Sjølv på konsertane med unge musikarar heldt helgepublikumet på årets MaiJazz høg gjennomsnittsalder. Korleis påverkar dette framtida i norsk jazz?

Significant Time, foto: André Sahlman Hanssen.

– Plata mi har den lett flaue tittelen Forever Young, fortalte den erfarne og profilerte norske ECM-gitaristen Jacob Young under sitt sett på laurdagen ved årets MaiJazz.
– Det var den tyske produsenten som insisterte, forklarer han litt brydd, medan publikum humrar.

Dei kunne sjå ironien. Undervegs i konserten formidla Young at fleire av musikarane på scena hadde spelt saman sidan i tretti år, heilt sidan dei var tenåringar. Publikum kunne nok også kjenne seg igjen og sympatisere med den sjarmerande tittelen, for få av dei var noko særleg yngre enn musikarane.

Mange lag
Young forklarte vidare at han etter kvart hadde gått med på tittelen fordi den hadde mange lag, både som fiffig ordspel på hans eige etternamn og som eit høve til å dvele over eiga aldring.

På sitt beste skapar Jacob Young fantastisk vakre, melankolske låtar som passar perfekt inn i den gjennomførte produksjonen ein får med Manfred Eicher og Jan Erik Kongshaug i ECM.

Sjølv syntes eg også at den stod godt til mykje av musikken Jacob Young Group presenterte.

På sitt beste skapar Jacob Young fantastisk vakre, melankolske låtar som passar perfekt inn i den gjennomførte produksjonen ein får med Manfred Eicher og Jan Erik Kongshaug i ECM. I Forever Young-prosjektet har han fått med seg saksofonist Trygve Seim og den polske gruppa Marcin Wasilevski Trio, som deler hans teft for gripande arrangement og melodiar. Denne gode kombinasjonen kom også til sin rett på laurdagens konsert.

ECM-fusion
Men det kan liggja noko krampeaktig i å freista å vere evig ung, og slik eg opplevde det fantest det komposisjonar her som nettopp tvihaldt litt for mykje gjennom blikket sitt bakover i tid. Det kjentes som eg var på veg inn i dei mørkaste avkrokane av fars platesamling, med blodharry søtti- og åttitalsfusion.

Glatt og harmonisk ECM-sound harmonerer dårleg med lette og gladfunky gitarriff, og når ein slenger på Trygve Seim sine Garbarek-aktige, klare saksofontone vert det heile absurd. At det ikkje skal meir til enn eit lite gitarriff og ein streit, funky trommebeat for å transformere det stilfulle ECM-uttrykket til noko så malplassert og harry hadde eg aldri tenkt på. Om lag 20 minutt av konserten var som eit steg inn i ein anna dimensjon. Det stemte berre ikkje med mitt eige bilete av denne musikken.

Då slo det meg: Kva gjer eg, ein 1990-modell, eigentleg på slike festivalar heile tida, og skriv om jazz på nynorsk?

Men klientellet som hadde fylt mest kvar einaste stol på lokalet, Spor 5 i Stavanger sentrum, såg ikkje ut til å dele mitt ubehag. Det var tvert om nikkande, blide fjes overalt. Då slo det meg: Kva gjer eg, ein 1990-modell, eigentleg på slike festivalar heile tida, og skriv om jazz på nynorsk? Kvifor leikar eg ikkje med folk på min eigen alder? Eg burde vel heller skrive ironiske tekstar om min eigen generasjon for Natt&Dag?

Framtida i norsk jazz
Tidlegare i veka har sikkert publikum vore meir prega av dei mange jazzstudentane som studerer i byen.

20150509_221422
Jacob Young Group

Nokre av desse, den såkalla framtida i norsk jazz, var då også til stades denne laurdagen. Gruppa Significant Time, ein ung kvartett der alle har bakgrunn frå jazzlinja ved Universitetet i Stavanger, leverte ei herleg blanding av vakker, humoristisk og tøff jazzmusikk. For høvet hadde dei også utvida gruppa med to, hakket meir erfarne, gjesteutøvarar: trompetist Hayden Powell og saksofonist André Roligheten.

Pepsi Max og fløte i kaffien
Sekstetten blei lett og ledig leia an av komposisjonar som alle hadde til felles at dei balanserte knirkefritt på vegen frå melankolske og alvorstunge passasjer til leikne og fjollete segment og tilsynelatande spontane innslag av utagerande fri improvisasjon.

Samtlege låtar hadde også kledelege, absurde titlar, som ‘’Pepsi Max og fløte i kaffien’’, ‘’Møte i motorsykkelklubben’’ og ‘’Regnbuepåfuglens signifikante påskesang’’.

Dermed sat latteren lett hjå dei fleste i salen, og det blei slåande folkeleg stemning, trass dei meir høgtsvevande og noko kaotiske komposisjonane (og låt-titlane).

Aldersgap mellom scene og publikum
Men så var det også her eit feststemt, middelaldrande laurdagspublikum som dominerte salen. Dette er kanskje skjebnen for mange unge jazzmusikarar, at ein spelar for folk som er dobbelt så gamle som ein sjølve.

Musikarane skal sjølvsagt vere glade for alle som kjem, uansett alder! Slik var det også heldigvis med Significant Time, som skapte svært god stemning og ein lett tone mellom seg og publikum.

Til trass for gode støtteordningar må vel også norsk jazz tilpasse seg publikum til ei viss grad?

Men kan det også hende at ein blir litt gamal til sinns av å stadig røre seg i slike miljø? Kva gjer dette med jazzen i Noreg? Mistar den kontakta med si eiga samtid? Mange vil gjerne peike på at norsk jazz har vore god på å følgje med i tida, men det er vel ganske lenge sidan Bugge Wesseltoft og Nils Petter Molvær kasta seg over elektronika og house, og var det eigentleg så mange unge menneske som hadde sansen for det den gangen?

Til trass for gode støtteordningar må vel også norsk jazz tilpasse seg publikum til ei viss grad? I så fall: Vil det bli strømlinjeforma, lettbeint laurdagsjazz som dominerer om ti år?

Ikkje noko nytt
Som ei rørsle med både sterke tradisjonar og evne til å fornye seg vil kanskje jazzen alltid stå i ei spenning mellom det trygge og kjente, og det heilt nye og ukjente.

Men trass sine spenstige vendingar representerte heller ikkje Significant Time noko særleg nytt eller innovativt denne kvelden, dei baud heller på referansar tilbake til 60- og 70-talet – neppe ukjent for publikumet sitt.

Jamt over ser eg ikkje særleg mange unge norske jazzmusikarar som er på leit etter ‘’det nye’’ slik det kanskje var for 20-30 år sidan. Den unike appellen i jazzen, som er sterkt halde ved like blant dagens unge musikarar, er ikkje naudsynleg ein merkbar hastig evolusjon. Den er snarare prega av evna til ei sakte og tolmodig absorbering av rørsler rundt seg, der ein let kvart einskild individ gå fram på sin måte.

Derfor ser vi at jazzutdanna musikarar dominerer norsk pop for tida, gjennom døme som Highasakite, Broen og Emilie Nicolas. Gjennom jazzmentaliteten har desse musikarane fryktlaust angripe ulike pop-stilartar og skapt unike uttrykk med brei appell.

Vi som vil behalde MaiJazz og andre jazzfestivalar må berre syne publikum kvar dei fanga opp desse evnene.

Aldri meir ung
Nett no er det ingen grunn til å få panikk. MaiJazz hadde tydeleg lukkast ganske godt med publikumsrekrutteringa i år, og min eigen generasjon vil kanskje følgje etter når den har rast av seg. Utfordringa til ein sjanger som ikkje naudsynleg tilpassar seg publikum har med det same ein styrke i det den visar veg så vi kan følgje etter.

Ein ting er uansett sikkert: Eg må berre innsjå at ein ikkje blir ein særleg hipp tjuefemåring av å konsentrere meg så mykje om denne musikken. Det er lenge sidan jazzen var ung, og det er neppe noko poeng i å innbille seg at den nokon gang vil vere det igjen. Det betyr ikkje at den ikkje vil leve lenge!

Publisert:

Del: