Hopp til innhald
Festa Napoli

Lysår frå Saga Solreiser

«Festa Napoletana»‘ var eit anna innblikk i Middelhavskulturen. Lysår frå katalogspråket til Saga Solreiser. Festspillforestillinga i går kveld var ei fargerik, lystig, lærerik og sanseleg opptreden. På ein saftig dialekt.

Lett som fløyel: «La Cappella della Pieta de’Turchini» gav oss ei flott forestilling. Orkesteret med originalinstrument fulgte solistane med spel lett som fløyel. Fleire i salen meinte orkesteret mangla ei tydeleg bassgruppe. Tvert imot! ‘Mykje bass’ er i dag blitt ein farsott. Dette ensemblet flørtar ikkje med teknokulturen. Sjeldan høyrer ein så godt teorbespel. Solistane song med tydeleg tekstuttale + mimikk. Mimikk er eit kjennemerke på italienske scenekunstnarar. Kostyma skal dei også ha skryt for: med sterke fargar og flotte stoff.

Tradisjonelt drag-teater
Andre del var utdrag frå operaen «Li Zite n’Galera». Operakomedie med alle ingrediensar. Uvant var det at kvinnene blei spelt av menn og omvendt. Drag-teater har lange røter i middelhavsområdet og austlege kulturar.

Me mangla omsetjingar av tekstane. I Noreg snakkar ein norsk. Napoletansk er det endå færre som snakkar. Så sær er denne dialekten at folk i Nord-Italia har problem med å forstå. Slik som den italienske dama etter forestillinga i går.

— Napolitansk er som eit anna språk. Heilt uforståeleg.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Coleman maleri

Visuelt audiovirus: Motorpsychos festspilldebut

Motorpsycho sin Festspilldebut var utakknemleg og sterk. Stor innleving, nøyaktighet og raffinert instrumentbruk. Motorpsycho gav alt til dei skremmande Coleman-måleria...

Pep Bou

Romvesen og larvar

Såpeboblemeisteren Pep Bou bør bli æresborgar av Bergen. Med fukt, såpe, blåserøyr og vatn forvandla spanjolen Bergensvèret. Til ein metafor....

Nattjazz med skravlemur

Festspillgeneral Jonsdottir kommenterte harking og hosting igår. Nattjazzen har hatt eit anna og tilsvarande problem: høglytt skravling. – Nokre av...

Arne Nordheim

Bajazz, Factory & slaktardisk

Ballade bringar vidare nye festpill-innstrykk. Norsk Komponistforening markerte sine i Bergen fredag. I Kjøttbasaren ved Fisketorget. Heldigvis nådde ingen av...

Arne Nordheim

Venezia-barokk & geriatri

To Festspilldagar er historie. Opningsdagen under Festspillene blei prega av skipsfløyter, kongepar og geriatri. Andre dag av storarta veneziansk barokk...

Nils Økland

Gråvèret er attende

Idag firast dei fargerike Festspillflagga ned. Gråveret er attende i Bergen. Jonsdottir og Festspillleiinga fortener mange pust i bakken. Med...

Flere saker

Thorbjørn Tønder Hansen i midten styreleder Yngve Slettholm til høyre

Ultima-direktør Thorbjørn Tønder Hansen slutter

Direktør og kunstnerisk leder Tønder Hansen slutter i Ultima for å gå over i stilling som sjef i Fondet for...

Ellen Brekken Ellaprisen

Ella-prisen til Ellen Brekken

Den allsidige bassisten ble tildelt Oslo Jazzfestivals hederspris torsdag kveld.

Dutty Dior på scenen foran publikum på Sentrum Scene i 2020.

Prisene stiger, men konsertsteder kvier seg for å sende regninga til publikum

Konserthøsten produseres med samme prisstigning som på korn, strøm og lønninger ellers i samfunnet. Noen spillesteder synes det er vanskelig...