I 2013 vart Large Unit til, eit orkester med stadig endring i medlemsmassen, og med Paal Nilssen–Love som komponist og bandleiar. I løpet av dei ti åra har dei vore besøkt av musikarar frå Brasil, Japan og Etiopia. Sistnemnde Ethiobraz skal no vidare på turné til Trondheim, Stavanger, Rosendal, Molde og Vossajazz. Med til saman 24 musikarar!
Paal ville ta oss med til Addis Abeba. Over balkongrekkverket heng vakre etiopiske tepper som kan kjøpast til støtte for skulen for blinde musikarar i Addis. Blinkande neonlys pyntar borda, og ei maskin spruta såpebobler frå balkongen. Eit stort neonskilt lyste mot oss på scena LARGE UNIT.
Andy Moor og Terrie Ex frå punkbandet The Ex har vore koplinga mellom Paal, Large Unit og Fendika. Moor fortel i intervjuet med Marhaug på fredagen at han har vore i Etiopia godt over tredve gongar. Han dreg også parallellar mellom DIY-elementet i punken han kjem frå og den etiopiske scenen.
Vi går inn i ein fargerik draum desse timane.
Torsdagen starta med ein samtale mellom den japanske saksofonisten Akira Sakata og Lasse Marhaug, som forøvrig var med Large Unit i nokre av dei første utgåvene og framleis er involvert på den tekniske sida. Sakata vart fødd i Hiroshima i 1945. Han hørte Coltrane i samme by i 1966. Det blir, som Marhaug påpeikar, ikkje villare enn det. Om sin eigen teknikk, siterer han Charlie Parker og seier med eit lurt glis: «Eg berre bles mykje luft og bevegar fingrane veldig fort. Det er ingen teknikk.» Sakata bidreg med eit perspektiv som blir med oss inn i opplevinga – det er «berre» musikk.
Etter at Øystein Flink har utført tryllekunstar, i samspel med skarptromma til Andreas Wildhagen, entrar det store orkesteret scenen – atten musikarar. Nilssen-Love sit med trommesettet på venstre kant, på motsatt side sit Andreas Wildhagen med sitt trommesett. Framme på scenekanten står sju blåsarar.
LYD!
Dei deler seg i grupper, stadig nye grupper, og saksofonist Julie Kjær viser tre fingrar til si gruppe. Like etter viser Klaus Holm eit anna symbol til sine folk. Dei spelar mot kvarandre, opp mot kvarandre og med kvarandre. Lydbiletet er heile tida i endring, i bevegelse og organisk vekst.

Large Unit med Akira Sakata på torsdag. (Foto: Stein Hødnebø)
Eg kjenner det i kroppen, det kriblar og eg overgir meg til lyden.
Det er kicket.
Musikkvitar Christopher Small skapte omgrepet musicking – altså musikk som eit verb, og ikkje eit substantiv. Musikk som ein prosess både som ein måte å utforske og uttrykke forholdet til deg sjølv, andre og verda, men kanskje viktigast som ein sosial og kulturell praksis som skaper meining og verdiar gjennom deltaking og samhandling.
Det var dette som traff meg i hjarterota i på Victoria. Her deltek vi i musikk.
Eit verk for fem skarptrommer framført, tryllekunst, eit verk for tre trekkspel, og Mr. Orkester enmannsorkester. Det er ein eksplosjon av sirkus, humor, kunst og dans. Og på scena desse kveldane står verdas fremste musikarar i sitt felt. Men sjølv om det er soloparti her som er verdt billetten i seg sjølv, så er det ikkje individet som er det interessante, men det er det kollektive. Fellesskapet. Det er verken pretensiøst eller komplisert. Det er rein energi og fellesskap.

Musikarar frå Fendika under Large Unit-feiringa på Nasjonal jazzscene. (Foto: Stein Hødnebø)
Fendika syner dette på ein annan måte der dansarane Melaku Belay og Zinash Tsegaye gjennom teater og fri dans går i dialog med lyden. Den andre kvelden står Asmari-bet trio, med musikarar frå Fendika, midt i rommet, og når dansarane får med seg publikum blir det full dansefest på golvet frå stive jazznerdar til outrerte hippiar – det er ekstatisk i rommet.
Stemma til Nardos Tesfaye sit framleis i.
I ein meir og meir individualistisk kultur, der det er stadig lettare å isolere seg og beskytte seg mot verda, og vi ser dei psykiske helseplagene berre veks blant folk medan køane til helsetilbod blir lengre og lengre, står det og lyser mot meg – det er jo dette som må satsast på. Tenk kor heldige alle til stades her er, som har fått gåva av å finne glede og meining i musikk. Det er dette som er å vere levande.
Paal-Nilssen Love og Large Unit med alle vener har skapt det vakraste showet i verda akkurat no.
Denne utvida feiringa av Large Unit, kalt «Ethiobraz», er på turné rundt i landet. Mandag kveld spela dei på Dokkhuset Scene i Trondheim, tirsdag 28. mars på Folken i Stavanger, onsdag 29. mars i Rosendal Samfunnshus, torsdag 30. mars kan dei opplevast på Storyville i Molde og fredag 31. mars avslutter dei Large Units tiårsjubileum hos 50-årsjubilanten Vossa Jazz.

Hvor brenner det? Stemmer i musikkbransjen svarer
KI-innblanding i musikkproduksjon? Spotifys fordelingsmodell? Spellemannprisen? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen
Brede Sørum anses for å være en av de virkelig store favorittene i det norske jazzmiljøet. Men musikken han formidler er alt annet enn den 'den nordiske jazzen'.

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk
Databasen ELNA – Equality Library for Nordic Art Music skal bidra til likestilling i kunstmusikken i Norden.

– Det er ikke algoritmene, men håndverket som til syvende og sist gir resultater
Gitarist Magnus Berg gav nylig ut albumet «Electric Sugar» til strålende kritikker. Ballade har fått innblikk i prosessen bak verket.

Bylarm lanserer «Bransjeprisen»
Musikk-Norges største bransjekonferanse og -festival presenterer Bransjeprisen: Til menneskene som sjelden får applausen, men som alltid fortjener litt mer av den.

Ballade og Parkteatret inviterer: Gratis konsert og videovisning – Sesongavslutning!
Søndag 27. april viser vi aktuelle musikkvideoer på Parkteatret i Oslo, med Paul-Ronney Angel som spillende gjest. Få med deg sesongens siste visning!