Tid for endring?

ORKESTERKONFERANSE: Det har skjedd ei haldningsendring i norske orkester, meiner avtroppande direktør i Kristiansand Symfoniorkester, Håkon Berge.

Kalender

Operapub på Røverstaden

27/10/2021 Kl. 19:00

Oslo

Ensemble Allegria og Oslo Kammerakademi

30/10/2021 Kl. 14.00

Oslo

Lørdagsopera 30. oktober

30/10/2021 Kl. 15:30

Oslo

London Symphony Orchestra (LSO) er det store førebiletet. I ei årrekkje har dei laga tilbod til breie grupper i samfunnet: eit stort tal skuleelevar, minoritetar, familiar og vaksne amatørar. Dei har presentert kursprogram for unge spelande talent, og for dei som vil ha musikk som fritidssyssel. Dei oppsøkjer grupper som ikkje lett kjem seg til konsertsalen, og har omfattande program for å spela på sjukehus —for å nemna noko.

Direktør i LSO, Kathryn McDowell, besøkte Festspillene i Bergen og konferansen «Morgendagens orkestermusiker», og fortalte at 90 % av orkestermusikarane i LSO gjerne deltek i deira ulike oatreach-prosjekt,

Med frå orkesteret var også fiolinist Laurent Quenelle, som understreka at det å arbeida breitt gjer han til ein rikare musikar. I tillegg hevda han at ei viktig årsak til at LSO-prosjekta fungerer, er at musikarane er involverte i det å ta avgjerder.

— I LSO legg musikarane aldri skulda på dirigenten om me gjer ein dårleg konsert. Me legg skulda på oss sjølve, for orkesteret er vårt ansvar. Det er ein svært annleis tenkjemåte enn slik eg kjenner orkesterverda frå Frankrike, der eg kjem frå. I LSO finst ein fleksibilitet og ein ide om at orkesteret tilhøyrer oss. Det er fint for ein musikar, sa han.

For norske musikarar er det lett å innvenda at ein utøvar i kontraktorkester (der ein ikkje er fast tilsett arbeidstakar) gjerne går med på alle prosjekt som aukar inntekta, og ikkje minst spelar inn på om du får kontrakt på nytt.

Samstundes var utsegna framført med overtyding. Inspirasjonen frå tiltaka i det engelske orkesteret har dei siste åra smitta over på norske orkesterleiarar, som saman med musikarar og konservatorietilsette var samla for å diskutera vegen vidare for norske orkester.

Sjå på sosiale kvalitetar
Håkon Berge fortalte om Kristiansand Symfoniorkester si utviding frå 48 musikarar i 2009 til kring 70 utøvarar i dag. Det har vore ein fortløpande diskusjon om utvidinga skjer på rette måten, fortalte han.

Håkon Berge

— Prøvespel handlar som regel om at musikaren spelar bak skjerm, somme gonger framfor skjermen i andre runden, før vedkomande har ein prøveperiode i orkesteret. Eg trur me òg må snakka med utøvarane, diskutera og bli kjent med dei som menneske. I framtida må ein sjå meir på sosiale kvalitetar, sa han.

Berge meiner det har skjedd ei haldningsendring i orkestra. Der ein før gjorde prosjekt for barn og unge fordi Kulturdepartementet hadde krav om det, har ein i dag ein faktisk motivasjon for å gjera noko for gruppa.

— Ein forstår at det viktig å nå unge, ikkje berre fordi dei er morgondagens publikum: Me er opptekne av at dei skal få ei kunstnarleg erfaring no.

Kva forventar så den avtroppande orkesterleiaen av orkestra i eit samfunn i endring?

— Eg har nokre ynskje, sa Berge.

— Først at musikarane i større grad vert del av det kreative senteret. Ein av dei mest problematiske sidene i eit orkester er nettopp at musikarane ikkje har større påverknad. Ein må leggja inn meir ressursar i det å få dei til å vera med å tenkja.

— Så har eg ei bøn: Kan me snart ta diskusjonen om tid? I 150 år har orkestra følgt same malen for konsertar, men om du ser ut av konsertsalen har samfunnet endra eg. Kva gjer me med folk si oppleving av tid? Me må finna løysingar som gjer at orkestret kan spela når folk ynskjer det, ikkje berre i arbeidstimane og på den måten som er avtalt i regelverket. Til sist må me tenkja på kommunikasjonen. Kvifor snakkar me ikkje med publikum? Kvifor øver ein ikkje alltid med opne dører?

Tar ansvar allereie
Konferansen viste fleire gode døme på norsk orkesterarbeid som er utetteretta, mellom anna BFO sitt prosjekt «[link id=68343 title=»Musikk for minnet»]».

Men konferansen diskuterte òg kor stor endring som faktisk er ynskjeleg — og dessutan om orkesteret er nøydd til å endra seg i det heile.

Rektor ved det kongelege musikkonservatorium i København, Bertel Krarup, meiner orkesterleiarane ikkje skal vera redd for å anerkjenna kvaliteten i uttrykket og tradisjonen.

— Konferansen er prega av ein pessimisme eg ikkje deler. Eg meiner at den klassiske musikken er noko av det mest levande du kan halda på med, og at ein kan tora å stola på det, sa han.

Kristiansand Symfoniorkester under Festspillene i Bergen, Foto: Thor Brødreskift

Tuomas Kinberg frå Lathi symfoniorkester var dels samd i dette.

— I 1985 var eg på ein konferanse i Stockholm, som undrast om det ville finnast orkester i år 2000. Det var ein pessimistisk konferanse, som trudde alt ville falla frå kvarandre om ikkje musikarrolla endra seg. Sidan er det bygd eit nummer orkestersalar — i Norden og ikkje minst i Asia. I mindre byar har orkestra allereie ein viktig funksjon. Dei tek seg av den profesjonelle musiseringa i byen i langt større grad enn ein veit om: Orkesteret forsyner kulturskular og konservatorium med lærarar mellom anna. Eg trur orkestra allereie tek eit større ansvar enn me kanskje anerkjenner.

Også Aline Nistad i Oslo-Filhamonien åtvara mot å leggja for mange typar ansvar på orkestermusikarane.

— Eg er dratt mellom fascinasjonen over kva ein får til i England og at eg er redd for kva som er forventa av ein musikar. Det er ein stor jobb for studentar å gjera alt arbeidet som må til for å få ein jobb i orkester. Eg ser ikkje at ein har tid til så mykje anna, heller ikkje som tilsett i orkesteret. Ein orkestermusikar må arbeida hardt heile karrieren for å halda på nivået. Eg meiner det er for lite vekt på ansvaret me har for å ta vare på den klassiske musikkarven. Me tar vare på litteraturen til Hamsun og Dante og me tek vare på kunsten til Edvard Munch. Den same førestillinga bør me ha om det å ta vare på den klassiske symfoniske musikken.

Ulike roller?
Det var lagt opp til at også musikarane sjølve diskuterte, mellom anna i eit topersons panel, med Catherine Bullock (CB) frå Oslo-Filharmonien og Torbjørn Eide (TE) frå Bergen Filharmoniske Orkester.

— Den største utfordringa ved denne typen arbeid er at me har lite trening i det. Då eg vart utdanna hadde me ikkje ein gong trening i det å bli orkestermusikar — me hadde til dømes ingen prøvespelstrening. Før konferansen tenkte eg at det er ulike roller: orkestermusikarane er ekspertar på å gjera orkestermusikk, medan andre utøvarar kan vera dei som gjer pedagogiske eller musikkterapeutiske prosjekt. Etter å ha lytta til føredrag i dag, har eg større tru på at orkestermusikarane kan gjera prosjekt som både kan vera til fordel for oss som musikarar og som har betydning for samfunnet. Men det gjev ikkje meining om me går andre musikargrupper i næringa, sa Torbjørn Eide.

— Me snakkar lite om det i orkesteret, men eg meiner at endringar burde koma innanfrå. Orkestermusikarar burde brenna for dette og ha idear om korleis me betre kan nå ut til publikum. Me veit i grunnen ikkje mykje om korleis me når ut, attendemeldingane kjem gjennom eit slags filter med anmeldarane og dei få som tør å snakka med oss, Eg meiner me burde få tak i fleire, høyra kva dei tenkjer og finna ut kva me kan gjera for dei. Kanskje burde ein gjera det mogleg å la alle som er på konserten kritisera den? I alle tilfelle tykkjer eg ikkje me skal haldast utanfor det utadretta arbeidet berre fordi me er orkestermusikarar, sa Catherine Bullock.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev