistar og samtidsmusikkensemble. Vi har i år ein komponist frå Bahrain, og eit ensemble frå Uzbekistan.

Donaueschinger Musiktage skjer 14. til 17. oktober.

Ballade spurte dei tre norske komponistane i prosjektet om dei kunne skrive kort om verka sine og samarbeidet med Klangforum Wien – under følgjer deira omtalar av verka og samarbeidet.

Urpremiere 1: Ragnhild Berstad – trãnseõ

Ragnhild Berstad (Foto: Finn Daniel Raaen)

– Å komponere er for meg å lytte fram eit indre liv i eit mangefasettert og fleirtydig lydbilete – eit lydbilete som rommar si eiga forvandling. trãnseõ er eit verk om stadige forvandlingar og overgangar – frå eit tett samspel med kvarttonar, inspirert av fuglesangens fascinerande klangrikdom, til eit vibrerande spekter av tonar frå glassinstrument.

– «Trãnseõ» er latin og betyr å krysse, gå over. Heile verket er på ein måte ei long rørsle; frå fuglesong, ein sterk inspirasjon henta ut av det rike livet i naturen – til ein djupare refleksjon over livets sårbarheit, symbolisert ved glassinstrument. Skjøre og bestandige på same tid – som livet sjølv.

Ragnhild Berstads glassinstrument (Foto: Privat)

– Då Björn Gottstein ringte meg og spurte om eg kunne tenke meg å skrive eit nytt verk for Klangforum Wien, blei eg veldig overraska og glad. Spesielt glad fordi forslaget kom frå Klangforum Wien. Vi hadde eit fantastisk samarbeid i 2014, der eg opplevde at vi snakka same språk. Dei forsto – og kunne vidareutvikle og løfte – mine musikalske idear. Vi har hatt eit veldig godt samarbeid – også i forkant av dette verket.

 

Urpremiere 2: Øyvind Torvund – Plans

Øyvind Torvund (Foto: Dimitri Djuric)

Plans er ein serie med idear til framtidige stykker. Planane blir presenterte på skjerm, som bilder av skisseboka mi med teikningar og tekstar. Utopiske idear der eg kan tillate meg å vere urealistisk men likevel få presentert det til eit publikum.

Øyvind Torvund, skisse til Plans. (Foto: Privat)

 

Øyvind Torvund, Plans. (Foto: Privat)

Plans er ein del av ein serie stykker som eg har komponert på sidan 2015, til mellom anna Alwynne Pritchard, Biliana Voutchkova, Heloisa Amaral og Karin Hellqvist, asamisimasa, Tøyen Fil og Klafferi og Black Page Orchestra.

– Å komponere ein versjon for Klangforum Wien har vore ein stor glede. Sidan det er eit så stort ensemble går det an å inkludere litt orkestrale idear i tillegg til solistiske ting. Stykket har blitt ganske pastoralt og aggressivt på samme tid. Det inneheld mellom anna idé til ein ny folkemusikk der publikum knuser flasker i takt med musikarane.

 

Urpremiere 3: Lars Petter Hagen – Gestern

Lars Petter Hagen (Foto: Pressefoto)

Gestern er eit verk med ein fragmentarisk og reflekterande form som låner sin tittel frå Stefan Zweigs sjølvbiografi, Die Welt von Gestern – Erinnerungen eines Europäers. Eg tek utgangspunkt i musikk frå Zweigs private samling av ulike komponistar sine originalmanuskripter.

Verket er i fem satsar:

1. March/ Recitative/ Chorale
2. Skizze
3. Klage
4. Mozart/ Nachklang
5. Urlicht

Verden av i går (Die Welt von Gestern på norsk, red. mrk.) skildrar det kulturelle Europa som vart knust av første verdenskrig. Verden av i går er ei fantastisk tidsskildring av fin de siècle-Wien, første verdenskrig, hyperinflasjonen, nasjonalsosialismens vekst, vegen fram mot fornuftens nederlag og brutalitetens triumf og krigsutbrotet i 1939. Ei bok som er høgaktuell i vår tid.

– Klangforum Wien er eit ensemble i verdsklasse, og eg har fulgt dei gjennom mange år. Eg er svært beæra og audmjuk over at dei fremfører musikken min. Og eg er veldig glad for at dei skal framføre verket på Warszawa-Høsten (festival for samtidsmusikk, red. mrk.) i Polen seinare denne månaden.

– Donaueschinger Musiktage er ein av de viktigaste og mest tradisjonsrike festivalane i verda for samtidsmusikk. Norsk samtidsmusikk har ein sterk internasjonal posisjon, og er kjent for å vere originale, uredde og opne. At Donaueschinger Musiktage ynskjer seg dette prosjektet er eit kvalitetsstempel, og ei fjær i hatten til både Ultimafestivalen, Ragnhild Berstad og Øyvind Torvund.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev