Minneprisen feirar 30 år, og blir for fyrste gong delt ut til to utøvarar.

Ein av dei to vinnarane av Øivind Bergh minnepris, Helga Myhr, © Kyrre Lien

Øivind Bergh sin minnepris går til unge lovande fiolinistar. Minneprisen er i år på 20 000 til kvar av vinnarane, og delast ut under Peer Gynt-stemnet på Vinstra 10. august, skriv Peer Gynt-stemnet i ei melding.

– Dette synes vi er stas. Det er stort å få ein pris som så mange dyktige musikarar har fått før oss, og inspirerande at folk ser det ein driv med. Prisen gjev oss motivasjon til å fortsetje arbeidet med folkemusikken, seier prisvinnarane.

Prisvinnar Rasmus Kjorstad, © Johannes Selvaag

Årets vinnarar
Helga Myhr er hardingfelespelar og kvedar frå Ål i Hallingdal. Denne våren blir ho ferdig med studia ved Norges musikkhøgskule som utøvande folkemusikar. Myhr spelar i ulike konstellasjonar. Ho har til dømes gitt ut to plater med vokalgruppa Kvedarkvintetten, og er for tida plateaktuell med folkemusikkbandet Morgonrode. Elles jobbar ho mykje som soloutøvar og arbeider med ei soloplate som kjem ut til hausten.

Rasmus Kjorstad er ein folkemusikar frå Fron i Gudbrandsdalen. Også han blir ferdig på folkemusikkstudiet ved Norges musikkhøgskule i Oslo denne våren. Saman med broren, Hans P. Kjorstad, gav han ut plata Pusinshi Ulla i 2016, og året etter stod dei to, saman med Hans Hulbækmo og Anders Erik Røine, bak tingingsverket til Hilme-stemnet, Reolô. Rasmus Kjorstad spelar også i bandet Morgonrode, som slepp debutplata si i mai, og i bandet til Torgeir Vassvik, som kjem med plate i juni.

Dei to utøvarane er på kvar sin måte heilt i Norgestoppen innafor folkemusikken, serier juryen i meldinga.
– Utøvarane er heilt i front i forhold til utviklinga av musikksjangeren. Når det likevel var eit jubileum for prisen, tykte vi det var eit godt alternativ at begge utøvarane fekk den.

Årets jury er samansett av Trude Bergh (frå familien Bergh), Rolf Lennart Stensø (KORK), Gjermund Larsen (FolkOrg) og May Brit Støve (Peer Gynt AS).

Prisen er eit samarbeid mellom FolkOrg, KORK, Peer Gynt as, etterkomarane av Øivind Bergh og Sparebank 1 Gudbrandsdal.

Om prisen
Prisen har vorte utdelt under det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra sidan 1989. Øivind Bergh fekk Peer Gynt-prisen i 1976, og var ofte i Gudbrandsdalen etter det. Han vart fascinert av lokale spelemenn, og året etter at han gjekk bort, vart minneprisen oppretta, då som eit samarbeid mellom Peer Gynt AS og etterkomarane av Øivind Bergh.

Prisen har tidlegare vorte delt ut til blant andre Annbjørg Lien, Ragnhild og Eldbjørg Hemsing, Åse Teigland, Øystein Rudi og Sonoko Miriam Welde.

Publisert:

Del: