Hopp til innhald
Laila Melkevoll tek over roret i Vossajazz

(Foto: Thor Brødreskift)

Nye hoder i Vossa Jazz

Laila Melkevoll ny festivalsjef i ett år – og jazzen på Voss får også ny produsent.

Laila Melkevoll er ny festivalsjef hjå Vossa Jazz for neste års festival. Ho tek over for Trude Storheim som skal over i eit eitt års vikariat som kommunalsjef for kultur- og fritid i Voss herad. Det melder jazzfestivalen i dag.

Melkevoll kjem frå stillinga som dagleg leiar i samtidsmusikkorkesteret BIT20 Ensemble og har brei røynsle frå kulturlivet både som leiar, styremedlem og frivillig i ulike kor og festivalar og andre organisasjonar. Ho har lang fartstid i politikken på ulike nivå, men kallar seg no politisk uavhengig kulturaktivist med mangfaldig publikumsutvikling som ei av sine kampsaker. Melkevoll har stort nettverk i kulturlivet, og vil verte leiar i eit nytt programråd som vil samarbeide om å ferdigstille neste års program på Vossa Jazz.
– Eg ser fram til denne jobben med stor entusiasme og pågangsmot, og eg har stor respekt for den imponerande jobben Trude og alle dei andre i Vossa Jazz har gjort i alle desse åra, seier Melkevoll. Med ein så robust organisasjon og den nasjonale og internasjonale posisjonen som festivalen har, så er det ein draumejobb for meg, og eg gledar meg noko vanvittig!

Trude Storheim har vore del av Vossa Jazz heilt sidan ho vart frivillig på festivalen som 18-åring, og tek no eit års permisjon etter imponerande 16 år i leiarstolen.
– Det vert spanande å prøve noko nytt. Etter å ha gjennomført 50-årsjubileumsferinga i år, så trur eg det skal bli fint å ha eit år med nye oppgåver i ei annan type stilling. Etter å ha møtt Laila så er eg overtydd om at festivalen er i dei beste hender, seier Storheim.

Om lag samstundes med at Melkevoll tek over vil det også kome ny produsent i festivalen. Kari Trana, som har vore festivalsjefane si høgre hand, sluttar 1. september etter nærare 26 år. I hennar stad kjem Ingrid Øygard Steinkopf (28 år) frå Stanghelle med brei erfaring frå jazzen både som utøvar, orkesterleiar og engasjert i ulike musikkfestivalar, skriv Vossa Jazz til Ballade.no.

Ledige stillinger

Flere saker

Ragnhild Rose Knudsen Foto: Thor Hauknes

– Større plass for musikkfaget i skolen

Felespiller og høgskolelektor Ragnhild Rose Knudsen trekker frem gode ordninger for profesjonelle utøvere og undervisning som viktige saker for musikkfeltet...

Lillebjørn Nilsen – St. Hallvard medaljen

Lillebjørn Nilsen bisettes fra Oslo rådhus

– Vi ønsker å hedre Lillebjørn Nilsen spesielt, derfor åpner vi denne gangen Rådhuset for en æresbegravelse, sier Oslo-ordfører Anne...

Leif Ove Andsnes m team – NRK – Klangen av Andsnes

Torstein Vegheim, NRK: – Også den klassiske musikken må groove

Norge har i mange år hatt musikere på verdenstoppen, selvsagt også innen den klassiske sjangeren. Kulturavdelingen i NRK ønsker ifølge...