Hopp til innhald
Karl Seglem stor07(Foto: Oddleiv Apneseth)

Norge manglar ikkje musikk med høg kvalitet – men opne, dyktige, uavhengige journalistar og redaktørar.

KOMMENTAR: – Det er frigjerande å lesa Marit Karlsen sin kommentar til såkalte musikkjournalistar som meinar at plateåret 07 var svakt. I mine auge er Moslet og Slettemark knapt nemninga journalist verdig, innsausa som dei er i det kommersielle mediesirkuset både på eigarsida og ved si deltaking i konkurransar i musikk – av ulikt slag, på og i ulike kanalar, over alt, heile tida. Dette skriver Karl Seglem i NORCD.

Av Karl Seglem, NORCD

Eg vil skriva under på og støtta Marit Karlsen i alle hennar synspunkt, og det er prisverdig at ei dame som sjølv sit som portvoktar i diverse styrer og komitear skriv det ho skriv.

For det handlar i langt større grad om mangelen på kompetente, fordomsfrie og såkalt uhilda journalistar som brenn for musikk – av ulik sjanger, enn at det vert produsert dårleg musikk, eller at plateselskap ikkje slepp til debutantar. Vidare manglar vi oppegåande kulturredaktørar som ikkje undervurderar sine lesarar ved å ha klare formeiningar om «kva folk vil ha», kva som er populært osb.

Det kan stadfestast – også frå oss som arbeidar i utkanten av såkalt populær musikk, med meir nisjeprega utgjevingar i jazz og folkemusikkland, at det er vanskelegare enn nokon gong å bli spelt på radio og/eller fjernsyn. Og det er minst like vanskeleg som alltid, å få til eit intervju med alt frå debutantar til artistar som gjev ut sitt tredje album.Både i aviser, tidskrift og i radio/tv.

Hadde kvaliteten på norske journalistar vore like god som på den norske musikken hadde vi hatt daglege musikksider i dei største avisene med omtalar, intervju og kritikkar. Sjå berre kor mykje plass bøker og litteratur får i dagens norske aviser. Dette avdi det finst mange svært litteratur-interesserte og dyktige journalistar – og redaktørar.

Det finst ikkje oppegåande musikkjournalistar. Det finst ikkje redaktørar som meinar det er viktig å presentera heilt ukjente namn i norsk musikk, eller som vil gje ein journalist tid, rom og lønn, til å gjera ein skikkeleg jobb. Jau – det finst nokre utruleg få unntak, men eg misunner ikkje desse journalistane og deira arbeidsituasjon.

Det finst også nettstader som er i forkant, der kanskje den største kompetansen no er samla. Ballade framstår som viktig og vi får håpa at deira uavhengige og uredde stil i forhold til å ta opp debattar og skriva kritiske platemeldingar og konsertomtalar held fram.

Mest urovekkande er det å vera vitne til den forvitringa NRK gjennomgår der det, som Karlsen påpeikar, er NRK-representantane som alltid i debattane snakker om lyttartall, medan det er representantar frå norske plateselskap som snakkar om mangfald og NRK sitt ansvar for formidlinga av norsk og norsk-språkleg musikk.

JA: NRK misbrukar omgrepet om allmennkringkasting i større og større grad: Det finst folk som vil ha goth, jazz, metal, folkemusikk, opera, fri impro, computer-musikk, gammaldans, samtidsmusikk og «you name it» – men i formateringshelvetet som framstår som hakk i plata frå P1 til P3 er alt dette (m.meir) totalt fråverande, under argumentasjonen av at folk flest ikkje vil ha det. Pysete, bleikt, feigt og ufatteleg gammaldags tenking.

Og det er veldig tydeleg – for oss som har arbeida med å gje ut norsk musikk sidan 1991, at det i mindre grad enn før finst folk i NRK som vågar – eller får spelerom, gjennomslag for andre tankar. Lov til å gjera ting annsleis. (Det finst faktisk berre ein mann: P3s alibi!)

Ledige stillinger

Det kan vera freistande å framvisa ei liste over intervjua, omtalane, kritikkane og radiospelelistene vi har fått på våre sju utgjevingar i 2007 (tre debutantar) men eg skal la vera. Det er ikkje særs mykje lesestoff, diverre.

Trøysta og drivkrafta for idealistiske plateselskap som mitt er framleis all den gode norske musikken, alle dei unge dyktige musikarane som dukkar opp, og som det er ei fryd å gje ut.

Innspelingane har kvalitetar som vil finnast lenger enn tida det tek før mediesirkuset skiftar aktørar, og kan heilt sikkert spelast (og skrivast om) den dagen det dukkar opp nysgjerrige musikkjournalistar med opne øyrer.

Heldigvis.

Karl Seglem står bak selskapet NORCD, og er musiker og komponist.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Marit Karlsen

Plateåret 2007: Mangelen på norsk musikk – i media

KOMMENTAR: – Musikkjournalister mener det norske plateåret 2007 var nede i en bølgedal og sier at plateselskapene må ta skylda...

Tellef Kvifte

Gretne gamle gubber: I folkemusikken eller i media?

DEBATTINNLEGG: Tellef Kvifte mener det er gledelig at Dagbladet både anmelder folkemusikk og tar opp debatten når noen problematiserer måten...

Hilde Bjørkum, Førde,

Forstokka haldningar og spennande musikk

DEBATTINNLEGG: I siste Spelemannsbladet stiller Tellef Kvifte spørsmål ved hovudstadspressa sin haldning og kunnskap om norsk tradisjonsmusikk. Reaksjonen kjem frå...

Sven Ove Bakke inne

Folkefiender?

DEBATT: – Den generelt lunkne medieinteressen for norsk folkemusikk ligger da også som et sårt bakteppe i Tellef Kviftes salve...

Karl Seglem saksofon natur

Karl Seglem: Nominert til prestisjetung musikkpris

Klar for turné til Tyskland og Østerrike, senere i bærer det til Pakistan for den globale jazz/folkemusikeren fra vest. Han...

Orheim/Kaasin

Hardingfelas hemmeligheter

Jørgen Orheim og Eivind Kaasin har laget en av årets mest egenartede norske plater. Ved å ta utgangspunkt i noe...

Flere saker

Djangofestivalen

Djangofestival: Der fingre og føtter farer raskere enn omikron

DJANGO I KORONAENS TID: Sigøynerjazz og sigøynerdans med frafall, men ingen savn. Og ikke minst et publikum som lar seg...

Øyvind Torp Foto: BI:CCI

Mer privat kapital = mer norsk musikkeksport

Skal norske bransjeaktører utnytte internasjonal etterspørsel av norsk musikk optimalt er bedre tilgang til privat kapital nødvendig, skriver Øyvind Torp...

Illustrasjonen er utsnitt av artwork for det kommende albumet til Mad King Edmund, og er lagd av Elise Jarem

Ballade Video XIV: Gale konger og nyskudd

Et nytt knippe aktuelle musikkvideoer fra Norge. Vi starter på mørke landeveier, og ender på fest i Sør-Korea.