Hopp til innhald

Venezia-barokk & geriatri

To Festspilldagar er historie. Opningsdagen under Festspillene blei prega av skipsfløyter, kongepar og geriatri. Andre dag av storarta veneziansk barokk og Nordheim-jubel, melder Nicholas H. Møllerhaug, som er Ballades spesialutsending under Nattjazz og Festpillene i Bergen.

Raffinert da capo

Songglede smittar – ingen tvil om det. Ein raffinert utgåve av Da Capo-programmet med Lønn-Arnesen og Hals er blitt samtale-emne over heile byen. Massachussets-koret Young@Heart song av hjartelyst i Bergen Internasjonale Teater. Høgdepunktet var divaen i koret på 82. Med svake armar og kropp flørta ho sensuelt med publikum.

— Her burde sosialminsteren ha vore, meinte Jens Olavsen på forestilling med kona si, Grethe. – Fleire eldre bør få med seg dette. Ei enorm vitamininnsprøyting.

Ein annan syntes forestillinga likna eit sirkus-show:Den unge dirigenten likna meir ein sirkusdirektør enn noko anna. Eit utval eldre istaden for løvar og elefantar. Sjarmert var også denne kritiske stemma: – Slikt gjev håp for alderdomen!

Alderdom er felleseige
Eit veldig fiffig publikum inntok teatergarasjen fyrste kvelden. Sponsorkongane kom som om dei var konge og dronning – fint dressa og pynta. Den litt arrogante premierehaldninga svann straks forestillinga starta. Grunn: Alderdom er felleseige – perleantal speler inga rolle.

— Eg vart litt engsteleg då eg såg alle slipsa blant publikummet. Slikt publikum er me ikkje van med, sa dirigent Bob Cilman til Ballade.no.

Byrommet blir prega av Festspillene. Mykje skjer i gatene – på dei ulike opne plassane i bybiletet. To festivalar til går av stabelen samstundes med Festspillene: Music Factory og Nattjazzen. Music Factory har allereie vart ei veke – med eit breiddt og variert program. Den italienske komponisten Luca Francesconi var festivalkomponist. Trass vond økonomi har Festivalsjef James Clapperton og produsent Berge Osnes løfta festivalen opp på eit høgt kunstnarleg nivå også i år.

Nordheim-jubel
Nattjazzen er eit nattilbod. Og opna nokre timar etter Festspillene – med eit heidundrande verk for båtlurar. Nokre av dei usynlege instrumenta som finns ikring oss vart brukt. Ole Hamre hadde komponert. Skipsfløyter bør bli brukt oftare.

Forventingane vart på topp etter Festspilldag 1. Logen-konserten med cellisten Truls Mørk og pianisten Kathryn Stott var eit innhaldsmetta register av stemningar. Suverent samspel. Miaskovskij, Prokofiev, Nordheim og Brahms vart spelt. Utvalde satsar frå Arne Nordheim sin cellosuite var ei stor oppleving. Flageolettane, pizzicatiane, non-lineariteten og det poetiske forløpet – vassmerket til Nordheim – gjorde oss meir enn nøgde. Ein flott start på Bergensmarkeringa av Nordheim sin runde 70-dag.

Monteverdi og Luca
Domkirken var åstad for gjensynet med det makalause Gabrieli Consort. Kyrkjemusikk av Monteverdi og samtidige venezianarar i ei stappfull Domkirke. Gabrieli Consort er eit stort ensemble som tel over tredve utøvarar. Leia av barokknestoren Paul McCreesh. Konserten var både eit innblikk i ein liturgisk tradisjon (konserten fulgte messeledda) – og i Monteverdi-forskinga. Gårsdagens program er basert på arbeidet til den framståande musikologen James Moore.

Ledige stillinger

Den nolevande italienske kollegaen av Monteverdi, Luca Francesconi reiste frå Bergen igår. Visitten hans utgjorde eit vellukka komposisjonsseminar under Music Factory. Studentane var veldig nøgde med den utadvente italienaren. – Ei oppmuntring, sa Francesconi sjølv om opphaldet sitt. – Idag er det attende til Berlusconi-helvetet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Theatre de la Mezzanine

Festspillene åpner i dag

De 49. Festspillene i Bergen starter i dag. Den visuelle og musikalske spennvidden favner fra Claudia Schiffer til Haugtussa, fra...

Ron Olsen

Nattjazzen denne helgen

Nattjazz i Bergen lever sitt eget frodige liv parallelt med Festspillene. Denne helgen kan du bl.a. få møte Brazz Bros...

Bergjlot Jonsdottir

– Hosting ødelegger Festspillene

– Folk som er forkjølet eller plaget av høysnue og liknende, bør vite at de ikke har noe i en...

Arne Nordheim

Bajazz, Factory & slaktardisk

Ballade bringar vidare nye festpill-innstrykk. Norsk Komponistforening markerte sine i Bergen fredag. I Kjøttbasaren ved Fisketorget. Heldigvis nådde ingen av...

Nattjazz med skravlemur

Festspillgeneral Jonsdottir kommenterte harking og hosting igår. Nattjazzen har hatt eit anna og tilsvarande problem: høglytt skravling. – Nokre av...

Coleman maleri

Visuelt audiovirus: Motorpsychos festspilldebut

Motorpsycho sin Festspilldebut var utakknemleg og sterk. Stor innleving, nøyaktighet og raffinert instrumentbruk. Motorpsycho gav alt til dei skremmande Coleman-måleria...

Flere saker

Erlend Ropstad – still fra musikkvideoen til Filmen om oss

Ballade video: Filmen om oss

Med Erlend Ropstad, Peder Elias, Håkon Brunborg, Arsenalet og Damokles. Og dobbel dose The Gratitudes med Ingvild Hammer i spissen.

Bandet Arabas

Woke-kultur og aktivisme, kulturappropriasjon og kulturutveksling: Hvor står vi i dag?

Journalist og student Magnus Vold Rygge ved NTNU i Trondheim har satt en fot i bakken blant medstudenter og musikere,...

Susanna Anne Valeur

Én lyd, mange hatter

Som musiker er ikke Susanna særlig glad i musikalske båser, men som sin egen platesjef ser hun nødvendigheten. – Uansett...