Hopp til innhald
18abe06d 8f62 480f 9ae2 40240c73ea4a

Andreas Rotevatn er kjend frå komponistkollektivet OJKOS og fleire jazzkonstellasjonar. Overraskande for nokon, kom likevel i år hans fyste soloalbum, som hadde eit langt meir dansete preg, der han kanskje «Berre kom heim» litt meir til røtene sine. (Foto: Grappa Musikkforlag)

EDM på nynorsk, eller temperert house?

Nyleg pusta fjorddiskoduoen Double Trouble nytt liv i Andreas Rotevatn si låt «Berre kom heim». Ein ubevisst kommentar på eit kunstig skille mellom EDM som noko syntetisk og maskinelt, mot tradisjonsmusikk som noko naturleg?

Hausten har utvitydig (og bokstaveleg) kasta seg over oss. Varmtona lauv dalar, og vinden er som knivar. Enkelte stadar, i alle fall. I Sogn og Fjordane (jodå!), der eg nett tilbrakte fem dagar, har snyen lagt seg på fjella. Vi tråklar oss allereie mot vinter.

Før sommaren, derimot, mens alt var i spirande emning – i forventning – slapp jazztrombonist og komponist-produsent, eidar Andreas Rotevatn sitt fyste soloalbum, Av daude gror.

Dei som kjenner sine salmar, veit at frasen føregås av dei ikkje ubetydelege orda «nytt liv». Nærmare bestemt i andre vers av «No livnar det i lundar».

Dette tekstlege grepet har fått dobbel meining no som duoen Double Trouble – beståande av fjorddisko-veteranen Prins Thomas og DJ Isoebel av Kolbotn – har remiksa «Berre kom heim», åpningssporet på Rotevatns plate.

Det doble, det tosidige, det kløyvde, er noko Rotevatn kjenner seg igjen, og jamvel stend stødig i. Lik som livet og dauden er, ein nådelaus tandem.

Det kløyvde, tosidige, er også ei vinkling det leggast vekt på idet remiksen av «Berre kom heim» skal promoterast.

«På den eine sida har han ein bygdeoppvekst på Nordfjordeid, og på den andre over 10 år som kunstnar i storbyen. Rotevatn nærer ein kjærleik for bruksmusikk og det dansbare, trass i ei omfattande utdanning på fleire eliteskular for musikk,» seier pressemeldinga frå Grappa.

Eg skjønar ikkje heilt om dei setjer størrelsane «Bygdeoppvekst» og «10 år i by» samt «Bruksmusikk» og «Eliteutdanning» opp mot kvarandre. Skiljer dei ein ambivalens hos subjektet, eller ei tilnærming som omfamnar både-òg?

– Eg er jo ikkje framand for å leite fram ein og anna trommemaskin eller analog synth i studio, og eg har heilt klart henta mykje inspirasjon frå klubbmusikk og elektronika i låtskrivinga mi, seier han.

– Derfor kjennast det so riktig at Double Trouble tok låtane endå eit steg nærmare dansegolvet med sin remix!

Ledige stillinger

Rotevatns Nordfjordeid møter Prins Thomas’ Mjøsa (også kalt «fjorden») møter DJ Isoebels Bunnefjorden, og foreinast i Oslofjordbotnen under fjorddiskoens høge, men inviterande tilbakelente og blide stjerne.

Ikkje veit eg om remiksarane forsøker å mane fram enda meir Vestland i sin versjon. Det er nett som Kygo og Alan Walker luskar i bakgrunnen, især når ein lyttar til det synthifiserte banjo-fele-EWI-klingande meloditemaet «doing-doingeti-doing-doing-ka-doing-ga» og avstanden frå den svært så tilbakelente grooven i originalen «Berre kom heim». Det blir eigentleg vanskeligare og vanskeligare å ikkje tenkje på tropisk hus-musikk.

Og apropos Kygo, dette med å iscenesette seg sjølv og musikken ein lagar i ein større kulturell kontekst – gje han eit slags tyngre alibi, om du vil – la eg nett merke til at bergensaren, blant fleire, har gjort. I denne videoen spelar han heile si nyutgjeva plate på Trolltunga, inklusive dei respektive gjesteartistane som figurerar på kvart spor. Spektakulært kjennest ikkje dekkande.

Likeins legg eg merke til at det arrangerast boiler room-aktige sessions uti Guds ville natur andre stader på Youtube, mellom anna dette klubbsettet frå Preikestolen. Er det sjølve naturen eller nasjonalsymbolikken som er vektig her? Sjå også Aurora og Jacob Collier som speler på ein stein eller et flak ein stad for Greenpeace. Storslagent er det utvilsamt.

