Trompetist Nils Petter Molvær med trommeslagarane Rune Arnesen og Per Lindvall bak seg. (Foto: Runhild Heggem/Vossa Jazz 2023)

Mellom Molvær og Andersens merkesteinar i jazzhistoria: Sterke opplevingar i Voss

Femtiårsjubileet til Noregs vakraste jazzfestival vart markert med tilbakeblikk og nyskaping. Det finst ingen stad i verda det er betre å vere enn Vossa Jazz i sol!

AnmeldelseFolkemusikkJazz

Kva er det som får landets jazzentusiastar til å lyse opp i begeistring når dei høyrer ordet Vossa Jazz?

I 1973 bestemte nokre inspirerte ungdommar frå Voss seg for at om dei kan lage jazzfestival i Montreaux, så kan vi få det til på Voss. Lars Mossefinn og gjengen inviterte gjennom åra jazzstjerner frå heile verda – folk som Dexter Gordon og Salif Keita kom, nokre av dei måtte forseinka lande med småfly på Vangsvatnet. Femti år etter er Vossa Jazz bland landets viktigaste festivalar. Gjennom 41 tingingsverk har festivalen skapt nye musikalske retningar, spesielt for norsk jazz si kanskje viktigaste eksportvare – samspelet med folkemusikken.

Festivalsjef sidan 2008, Trude Storheim, inviterte til jubileumsfestival der denne identiteten stod sterkt.

Vossa Jazz startar liksom når ein reiser dit. Helst med Bergensbanen, men bilturen eg fekk opp Hallingdalen, over Hardangervidda og ned til Eidfjord og over Hardangerbrua vart ein del av opplevinga. Eg høyrde på Khmer og Sagn – to merkesteinar i norsk jazzhistorie, og som heilt rett vart sagt fleire gongar under festivalen, sette norsk jazz på kartet, og endra jazzmusikken internasjonalt. Begge skulle få ein 2023-versjon, på 50-årsjubileet til Vossa Jazz.

Gode konsertar finst overalt, men det er i samspel med landskap, folk, historie og identitet. Alle eg møtte som ikkje hadde vore på Vossa Jazz før sa det same: – Det er så deilig å vere her!

Vossevangen bada i sol, folk smiler og sug til seg det dei kan av sol og musikk. Inn i konsertlyden og ut i sola. Besøkande gjester frå heile verda senkar skuldrane i lag med dei lokale. Med ei pølse i handa og ei kald øl utanfor Gamlekinoen i ei sjeldan pause mellom konsertane kjenner eg det –  kanskje er det mellom konsertane at musikken faktisk blir til? 

Denne kulturen har blitt dyrka i femti år, og som Nils Petter Molvær sa i intervjuet på Jazznytt 18 – dei har bevart ein integritet. Her er det fullt på konsertane utan å invitere Kygo. Og programmet er unikt i forhold til andre jazzfestivalar, prega av jazz og folkemusikk, ny musikk og tilbakeblikk. 

Det sitra i Idrettshallen før Nils Petter Molvær skulle framføre Khmer, eller Labyrinter som var namnet på tingingsverket i 1996. Molvær høyrde på trip hop, Massive Attack, Björk, og ville ta med det inn i si verd. Der inne skjer noko magisk – då plata Khmer kom ut på ECM i 1998 sette det spor i jazzen verda over.

På plass i hallen får eg ein invaderande tanke. Kva er eigentleg forskjellen på oss og på «gamle rockarar» som ser Bruce Springsteen på nytt og på nytt? Det er liksom noko dødt og trist over det, har eg alltid tenkt, å berre sjå nostalgisk tilbake.

Men denne tanken blir fort utfordra av ein annan – det er jo ikkje berre nostalgi, dette her. I den musikalske verdskroken Vossa Jazz ligg, så lét denne musikken frisk og ny i dag. Jazz er, eller skal iallefall vere, levande musikk som ser framover og bakover. 

Molvær er ein musikar som kvar dag er nysgjerrig og levande i spelet sitt. Det var heilt spesielt å sjå kor tilstades han var i musikken, og eg opplevde det som om det eigentleg ikkje var så viktig for han at dette var Labyrinter frå 1996. Men det var dagens musikarar som besøkte det same rommet.

Difor gjorde det heller ikkje så mykje at nokon av lydane frå den tida i dag lét noko daterte. Eg hugsar at eg hata den der trip hop-trommeloopinga rundt 2010. Men på same måte som allværsjakka har blitt stilig igjen, så synest eg at det same høyrest fantastisk fett ut i dag! Og Jan Bang si dansande speleglede med sampleren må nemnast som eit høgdepunkt.

Mariam Wallentin, eine halvdel av Wildbirds and Peacedrums, presenterte i lag med Vestnorsk Jazzensemble nye kreative komposisjonar – det tok retningar eg ikkje venta, og overraska heile vegen. Dynamikken var ikkje etter den vanlege oppskrifta, her fekk musikken ligge i ro lenge før han løfta seg. Lydbiletet var prega av harpa, fele og cello opp mot jazzinstrumentalistane.

– western og hawaii og kardemommeby. Eit poppa tonespråk og Sigur Rós, berre meir kødd.
Om Moskus/Mari Kvien Brunvoll/Stein Urheim

Eg hadde eigentleg bestemt meg for at eg ikkje skulle gå i fella med å springe frå konsert til konsert, å kjempe mot FOMO og heller leve i nuet. Men nysgjerrigheita tok overhand, nokre «smaksprøver» måtte det bli. Eg måtte gå tidleg frå Wallentin for å rekke eit av årets tingingsverk eg hadde store forventingar til  Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim hadde fått med seg trioen Moskus og urframførte Branches & Limits.

Mari Kvien Brunvoll og Stein Urheim i lag med Moskus. (Foto: Vossa Jazz/Runhild Heggem)

Dette vart ein time i pur glede! Med lyden av Moskus og Stein & Mari hadde eg prøvd å høyre musikken for meg i hovudet, og det vart akkurat så fantastisk som eg hadde høyrt det for meg. Heile konserten hadde ei befriande naiv optimisme i seg. Det var western og hawaii og kardemommeby. Eit poppa tonespråk og Sigur Rós, berre meir kødd. Eg spår allereie at utgjevinga, som eg reknar med kjem, vil stå på topplista mi det året.

Både fredag og laurdag vart avslutta med festlege konsertar på Park hotell. The Source leverte eit leikande, levande sett nede i Jazzklubben. Inkludert improvisert jubileumstale frå trombonist og humorist Øyvind Brække. Large Unit og Ethiobraz spelte til dans i storsalen (les gjerne meir om dei her!) og Team Hegdal swingte laus oppe på Perongen. Men det var kanskje Bushman´s Revenge i Pentagon på laurdagen som tok mest fyr, spesielt då Vossajazzprisvinnar Aksel Røed vart med på siste låt – «hiten» As We Used To Sing – som skapt for saksofonisten!

Sinikka Langeland med Mats Eilertsen bak seg. (Foto: Vossa Jazz/Olav Aga)

Eit anna høgdepunkt var Sinikka Langeland sin konsert i Osasalen, som var fylt til randen. Folk vart avvist i døra, og vi sat tett i lag inne i den soloppvarma stova. Nokre av songane kan ein høyre på Langelands utgjeving Wolf Rune som kom i 2021 på ECM. Langeland hadde i dette prosjektet, som ho kallar Sol og Vind, tonesett Jon Fosse. Med seg hadde ho musikarane Trygve Seim, Mathias Eick, Thomas Strønen og Mats Eilertsen, som alle leverte minneverdige soloparti. Og eg har ikkje lyst å seie «som vanleg», for lytteopplevinga var alt anna enn vanleg. Eilertsens akkordspel på kontrabassen var eit augeblikk eg vil hugse. Songane til Langeland tok uventa retningar i tonespråk, mellom anna ei av låtane som var rett og slett ei rein bossa nova-låt. Bossa på kantele!

Osasalen vart søndag formiddag fylt med Vossastubbar, eit verk frå 2017. Gruppa Significant Time, med Signe Irene Stangborli Time i front, har laga musikk basert på vossing Per Sivle sine tekstar. Gjennom virtuos vokalleik og forrykande pianospel frå Øyvind Dale kokte Osasalen, godt fylt opp også av patriotiske vossingar. Musikken er verdt besøket for alle oss andre også – høyr den ferske plata her!

Eg gjekk inn til min siste konsert på Vossa Jazz i år med andakt. Sagn var tingingsverket til Arild Andersen i 1990, og er kanskje det viktigaste verket i Vossa Jazz si historie, og saman med Buen Garnås og Garbareks Rosensfole det viktigaste i krysninga av jazz og folkemusikk.

Frysningane kom frå første djupe tone frå Andersens enorme kontrabass. Tonen hans er ein institusjon i seg sjølv. Han storkosar seg, med eit barnleg smil og begeistring ser han bort på Bugge Wesseltoft i livaktige linjer på flygelet, eller med den digge autentiske synth-paden. Bendik Hofseth osar av speleglede og vitalitet – dette smittar over på medmusikantar og publikum.

Kirsten Bråten Berg og Arild Andersen (Foto: Vossa Jazz/Kai Flatekvål)

Men det aller sterkaste er Kirsten Bråten Berg. Røysta hennar skin like klårt i dag som den gjer på plata frå 1991. Ho formidlar tekstane på ein måte som grip tak i deg direkte – her skal vi bli med inn i det songen fortel. Og ikkje minst har ho eit levande samspel med musikarane, herlighet kor det groovar med munnharpa på «Toll»!

Det er eit tomrom etter den brasilianske perkusjonisten og songaren Naná Vasconcelos som døydde i 2016. Thomas Strønen gjer det på sin måte, med ekkoet av Vasconcelos med. Og med Hofseths skrik gjennom saksofonen så er det som om vi høyrer han likevel.

I det eg går ut av salen høyrer eg det summar av folk som leitar etter korleis dei skal skildre det magiske dei har opplevd. Eg tenkjer på det same. Og med kveldssola i ryggen over Hardangervidda på veg heim igjen, så varma tonane framleis. 

 

PS: Lilja sitt tingingsverk skal du få høyre meir om i ei eiga tekst på Ballade!

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Jørgen Karlstrøm til svenske Bonus Copyright Access

Jørgen Karlstrøm til svenske Bonus Copyright Access

Karlstrøm blir administrerende direktør i svensk opphavsrettsorganisasjon.

Salt i Oslo kan bli nødt til å stenge dørene

Salt i Oslo kan bli nødt til å stenge dørene

Myndighetene varsler full stopp av aktivitet innen 1. juli.

Derfor bør vi lære norsk folkemusikk og folkedans på voksenopplæringen

Derfor bør vi lære norsk folkemusikk og folkedans på voksenopplæringen

Det burde være flere arenaer for formidling av norsk folkemusikk og -dans i voksenopplæringen. Det er en super inngang til å lære språk, historie, kroppsspråk og sosiale koder – samtidig som det bygger fellesskap, skriver Ely Navarro i Stiftinga Hilmar Alexandersen.

Ballade video: Pyramider på Månen

Ballade video: Pyramider på Månen

Vi har det greit med Beharie, BLKSTD, Mayflower Madame, Din Våte Drøm, Vidar Furholt, Paulin Voss, Roar Dons og Naeon Teardrops. 

Hvordan løfte kunstnerisk forskning fra marginalisering til vitenskapsdiskurs?

Hvordan løfte kunstnerisk forskning fra marginalisering til vitenskapsdiskurs?

Er kunstnerisk forskning moden og klar for å tre inn i en vitenskapelig diskurs? Hvis ikke, er jeg redd den er på vei inn i en (muligens noe selvforskyldt) marginaliseringsprosess, skriver Henrik Holm.

Storsatsing på kultur i hele Norge: – Har du en god idé, vil vi høre fra deg, sier daglig leder i Kulturrom

Storsatsing på kultur i hele Norge: – Har du en god idé, vil vi høre fra deg, sier daglig leder i Kulturrom

Regjeringen styrker Kulturrom med hele 21 millioner kroner – det største tilskuddet siden oppstarten.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio