Konferansen «Morgendagens orkestermusiker» spurte kva utdanning som skal til i ei tid der symfoniorkester og utdanningsinstitusjonane bør «[link id=68343 title=»våga seg ut av komfortsona «]og inn i ukjent terreng».
Ved konferansen fortalde fire unge musikarar korleis dei ser føre seg framtidas orkester, utdanning og opptakskrav.
Emilie Heldal Lidsheim, fiolinist og konseptutviklar for Ensemble Allegria, trur orkestra med samfunnsorienterte prosjekt trekkjer til seg unge musikarar.
— Mi interesse er både å spela klassisk musikk og å vera delaktig i samfunnet. Eg trur at orkester som vil bidra breitt i samfunnet er meir relevant for mange unge musikarar, og at ein del unge studentar ikkje vurderer det som interessant eller rikt nok å jobba i eit orkester som ikkje er villige til å endra seg, sa ho under debatten.
— Kva reaksjonar fekk du frå orkesteradministrasjonane på det du ytra i Bergen?
— Attendemeldingane var positive, og det er bra, for administrasjonane er jo dei hovudansvarlege for å utvikla og organisera gode konsept for orkestermusikarane. Men vel så viktig er det at orkestermusikarane sjølve viser interesse i dette, og torer å kasta seg ut i eit, for mange, ukjent farvatn.
Les også: [link id=68342 title=»Tid for endring?«]
Ikkje berre outreach
Den symfoniske tradisjonen er fundamentet i orkesterarbeidet, og diskusjonen gjekk ikkje så mykje på kva type musikk som skal spelast i konsertsalen som i kva grad og korleis orkestermusikarane skal arbeida med ulike typar formidling i tillegg til den vanlege verksemda.
Finske Einari Liikkanen understreka at det er viktig at dagens orkestermusikarar held fram med å forstå dei hierarkiske strukturane i orkesteret.
— Den ideelle musikaren må stadig kunna tilpassa seg mellom tutti og solistiske roller, og vera tydelig i rolla der han er, sa han.
Også Lucy Rugman understreka at det symfoniske må komma først, og at utdanningane ikkje må gløyma orkesterfaget.
— Då eg vart utdanna i Manchester vart det tromma inn i meg at eg ikkje vil vera berre ein orkestermusikar. Outreach er viktig, og ikkje så vanskeleg som ein trur i Skandinavia. Men det er viktig at ein i utdanninga også får treninga i å bli god til samspelet. Med utdanninga eg fekk i Manchester kjendest det som eg lærte alt anna enn det å vera orkestermusikar, så eg reiste til Göteborg rett og slett for å få læra å spela, sa ho.
— Men eg trur studentane som kjem inn i orkestra no vil endra dei. Ikkje minst fordi det ligg som ein motivasjon i utdanninga, seier ho til Ballade.
Jakob Lund Nielsen frå Danmark er samd.
— Diskusjonen me hadde i Bergen er relevant. Å komma inn som student i den klassiske musikkverden er litt som å vera isolert i ei boble. Eg føler behov for å kunna gå ut av bobla og delta i samfunnet. I tillegg ynskjer eg at orkestra i framtida organiserer seg på ein meir fleksibel måte. Som musikar har eg vore konsertmeister for Athelas Sinfonietta. Det er ingen fulltids posisjon, men likevel så omfattande at det er vanskeleg å gjera fleire eigne prosjekt. Om orkestra ynskjer slike musikarar, bør dei ha fleire fleksible stillingar.
— Kva trur du fagforeiningane seier til det?
— Ei fleksibel organisering av orkestra ville jo stilla heilt nye krav til både orkestra, musikarane fagforeiningane og avtalane dei lagar mellom seg. Eg vonar at fagforeininga er innstilt på å gje medlemma sine størst mogleg fleksibilitet i arbeidslivet. Ei optimal semje vil sikra både dei musikarane som ynskjer å ha heile inntekta si ein plass, og «patchworkmusikaren» som ynskjer å kopla deltidsstilling og frilansjobb. Eg er ingen ekspert på feltet, men trur optimistisk at ei slik avtale er mogleg.
Jakob Lund Nielsen
Verdifull fleksibilitet
Etter nokre år i Ensemble Allegria, trur Heldal Lidsheim at dagens unge musikarar ynskjer å ta del i prosjekt der dei ikkje berre spelar, men òg er med på organiseringa og får ta del i dei kreative avgjerdene.
— Er du samd i at fleksible stilingar bør vera ein del av strukturen i framtidas orkester?
— Eg trur absolutt at det kan vera ei god løysing for mange orkestermusikarar. Å spelai orkester kan både vera veldig berikande, men òg noko begrensande. Behovet for disiplin og eit visst hierarki i orkestra kan føra til at mange ikkje får brukt det fulle potensialet sitt. Meir fleksible stillingar trur eg ville vera verdifullt for mange, fordi ein då kan nytta potensialet i arbeid med musikk og kultur på andre måtar.
Les også: [link id=68247 title=»Vil samarbeide om kunstnerisk fornyelse«]
— I Bergen sa du at du meiner at eit prøvespel burde innehalda intervju, også ved opptak til sjølve musikkutdanninga. Kvifor skal ein leggja vekt på det verbale?
— Eg meiner ikkje at det verbale skal vera det viktigaste i prøvespelsituasjonen. Men eg trur at det kan fortelja meir om motiva for, og mennesket bak, prøvespelet. I eit prøvespel til eit studium trur eg det kan vera relevant for juryen å høyra om motivasjon og målsetting hjå kandidatane. Men eg trur det òg er viktig for studentane og musikarane sjølve. Ved å vita at ein vil bli intervjua, vil ein òg måtta reflektera over nettopp mål og motivasjon. Det trur eg er positivt.
— Du ynskjer òg at ein tenkjer breiare om prøvespelrepertoaret?
— Ja, alle orkester, overalt, spør etter det same, som berre er ein ørliten del av repertoaret. Eg forstår kvifor det er slik, men det som skjer er at alle studentar går i same retning i studiet sitt. Det er ein smal måte å arbeida på. Og for orkestra gjev det same standarden overalt. Kvifor kunne ein ikkje la musikarane spela ny musikk på eit prøvespel? På seminaret i Bergen etterlyste ein lidenskap som ein viktig eigenskap hjå morgondagens orkestermusikar. Eg trur me også treng evna til å vera nyfikne.

Hvordan løfte kunstnerisk forskning fra marginalisering til vitenskapsdiskurs?
Er kunstnerisk forskning moden og klar for å tre inn i en vitenskapelig diskurs? Hvis ikke, er jeg redd den er på vei inn i en (muligens noe selvforskyldt) marginaliseringsprosess, skriver Henrik Holm.

Storsatsing på kultur i hele Norge: – Har du en god idé, vil vi høre fra deg, sier daglig leder i Kulturrom
Regjeringen styrker Kulturrom med hele 21 millioner kroner – det største tilskuddet siden oppstarten.

Tid og kunstnerliv: Korpsbevegelser
Akkurat som i 1989 er det like før det vil kry av uniformer, marsjhefter og bandolærer. Korpsbevegelser er å gjenta seg selv, år etter år. Gjentakelsene er tradisjon. Tradisjon er kultur. Kultur er musikk. Og musikk er korpsbevegelse.

Vossa Jazz-sjefen slutter
Daglig leder i Vossa Jazz, Roger Urhaug, har sagt opp etter knapt et år.

Hvor brenner det, Egon Holstad og Sigurd Elgenes?
Hvor er musikkjournalistikken på vei? Hvordan imøtekommer vi en stadig mer uforutsigbar fremtid? Hva kjennetegner god anmelderkunst? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

Fest i klangfargerike med forstyrrande ubehag og lågfrekvent stille
Ballade jazz: Superspreder har naila det på si andre plate, Geir Sundstøl feirer ti år som soloartist, vi får klangleg skulptur frå Sofa, og orkestrert stille frå Bristol.