Mange kjenner Prins Thomas frå fjorddiskoen, eller space disco som det også blir kalla, sine tidlege dagar. (Kor fjern eller nær er bindinga mellom fjorden og det ytre rom?) Saman med Lindstrøm, Todd Terje og mange fleire, var han delaktig i å grunnlegge denne rørsla som starta tidleg på 2000-tallet – denne retro-futuristiske, veldig maskinelle, dog varme og sympatiske musikalske bølgen som da skylla over vårt land.

Dei blanda diskorytmer med nye digitale produksjonskarkteristikkar og gamle analoge synthar – gjerne med enkle, naivistiske og muntre melodiske elementar. Konglomeratisk hybridmusikk, som etter kvart skulle vise seg å appellere både høgt og lavt. Til dømes har Prins Thomas sjølv millionvise strømmeavspelningar, men spelar også klubbkveldar rett som det er.

Prins Thomas av Hamar og Asker, aka Thomas Moen Hermansen, og DJ-en Isoebel(-Nicole Burgos) av Kolbotn. (Foto: Privat)

No som han har tatt DJ Isoebel under sin venge har dei begynt å gjere klubbsett saman, slik som dette frå utestedet Jaeger i fjor. Remiksen av «Berre kom heim» er duoens fyrste offisielle utgjeving. (Og, om du er nysgjerrig på Isoebels metalliske musikalske bakgrunn frå Follo, kan du lese meir om det her.)

Det overraskar meg litt, gitt Oslo-diskoens lune snålheit, at dei ikkje har beheldt meir av den wonkinessen ein finn i Rotevatns originalutgjeving (synth-panfløyte, sample av blåsar-støt på odde slag i takta, pitchbending, mannskorete underlag ), ein slags Arthur Russelsk lapskaus, som står trygt i kva den serverar. Dei har køyrt opp tempoet, lagt på stilig og lodden vekselbass (eit kjennemerke) og plenty med Tomtom-laserar («the disco-pew»).

Det er liksom ikkje noko gale med remiksen, men det kjennest ikkje som om den er tilført noko vesentleg. Det sagt, må eg applaudera forsøket. Ein skal ikkje kimsa av det vågestykket det er å utfordra dansemusikkens normar. Eg berre håpar dei tar han enda lenger neste gong.

Ikkje veit eg heilt kor eg skal med resten her, men dette skismaet mellom natur og syntet, menneske og maskin fortsett å fascinera og gripe. Eg får halde tak i det til neste gong.

Ledige stillinger

Relaterte saker

OAUXRwmA

Musikk som vil fargelegge livet ditt

Om framsida av avisene teiknar eit grått bilete av verda, så gjer desse musikarane det dei kan for å setje...

Skarbø Skulekorps

Det er vår og tid for korps igjen!

Folkemusikk for folk som ikkje likar folkemusikk. Jazz for folk som ikkje likar jazz. Eg gir blaffen i kva du...

Hans Peter Lindstrøm strekker seg fra ekstremt fengende dansemusikk til seige eksperimenter. «Little Drummer Boy» oppsummerer dét strekket i en og samme låt.t

Discokongen HP Lindstrøm er også julekongen

I desember handler Ballade elektronisk om én låt. Den er til gjengjeld tre kvarter lang.

Stillbilde fra musikkvideoen til Liedah

Ballade video: De vakre fremmede

Helgen er her, med et løfte om vår i lufta og nye musikkvideoer med MoE, Moddi, Lamark, Steinar Hjelmbrekke, Stian...

OJKOS på Victoria – Nasjonal jazzscene Foto: Audun Ellingsen

Alle 16 spiller og skriver for hverandre i OJKOS

Nytt jazzorkester for unge, utøvende komponister i Oslo skal videreutvikle talenter.

Flere saker

MOZART PÅ SKJERM: Bergen Nasjonale Operas nye versjon av Mozart operaen «La clemenza di Tito» (Titus’ tilgivelse) kan du nå se digitalt frem til midten av april.

Kapitol angripes i ny operaoppsetning

På grunn av pandemien måtte Bergen Nasjonale Opera vente et helt år med å sette opp Mozart-operaen «La Clemenza di...

Gry Bråtømyr, daglig leder i Norsk jazzforum, kommenterer regjeringens forslag til kulturbudsjett for

Statsbudsjettet 2020: – Kraftig økning en illusjon for musikkfeltet

Spissede tiltak, men Kulturdepartementets uttalelse om sterk økning er en illusjon for musikkfeltet, mener daglig leder i Norsk jazzforum, Gry...

Ingrid Kindem, styreleder i NOPA

#hørnorsk: Løft for norsk musikk

Kampanjen for norsk musikk i offentligheten fortsetter.