Gabba vann fortent Spellemannpris i kategorien tradisjonsmusikk,

Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade assosierer ein gong i månaden. (Foto: privat)
og Inger Hannisdal er fjorårets komponist. Men om du les denne spalta, så visste du jo allereie at dette var to av dei beste platene i fjor – her og her. FIEH som i protest mot høge prisar på Spellemannutdelinga heller sendte Lars Berrum, måtte gi tapt for Charlotte Dos Santos, men har til gjengjeld sluppe sin andre singel frå det komande albumet Judy Law, som saman med «Texas Baby» teiknar til eit album eg gler meg til. (Ein litt artig assosiasjon i lyttinga av den – høyr på Bilal sin cover av Radioheadlåta «High and Dry» frå 2006. )
Damata kom også med ein liten smakebit på ny musikk på fredag med det deilige namnet Skvett Sounds. Det er ein trio med kjærleik for dei varme lydane og har leita fram fleire fargar sidan debuten What’s Damata – kos deg med denne optimistiske, sparsommelege melodien på repeat fram til resten kjem!
Men eit av vårens vakraste eventyr kom som vanleg frå korpsfronten – med Skarbø Skulekorps!
Skarbø Skulekorps – Innesko (Øyvind Jazzforum 2023)

Skarbø Skulekorps – Innesko (Øyvind Jazzforum 2023) (Foto: Øyvind Skarbø 2023)
I det vårsola traff oss, landa Skarbø Skulekorps si tredje plate Innesko i høgtalarane med like solstrålande skarp saksofon i åpningssporet «Miami». Haha, for ein banger! På finurleg vis landar beaten ein skeiv tone under saksofon-licket, og trompetist Stian Omenås kjem med ein naivistisk, nedpå-jazza solo. Eg drøymer meg vekk i sola, og med dei mekaniske pistollade-lydane à la det M.I.A gjer i «Paper Planes», har eg fort landa i det legendariske spelet GTA Miami.
Skarbø Skulekorps er trommeslagar og komponist Øyvind Skarbø si musikalske leikegrind der han kastar rundt lydar og idear i eit fritt sjangerbasseng saman med medmusikantane.
Han presenterer det som jazzmusikk for folk som ikkje likar jazz. Kanskje korpsmusikk for folk som ikkje likar korpsmusikk. Samtidsmusikk for folk som ikkje likar folkemusikk. Altså – berre legg vekk alt slikt. Det er nysgjerrig og leiken musikk som nødvendigvis kvir seg mot å bli sett i bås. Vi såg for eksempel under Øyafestivalen i fjor at Skarbø Skulekorps appellerte til eit anna publikum enn dei som kjenner til musikarane frå før. Det er rett og slett eit tiltrekkande lydbilete.
– Haha, for ein banger!
Innesko er både friare og strammare enn dei to føregåande platene. Dei korte stubbane som kjem inn i mellom, som «Kromfot», har kanskje særleg interessant lydleik.
Høgdepunktet denne gongen er også den einaste låta med tekst. «Lat-Lo» er tidlegare utgitt med Skarbø sitt tidlegare prosjekt Bly de Blyant (ein høyrer av denne versjonen at den ropar om tekst!), men har her blitt velsigna med Mari Kvien Brunvoll på ein enorm vokal – «Eg har blitt ganske trøtt no…» – det lét altså så befriande groovy i fraseringa hennar! Og det påfølgande alt-saksofonkoret til Signe Emmeluth som landar etter det svevande refrenget kickar inn, så ser du yachtane med åttitalsbrune kroppar framfor deg.
Eg kunne forresten godt tenkje meg å høyre ei remix-plate i same gate som nyleg prisvinnande komponist Andreas Rotevatn gjorde med OJKOS Remixed, der hans verk Mensa Rotunda vart remiksa av mellom andre Lindstrøm og b0ka. Ta på deg utesko – høyr på Innesko!
Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola & Sølvstrøk – Sølvstrøk (Heilo/Grappa Musikkforlag 2023)

Sarah-Jane Summers & Juhani Silvola – Sølvstrøk (HEILO 2023) (Foto: HEILO 2023)
Orkesteret Sølvstrøk har eg tidlegare omtalt i spalta, med julesongen «Christmas Day», og no er endeleg plata her. Dette prosjektet fortener all den merksemd det kan få, eg blir berre meir og meir glad i det. Finske Juhani Silvola og skotske Sarah-Jane Summers har busett seg i Noreg, og er å sjå i alle krikar og krokar av norsk musikkliv – sist med Juhani som den perfekte lagspelar under konserten Landslaget for Spelemenn på Vossa Jazz.
Summers og Silvola har tidlegare gitt ut plater i duoformat, men etter ei konsertoppleving med Oslo Kammerorkester, kom ideen om å sette deira musikalske verd inn i eit større, symfonisk format.
På Sølvstrøk går den skotske og norske folkemusikken opp i ei større eining.
Og lista over musikarar i dette orkesteret er så sterk at eg kostar på meg å liste dei opp: Felespelarane er Olav Luksengård, Mjelva Bjørn, Kåre Odde, Kevin Henderson, Vegar Vårdal, Selma French Bolstad, Erlend Viken. På bratsj er det Mari Giske, Lise Voldsdal og cellistane Gregor Riddell, Kaja Fjellberg Pettersen, i tillegg til Ellen Brekken på kontrabass. Dette er altså eit toppa lag!
Å velje musikarar til eit orkester som sjølv er sterke solistar, bidreg til eit levande spel. Det er eit enormt driv frå start, og det drivet held fast på lyttaren gjennom heile plata – også gjennom dei rolegaste låtane. Det handlar om å spele på nerven, og det har desse musikarane gjort til sitt hovudinstrument.
Høgdepunktet er «Owerset» – det er som å sjå ein film!
Leagus – Flora Eallin (Is It Jazz? Records 2023)

Leagus – Flora Eallin (Is It Jazz? Records 2023) (Foto: Is It Jazz? Records 2023)
Når den store europeiske jazzmessa Jazzahead går av stabelen i Bremen denne helga, 27.-30. april, er eit av dei norske bidraga duoen Leagus. Dette var opprinneleg pianist Herborg Rundberg sitt masterprosjekt på Universitetet i Tromsø, saman med gitarist Kristian Svalestad Olstad. Saman med Nordnorsk Jazzensemble lanserer dei no albumet Flora Eallin.
Frå opninga «Kime» framstår dette som musikk motivert av å lage noko nytt, det merkar ein gjennom at detaljane framstår gjennomtenkte – dei har stilt seg spørsmål: «Må vi gjer det slik? Kva med å heller gjer noko slikt?». Det mjuke akustiske ensemblet blir bevega av ein gitar med grov friksjon. Gjennom det går ein enkel melodi i pianoet. Ut av «kimen» veks det fram organiske lydar. I «Flor» og gjennom plata får eg assosiasjonar til noko av elektronikajazzen frå Esbjörn Svensson Trio eller for den del Jaga Jazzist. Det er noko retro over det som lét friskt akkurat i dag.
I kreative «Tendril» blir ein tekst som er ganske så beint fram blanda inn i det elektroniske jazzlydbiletet som er etablert, og peikar igjen tilbake på refleksjonen «Kva med å heller gjere det slik?». Å gi ei vise eit slikt landskap, eller kanskje aller mest å gi eit slikt landskap ei vise, gjer at lytteopplevinga berre blir meir og meir uføreseieleg.
Og uføreseieleg blir det. Høyr berre på den autotuna rappen som kjem over ein tung groove på «Pripyat» – kunstig intelligens kan gå og legge seg.
Duoen er røta i sjøsamisk tradisjon, og på «Nihkui» syng Elina Waage Mikalsen den samiske teksta. Når hennar stemme, og språk, blir verande igjen med «Jaga Jazzistiske» saksofonar mot slutten høyrer vi at språket er sentralt for lytteopplevinga her, reint musikalsk. Lyden av språket.
Sjekk ut denne sjeldan gode konsert-videoen!

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen
Brede Sørum anses for å være en av de virkelig store favorittene i det norske jazzmiljøet. Men musikken han formidler er alt annet enn den 'den nordiske jazzen'.

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk
Databasen ELNA – Equality Library for Nordic Art Music skal bidra til likestilling i kunstmusikken i Norden.

– Det er ikke algoritmene, men håndverket som til syvende og sist gir resultater
Gitarist Magnus Berg gav nylig ut albumet «Electric Sugar» til strålende kritikker. Ballade har fått innblikk i prosessen bak verket.

Bylarm lanserer «Bransjeprisen»
Musikk-Norges største bransjekonferanse og -festival presenterer Bransjeprisen: Til menneskene som sjelden får applausen, men som alltid fortjener litt mer av den.

Ballade og Parkteatret inviterer: Gratis konsert og videovisning – Sesongavslutning!
Søndag 27. april viser vi aktuelle musikkvideoer på Parkteatret i Oslo, med Paul-Ronney Angel som spillende gjest. Få med deg sesongens siste visning!

– Tono bidrar til frykt blant konsertarrangører
Arrangørene om betaling for konserter: – Tono veit ikke hvordan de skal sette vedtaket sitt ut i live. Det bidrar ikke til tillitt.